Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Stipendiat (3) år ved Centre for Cancer Biomarkers (CCBIO)

Søknadsfrist: 16.12.2019

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Stipendiat (3 år) ved Centre for Cancer Biomarkers (CCBIO)

Ved senter for framifrå forsking (SFF) Centre for Cancer Biomarkers CCBIO, ved Klinisk institutt 2, Universitetet i Bergen, er det ledig ei mellombels stilling som stipendiat (100 %) for ein periode på tre (3) år. Stillinga er knytt til prosjektet «Detecting drivers of metastasis in endometrial carcinoma» (CCBIO Program 2), og er finansiert av Universitetet i Bergen. Arbeidsstad vil vere ved Bergen Forskingsgruppe for Gynekologisk kreft, med arbeidsstad Kvinneklinikken i Bergen.

Om prosjektet

I prosjektet har vi som målsetting å identifisere genetiske årsakar til at nokre kreftsvulstar spreiar seg og dannar spreiings-svulstar. Prosjektet vil studere morfologien i ulike svulstar ved bruk av multiplex immunhistokjemi. Avanserte vevsanalysar der morfologiske parameter vert integrert med stor-skala genetiske data er ein sentral tilnærmingsmåte.

Om CCBIOCCBIO leiast av professor Lars A. Akslen og arbeider med biomarkørar for å oppnå ei betre forståing av kreftsvulstar og meir presis kreftbehandling. Forskarane har eit særleg fokus på mekanismar og markørar knytt til korleis svulstar veks og samhandlinga mellom svulstceller og mikromiljøet, og korleis dette påverkar kreftspreiing og dårlig prognose. Forskingsaktiviteten er organisert i fire program: basale studie og dyre-modellar (Program 1), kartlegging og validering av nye biomarkørar (Program 2), kliniske studiar (Program 3) og studiar av etiske-, økonomiske- og prioriteringsmessige problemstillingar (Program 4). CCBIO har ein sterk internasjonal profil og samarbeidspartnarar på verdsbasis. Meir om CCBIO.

Arbeidsoppgåver:

  • Kandidaten vil nytte multiplex immun-histokjemi (Hyperion Imaging System) for å undersøke ulike protein i vevspreparat frå pasientar med livmorkreft.
  • Utvikling og validering av antistoff-panel vil vere ei viktig oppgåve.
  • Integrerte analysar av data frå multiplex immunhistokjemi med tilgjengelege data frå tidlegare sekvenserings studiar (DNA og RNA) vil vere ein del av arbeidsoppgåvene.
  • Validering av kandidatmarkørar ved immunhistokjemi i større pasientseriar vil vere viktig.
  • Eit forskingsopphald i Boston, USA kan verte aktuelt.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • søkjar må ha fullført mastergrad eller tilsvarande i medisin eller relevant biomedisinsk fagområde
  • erfaring med histopatologiske metodar, som morfologisk evaluering og immunhistokjemi er sterkt ønskjeleg
  • erfaring med bioinformatikk knytt til stor-skala mRNA, DNA og/eller proteomikk er ønskjeleg
  • erfaring frå liknande prosjekt er ein føremon
  • kandidaten må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert, ha gode samarbeidsevner og vera særs motivert til å gjennomføre eit doktorgradsprosjekt
  • god skriftleg og munnleg engelsk er eit krav

Søkarar med utanlandsk utdanning må legge ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka. Søkjar må i tillegg legge ved NOKUT si generelle vurdering om utdanninga (bachelor og master) samsvarar med norsk mastergrad. Sjå www.nokut.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. Me gjer merksam på at søknad om vurdering frå NOKUT kan ta tid og søknaden bør sendast så tidleg som mogleg når du veit du vil søkje stipendiat stillinga. Dersom du ikkje har fått svar innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå NOKUT om at dei har mottatt søknaden din.

Sjå også krav om dokumentasjon av engelsk-kunnskapar:

http://www.uib.no/med/115525/krav-til-engelskkunnskaper-ved-opptak-til-phd-programmet

For stillinga gjeldt følgande:

Forskarutdanning:

Stilling som stipendiat har fullført forskarutdanning fram til doktorgrad som mål. Stipendiaten skal gå inn i eit godkjend opplegg for ein doktorgrad innafor ei tidsramme på 3 år, utan andre pålagte arbeidsoppgåver ved instituttet. Endeleg plan for gjennomføring av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan tre månader etter start i stillinga. Opptak i fakultetet sitt ph.d.-program er ein føresetnad for tilsetjing i stillinga.

Stipendiatstilling:

Stipendiatstillinga er ei åremålsstilling. Ingen kan vere tilsett som stipendiat i meir enn ein åremålsperiode ved same institusjon. Du kan heller ikkje tilsetjast i stipendiatstilling dersom du tidlegare har hatt slik tilsetjing ved ein annan institusjon i regionen. Undervisningsspråket er til vanleg norsk.

Vi tilbyr:

  • spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • løn etter lønssteg 54 (kode 1017/lønnsramme 20.10) for tida kr. 479 600 i lønsregulativet til staten. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For søkjarar med minst eitt års tilsetjing i lege- eller tannlegestilling lønssteg 56, for søkjarar med spesialistutdanning lønssteg 59
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjon for å søkje stillinga
  • karakterutskrifter og vitnemål (all høgare utdanning) og relevante attestar
  • søkarar med utanlandsk utdanning (både bachelor og/eller master) må legge ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka. Søkjar må i tillegg legge ved NOKUT si generelle vurdering om utdanninga (bachelor og master) samsvarar med norsk mastergrad. Sjå www.nokut.no for meir informasjon om generell vurdering av høgare utdanning. Har du ikkje fått svar innan søknadsfristen, kan du leggje ved dokumentasjon frå NOKUT om at dei har mottatt søknaden din
  • dokumentasjon på engelsk-kunnskapar http://www.uib.no/med/115525/krav-til-engelskkunnskaper-ved-opptak-til-phd-programmet
  • ei fullstendig liste over publikasjonar og eventuelle andre faglege arbeid du vil det skal takast omsyn til
  • eventuelle publikasjonar (pdf)
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS