Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

8 stipendiatstillingar ved Det juridiske fakultet

Søknadsfrist: 30.06.2019

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiatstillingar ved Det juridiske fakultet

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det juridiske fakultet - Les meir om fakultet her.

Ved Det juridiske fakultet er det åtte (8) ledige stipendiatstillingar.

Normal åremålsperiode for stillinga er fire år med 25 prosent pliktarbeid. Åremålsperiode med pliktarbeid blir vurdert særskilt etter søkjaren sine kvalifikasjonar.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Du må ha mastergrad i rettsvitskap eller tilsvarande juridisk utdanning. Det er ein føresetnad at du har levert masteroppgåva innan søknadsfristen, og at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje
  • Du må gjennom karakternivå og/eller skriftlege arbeid ha vist eit høgt fagleg nivå, som kvalifiserer for rettsvitskapleg arbeid
  • Du må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert
  • Du må ha gode samarbeidsevner og evne til å bidra til utvikling av faget
  • Du må ta aktivt del i utviklinga av eit godt fagmiljø

Om stipendiatstillinga og forskarutdanninga

Om stipendiatstillinga:

Administrasjons- og undervisningsspråket på fakultetet sitt doktorgradsprogram er til vanleg norsk. Eventuell undervisning skal kunne gjennomførast innanfor dei obligatoriske emna i masterstudiet i rettsvitskap ved UiB.

Prosjektskildringa bør vere på ca. 10 sider, og ho skal innehalde ein plan for gjennomføringa av prosjektet og forskarutdanninga. Prosjektet skal være relevant for europiske rettsforhold, enten ved å ta opp nasjonale problemstillingar (inkludert norske) eller internasjonale spørsmål av betydning for fleire europeiske land. Prosjektskildringa skal følgje dei krava til innhald som står i rettleiinga for søkjarar til stipendiatstilling.

Om forskarutdanninga:

I tillegg til å fylle det generelle kravet for tilsetjing, må søkjarane fylle kravet for opptak på fakultetet sitt ph.d.-program.

Du må fylle ut skjema for opptak på ph.d.-programmet og leggje dette ved søknaden.

Vi kan tilby:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Løn etter lønssteg 53-58 (kode 1017/LR 20) ut frå relevant praksis. Dette ligg for tida i spennet mellom 464 800,- og 505 800,-. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Søknadsskjema for opptak på ph.d.-programmet
  • Prosjektskildring og gjennomføringsplan
  • CV
  • Kopiar av vitnemål og attestar
  • Vitskaplege arbeid og liste over desse (publikasjonsliste)
  • Søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved offisiell dokumentasjon som viser kva for karakterar på vitnemålet som er på eit høgt fagleg nivå, og kva for kriterium som ligg til grunn for ei slik vurdering
  • Søkjarar med utanlandsk utdanning må òg leggje ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet, karakterutskriftene og tilleggsdokumentasjonen ikkje er på eit av desse språka. Søkjar må i tillegg leggje ved NOKUT si generelle godkjenning av at utdanninga samsvarer med norsk mastergrad. Sjå www.nokut.no for meir informasjon om generell godkjenning av høgare utdanning.

Du må laste opp søknad og vedlegg i Jobbnorge via lenkje på denne sida merka «Søk stillingen».

Generell informasjon

Dei best kvalifiserte søkjarane vil bli kalla inn til intervju.

Utfyllande opplysningar om stillingane kan du få ved å vende deg til:

  • HR-rådgivar Anita H. Garden ved Det juridiske fakultet, tlf. 55 58 96 76, e-post: Anita.Garden@uib.no eller til
  • Prodekan for forsking Anne Marie Frøseth, tlf. 55 58 95 49, e-post: Anne.Froseth@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn og nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Den som blir tilsett, må rette seg etter dei retningslinjene som til ei kvar tid gjeld for stillinga. Vi viser elles til rettleiing for søkjarar til stipendiatstilling som du finn på denne nettsida:

http://www.uib.no/jur/24432/reglement-og-retningslinjer.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk stillingen

Powered by Labrador CMS