Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Vikariat som rådgjevar ved Seksjon for studiar og forskarutdanning

Søknadsfrist: 08.12.2019

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Rådgjevar

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Det humanistiske fakultet er det ledig eit vikariat i 100 % stilling som rådgjevar knytt til lærarutdanninga for perioden mellom 1. februar 2020 og 31. juli 2020.

Stillinga er knytt til seksjon for studiar og forskarutdanning ved fakultetet. Næraste overordna er studiesjefen ved fakultetet, og stillinga rapporterer direkte til denne. Lærarutdanninga ved Det humanistiske fakultet femner om femårig integrert lektorutdanning, praktisk-pedagogisk utdanning og erfaringsbaserte masterprogram i undervisning. Lærarutdanninga er eit satsingsområde for fakultetet og stillinga er ein viktig støttespelar for den faglege og administrative leiinga i det strategiske arbeidet med denne.

Alle i administrasjonen vil, i tillegg til spesifikke funksjonar lagt til eiga stilling, òg måtte ta del i andre administrative oppgåver.

Arbeidsoppgåver:

  • Ansvar for administrativ oppfølging av lærarutdanningstilbodet ved Det humanistiske fakultet. Stillinga har ei koordinerande rolle i samarbeidet med institutta ved fakultetet, med universitetet sentralt og med andre fakultet.
  • Studentoppfølging, mottak, rettleiing og sakshandsaming i studentsaker.
  • Sekretærfunksjon for fakultetet sitt Programutval for lærarutdanning (PUHF).
  • Informasjons- og rekrutteringsarbeid
  • Deltaking i administrative nettverk.
  • Utgreiingsoppgåver og leiarstøtte på lærarutdanningsfeltet.
  • Generell sakshandsaming innafor seksjonen sine arbeidsfelt

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Mastergrad, helst med relevante fag i fagkretsen. Lang, relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning.
  • Relevant studieadministrativ erfaring frå universitets- og høgskulesektoren.
  • God administrativ it-kompetanse.
  • Kjennskap til lærarutdanning, og eventuelt skulesektoren, er ein føremon.
  • Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil bli vektlagde:
    • gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
    • sjølvstende
    • god rolleforståing
    • gjennomføringsevne og fleksibilitet
  • Evne til å uttrykke seg godt skriftleg og munnleg på bokmål, nynorsk og engelsk.

Vi kan tilby:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.
  • Varierte arbeidsoppgåver og gode moglegheiter for kompetanseutvikling.
  • Ei stilling som gir rom for initiativ og engasjement
  • Løn tilsvarande lønssteg 59-64, for tida 522 800 - 572 700 kr. brutto per år. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn. Frå bruttoløna vert det trekt 2 % til pålagt medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse.
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd).
  • Gode velferdsordningar.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Den som vert tilsett, må rette seg etter dei retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Søknad og CV skal sendast elektronisk via link på denne sida «SØK STILLINGEN».

Nærare om tilsettingsprosessen her.

SØK STILLINGEN

Powered by Labrador CMS