Ledig stilling ved Universitetet i Bergen
Stipendiat (3 år) - Klinisk institutt 1
Søknadsfrist: 10.11.2019
UiB - Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Stipendiat

Ved Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 1, er det ledig ei mellombels stilling som stipendiat (100 %) for ein periode på tre (3) år. Stillinga er knytt til prosjektet ”Identifisering og karakterisering av genvariantar hos pasientar med arvelege netthinnesjukdomar”, finansiert av Retinitis Pigemntosa Foreningen.
Om prosjektet/arbeidsoppgåver:
Forskingsgruppa til stipendiaten arbeider med utgreiing av arvelege augesjukdomar. Målsettinga med arbeidet er å finne genvariantar som er årsak til sjukdomen og undersøkje korleis variantane gjev opphav til sjukdom både på cellulært og molekylært nivå.I dette prosjektet vil stipendiaten arbeide med arvelege netthinnesjukdomar. Kunnskap om arvelege netthinnesjukdomar er aukande, og genterapi er nyleg tatt i bruk. Det er derfor særs viktig å kjenne kva genvariant som gjev sjukdom hos den einskilde pasient. Kvart år får om lag 50 nye pasientar diagnosen arveleg netthinnesjukdom ved Augeavdelinga, Haukeland Universitetssjukehus. Nesten alle får genetisk utgreiing med diagnostisk exomsekvensering der ein nyttar eit panel av gener som er assosiert med netthinnesjukdom.Stipendiaten vil delta i ei evaluering av alle pasientar med arveleg netthinnesjukdom som har vore utgreia med diagnostisk exomsekvensering ved Haukeland Universitetssjukehus. Pasientar der ein ikkje har funne nokon sjukdomsassosiert variant med exomsekvensering vil bli undersøkt vidare med meir avanserte metodar som utvida exomsekvensering, heilgenomsekvensering og RNA sekvensering saman med ulike bioinformatiske analysar.Ein betydeleg del av prosjektet vil vere å funksjonelt karakterisera utvalde variantar i pasientceller og i ulike ekspresjonssystem ved standard molekylærbiologiske metodar.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
- søkjar må ha fullført mastergrad eller tilsvarande i molekylærbiologi
- i tilsetjinga vil det bli lagt avgjerande vekt på fagleg styrke, eventuell forskingskompetanse og erfaring frå liknande prosjekt, gode samarbeidsevner samt evne og motivasjon til å gjennomføre eit doktorgradsprosjekt
- god skriftleg og munnleg engelsk er eit krav
Søkarar med utanlandsk utdanning må legge ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka. Søkjar må i tillegg legge ved NOKUT si generelle vurdering om utdanninga samsvarar med norsk mastergrad. Sjå www.nokut.no for meir informasjon om generell vurdering av høgare utdanning. Me gjer merksam på at søknad om vurdering frå NOKUT kan ta tid og søknaden bør sendast så tidleg som mogleg når du veit du vil søkje stillinga. Dersom du ikkje har fått svar innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå NOKUT om at dei har mottatt søknaden din.Sjå krav om engelsk-kunnskapar:
http://www.uib.no/med/115525/krav-til-engelskkunnskaper-ved-opptak-til-phd-programmet
For stillinga gjeldt følgande:
Forskarutdanning:Stilling som stipendiat har fullført forskarutdanning fram til doktorgrad som mål. Stipendiaten skal gå inn i eit godkjend opplegg for ein doktorgrad innafor ei tidsramme på 3 år, utan andre pålagte arbeidsoppgåver ved instituttet. Endeleg plan for gjennomføring av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan tre månader etter start i stillinga. Opptak i fakultetet sitt ph.d.-program er ein føresetnad for tilsetjing i stillinga.
Stipendiatstilling:Stipendiatstillinga er ei åremålsstilling. Ingen kan vere tilsett som stipendiat i meir enn ein åremålsperiode ved same institusjon. Du kan heller ikkje tilsetjast i stipendiatstilling dersom du tidlegare har hatt slik tilsetjing ved ein annan institusjon i regionen. Undervisningsspråket er til vanleg norsk.
Vi tilbyr:
- Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
- løn etter lønssteg 54 (kode 1017/lønnsramme 20.10) for tida kr. 479 600 i lønsregulativet til staten. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For søkjarar med minst eitt års tilsetjing i lege- eller tannlegestilling lønssteg 56, for
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse
- Gode velferdsordningar
Søknaden skal innehalde:
- karakterutskrifter og vitnemål (all høgare utdanning) og relevante attestar
- søkarar med utanlandsk utdanning må legge ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka. Søkjar må i tillegg legge ved NOKUT si generelle vurdering om utdanninga samsvarar med norsk mastergrad. Sjå www.nokut.no for meir informasjon om generell vurdering av høgare utdanning. Har du ikkje fått svar innan søknadsfristen, kan du leggje ved dokumentasjon frå NOKUT om at dei har mottatt søknaden din
- dokumentasjon på engelsk-kunnskapar http://www.uib.no/med/115525/krav-til-engelskkunnskaper-ved-opptak-til-phd-programmet
- ei fullstendig liste over publikasjonar og eventuelle andre faglege arbeid du vil det skal takast omsyn til
- eventuelle publikasjonar (pdf)
- to referansar (namn og kontaktinformasjon)
Generell informasjon:
Nærare opplysingar om stillinga kan ein få ved å kontakte:
- Forskar Ove Bruland, e-post ove.bruland@helse-bergen.no, tlf.: 55975324 eller 99390707, eller
- Professor Eyvind Rødahl, e-post: Eyvind.Rodahl@uib.no, tlf.: 55974110 eller 92220572
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Nærare om tilsettingsprosessen her.