Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Stipendiat (3 år) ved Centre for Cancer Biomarkers (CCBIO)

Søknadsfrist: 10.11.2019

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Stipendiat (3 år) ved Centre for Cancer Biomarkers (CCBIO)

Ved senter for framifrå forsking (SFF) Centre for Cancer Biomarkers (CCBIO), ved Klinisk institutt 2, Universitetet i Bergen er det ledig ei mellombels stilling som stipendiat (100 %) for ein periode på tre (3) år. Stillinga er finansiert av Universitetet i Bergen.

Prosjektet:

Stillinga er del av prosjektet “Rethinking Ovarian Cancer: Development of New Preclinical Tools and Design of Innovative Multimodal Treatment Strategies”.

Stipendiaten vert tilsett ved Klinisk institutt 2 i forskingsgruppa INOvA (https://inova.w.uib.no). Forskingsgruppa har eit nært samarbeid med Kvinneklinikken, Haukeland universitetssjukehus. Stipendiaten inngår i eit tverrfagleg forskingsmiljø under rettleiing av professor Line Bjørge og professor Emmet Mc Cormack.

Om CCBIO

CCBIO, leia av professor Lars A. Akslen, arbeider med biomarkørar for å oppnå ei betre forståing av kreftsvulstar og meir presis krefthandsaming. Forskarane har eit særleg fokus på mekanismar og markørar knytt til korleis svulstar veks, og på samhandlinga mellom svulstceller og mikromiljøet og korleis dette påverkar kreftspreiing og dårlig prognose. Forskingsaktiviteten er organisert i fire program: basale studie og dyre-modellar (Program 1), kartlegging og validering av nye biomarkørar (Program 2), kliniske studiar (Program 3) og studiar av etiske-, økonomiske- og prioriteringsmessige problemstillingar (Program 4). CCBIO har ein sterk internasjonal profil og samarbeidspartnarar på verdsbasis. Meir om CCBIO.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

  • Den kliniske behandlingseffekten av immunterapi med sjekk-punkt-hemmere har vore beskjeden når pasientar med eggstokkreft vert behandla med monoterapi. For betre å kunne nytte immunterapi også hjå denne pasientgruppa er det viktig å undersøke nærare effekten av kombinasjonsbehandlingar.
  • Formålet med doktorgradsprosjektet med tittelen ”Combined CD73 and PD-L1 Blockade Immunotherapy in Ovarian Carcinoma”" er å beskrive verdien av å kombinere bruk av fleire immunologiske sjekk-punkt-hemmarar samstundes hjå pasientar med eggstokkreft. Vi vil identifisere biomarkørar som er knytt til kliniske utfallsparametre og karakterisere den biologiske aktiviteten nærare.
  • Biologisk materiale frå kliniske behandlingsstudiar og dyremodellar vil bli undersøkt. Stipendiaten vil bruke ein kombinasjon av ulike teknikkar som massecytometri, ELISA, genetiske analysar, samt arbeide med prekliniske dyremodellar.
  • Kandidaten må delta aktivt i utvikling og gjennomføring av prosjektet, presentere resultat og bearbeide data for publikasjon, samt arbeid saman med andre medlemmar av forskingsgruppa.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjar må ha fullført mastergrad eller tilsvarande i medisin, immunologi, genetiikk og/eller molekylær biologi.
  • Erfaring frå relevante forskingsprosjekt vil bli vurdert som positivt.
  • Kandidatar som kan demonstrere kompetanse innan molekylær -og cellebiologi, preklinisk arbeid, immunologi, flow cytometry og massecytometri vil bli føretrekt. Erfaring med bioinformatiske analysar vil vere ein føremon.
  • Kandidaten må kunne arbeide sjølvstendig og på ein strukturert måte og ha evne til å samarbeide med andre.
  • Søkjar må ikkje vere allergisk eller redd for dyr, då arbeidet med dyremodellar representerer ein viktig del av prosjektet.
  • Søkjar må nytte både munnleg og skriftleg engelsk.

Søkarar med utanlandsk utdanning må legge ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka. Søkjar må i tillegg legge ved NOKUT si generelle vurdering om utdanninga samsvarar med norsk mastergrad. Sjå www.nokut.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. Me gjer merksam på at søknad om vurdering frå NOKUT kan ta tid og søknaden bør sendast så tidleg som mogleg når du veit du vil søkje stipendiat stillinga. Dersom du ikkje har fått svar innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå NOKUT om at dei har mottatt søknaden din.

Sjå også krav om dokumentasjon av engelsk-kunnskapar:

http://www.uib.no/med/115525/krav-til-engelskkunnskaper-ved-opptak-til-phd-programmet

For stillinga gjeldt følgande:

Forskarutdanning:

Stilling som stipendiat har fullført forskarutdanning fram til doktorgrad som mål. Stipendiaten skal gå inn i eit godkjend opplegg for ein doktorgrad innafor ei tidsramme på

3 år, utan andre pålagte arbeidsoppgåver ved instituttet. Endeleg plan for gjennomføring av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan tre månader etter start i stillinga. Opptak i fakultetet sitt ph.d.-program er ein føresetnad for tilsetjing i stillinga.

Stipendiatstilling:

Stipendiatstillinga er ei åremålsstilling. Ingen kan vere tilsett som stipendiat i meir enn ein åremålsperiode ved same institusjon. Du kan heller ikkje tilsetjast i stipendiatstilling dersom du tidlegare har hatt slik tilsetjing ved ein annan institusjon i regionen. Undervisningsspråket er til vanleg norsk.

Vi tilbyr:

  • spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
  • løn etter lønssteg 54 (kode 1017/lønnsramme 20.10) for tida kr. 479 600 i lønsregulativet til staten. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For søkjarar med minst eitt års tilsetjing i lege- eller tannlegestilling lønssteg 56, for søkjarar med spesialistutdanning lønssteg 59
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjon for å søkje stillinga
  • karakterutskrifter og vitnemål (all høgare utdanning) og relevante attestar
  • søkarar med utanlandsk utdanning må legge ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka. Søkjar må i tillegg legge ved NOKUT si generelle vurdering om utdanninga samsvarar med norsk mastergrad. Sjå www.nokut.no for meir informasjon om generell vurdering av høgare utdanning. Har du ikkje fått svar innan søknadsfristen, kan du leggje ved dokumentasjon frå NOKUT om at dei har mottatt søknaden din
  • dokumentasjon på engelsk-kunnskapar http://www.uib.no/med/115525/krav-til-engelskkunnskaper-ved-opptak-til-phd-programmet
  • ei fullstendig liste over publikasjonar og eventuelle andre faglege arbeid du vil det skal takast omsyn til
  • eventuelle publikasjonar (pdf)
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Professor Line Bjørge, e-post: line.bjorge@uib.no, tlf.: +47 48152145

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS