Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Stipendiat i medievitenskap

Søknadsfrist: 02.08.2019

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det samfunnsvitenskapelige fakultet består av sju institutt og tre senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Institutt for Informasjons- og medievitskap, Universitetet i Bergen, er det ledig ei treårig stilling som stipendiat i medievitskap. Stillinga er knytt til prosjektet Digitox: Intrusive media, ambivalent users and digital detox, finansiert av Norges forskningsråd.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Om prosjektet:

Digitox-prosjektet analyserer digital fråkopling og aktuelle spørsmål knytt til omfattande bruk av digitale medium i samfunnet. På få år har det skjedd store forandringar i korleis vi kommuniserer og opprettheld sosiale nettverk, og digitale medium presenterer oss for stadig nye dilemma om kva som er god mediebruk. Mens mange studiar fokuserer på dei positive sidene ved digitale medium, vektlegg Digitox-prosjektet ambivalens, motstand og forsøk på fråkopling. Prosjektet nyttar tverrfaglege innsikter frå medievitskap, spillstudiar og psykologi for å undersøkje digitale medium og deira rolle i folks liv.

Digitox-prosjektet er eit samarbeid mellom fleire forskingsinstitusjonar, med Trine Syvertsen ved UiO som prosjektleiar. Eit delprosjekt om mediebrukarar, som stipendiaten skal ta del i, vert leia av Brita Ytre-Arne ved UiB. Den som vert tilsett skal arbeide i Bergen og vil bli medlem av Forskingsgruppa for mediebruk og publikumsstudiar ved UiB, ei aktiv gruppe med stort internasjonalt kontaktnett, variert prosjektportefølje og eit stimulerande miljø for unge forskarar.

Arbeidsoppgåver:

Stipendiaten skal undersøkje mediebrukarar og deira erfaringar med digital fråkopling, med fokus på ambivalensar, strategiar, opplevingar, dilemma, normer or motstand knytt til digitale medium i kvardagen. Stipendiaten skal utforme eit sjølvstendig og kreativt forskingsprosjekt som er egna til å belyse brukarerfaringar empirisk, og bidra til teoriutvikling i Digitox-prosjektet. Aktuelle metodar kan til dømes vere kvalitative intervju, dagbøker, fokusgrupper, eksperiment, tracking og loggdata. Aktuelle tema eller casestudiar kan til dømes vere:

  • Individ, familiar, arbeidsplasser eller studentgrupper som tar del i digital detox
  • Erfaringar med påtrengjande digitale medium i ulike situasjonar
  • Ambivalens, medienostalgi, fråkopling og forsøk på tilbaketrekking
  • Dilemma knytt til skjermbruk i skulen, arbeidslivet eller familien
  • Organisering av detox-eksperiment
  • Ikkje-bruk av sosiale medium eller smarttelefon
  • Erfaringar med applikasjonar for sjølvhjelp og tidsstyring for digitale medium
  • Politisk motivert mediemotstand og aktivisme

Søkjarar vert oppmoda om å ta kontakt med Brita Ytre-Arne (Brita.Ytre-Arne@uib.no) for å få prosjektplanen for Digitox-prosjektet, og nytte denne i utforminga av skisse til doktorgradsprosjekt. Vurderinga av skissene vil leggje vekt på kreative og nyskapande perspektiv, og på teoretiske og empiriske ambisjonar. Omfang og utforming av dei ulike delane av arbeidet bør bli grunngjeve ut frå konkrete forskingsspørsmål. Etter tilsetjing vert skissa vidareutvikla saman med rettleiar og prosjektleiar.

Lenke til forskingsgruppa si nettside: https://www.uib.no/fg/mediebruk

Lenke til prosjektnettsida: https://www.hf.uio.no/imk/forskning/prosjekter/digital-frakobling/

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Mastergrad i medievitenskap, medier og kommunikasjon, digital kultur, psykologi, sosiologi, sosialantropologi eller tilsvarande. Søkjarar som har levert masteroppgåva ved søknadstidspunkt kan søkje. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Minstekravet for søkjarane skal normalt vere B, eller betre, både på masteroppgåva og for mastergraden som heilhet.
  • Erfaring frå vitskapeleg arbeid er ei føremon. Kandidaten må ha stor motivasjon for forsking, interesse for tematikken i prosjektet, og innsikt i relevante teoriar og metodar.
  • Kandidaten må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert, og må ha gode samarbeidsevner.
  • Gode kunnskapar i engelsk er ein føresetnad. Kunnskapar i norsk eller andre skandinaviske språk kan vere ei føremon.

Aktuelle kandidatar vil bli innkalla til intervju i august.

For stillinga gjeldt følgande:

Om forskarutdanninga: Som stipendiat skal du delta i forskarutdanninga ved UiB. Utdanninga har ein normert tidsramme på 3 år, og leiar fram til ein ph.d.-grad. For opptak må du ha fullført mastergrad. Omfanget av utdanningsbakgrunnen må minst svare til femårig, norsk masterutdanning, inklusive ein toårig mastergrad som omfattar ei masteroppgåve.

Om prosjektet: Kortfatta prosjektskildring (5-8 sider) skal ligge føre saman med søknaden. Prosjektskildringa skal gjere greie for tema, problemstillingar og val av teori og metode. Skildringa skal innehalde framdriftsplan for dei ulike delane av forskingsarbeidet. Ved tilsetjing vil prosjektskildringa vere grunnlaget for opptak til forskarutdanninga.

Vi tilbyr:

  • Løn etter lønssteg 51 (Lpl.17.515, st. kode 1017) ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr.449 400,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga
  • Godt fagleg og sosialt miljø med høg kvalitet på forsking og undervising
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjon for å søkje stillinga
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar. Ein av desse må vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • Prosjektskildring
  • CV
  • Karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad
  • Relevante attestar
  • Eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • Eventuelle publikasjonar
  • Dersom du har mastergrad frå utanlandsk lærestad, eller 2-årig disiplinbasert mastergrad (eller tilsvarande) innan eit anna fagområde enn du vil bli knytt til, kan du verte bedne om å sende inn ein oversikt over pensum til den mastergraden du har oppnådd

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastas opp i Jobbnorge via link på denne sida «Søk på jobben».

Rettleiing for søkjarane til stipendiatstilling kan ein finna på websida

http://www.uib.no/svf/forskning/forskerutdanning-ved-det-samfunnsvitenskapelige-fakultet/opptak-til-forskerutdanningen/stipendiatstillinger-ved-uib eller ved å vende seg til post@svfa.uib.no.

Søknaden må merkas: 19/6033

Søknadsfrist: 2. august 2019

Søknader utan prosjektskisse eller søknader som vert sendt på e-post vil ikkje verte vurderte. Berre vedlagte dokument vil bli lagt til grunn for sakkyndig vurdering.

Generell informasjon:

Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Praktiske spørsmål kring søknadsprosessen kan rettast til seniorkonsulent Bodil Hægland, e-post: bodil.hagland@uib.no eller tlf. 55 58 90 53.

Den som vert tilsett vil bli tatt opp i fakultetet si forskarutdanning. Nærare opplysningar om forskarutdanninga kan ein finna på http://link.uib.no/?TnwW. Eventuelle spørsmål om forskarutdanninga kan rettast til seniorkonsulent Hanne Gravermoen, e-mail: hanne.gravermoen@uib.no, telefon: +47 55 58 90 68.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn og nedsett funksjonsevne vert oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS