Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Rådgjevar (Det humanistiske fakultet)

Søknadsfrist: 03.06.2019

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Rådgjevar

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved sekretariatet for Det humanistiske fakultet er det ledig eit toårig vikariat som rådgjevar, med start 1. august.

Stillinga er knytt til seksjon for studier og forskarutdanning ved fakultetet og har eit overordna ansvar for koordinering av studentretta informasjons- og rettleiingstenester ved fakultetet, i tillegg til rekrutterings- og profileringsarbeid mot søkjarar. Rådgjevaren har ansvar for den daglege leiinga av Informasjonssenteret ved fakultetet. Næraste overordna er studiesjefen ved fakultetet, og stillinga rapporterer direkte til denne. Alle i administrasjonen vil, i tillegg til spesifikke funksjonar lagt til stillinga si, òg måtte ta del i andre administrative oppgåver. Stillinga vil ha arbeidplass ved Informasjonssenteret i delar av arbeidsveka.

Arbeidsoppgåver:

  • Ansvar for oppfølging av fakultetet sine felles informasjons- og rettleiingstenester til studentar, herunder dagleg leiing av Informasjonssenteret ved fakultetet
  • Strategisk informasjonsarbeid knytt til studentrekruttering og profilering av fakultet sitt studietilbod
  • Koordinering av fakultetet sitt felles studentmottak, i samarbeid med institutta
  • Arbeid med student- og rekrutteringsretta arrangement, som gradsseremoniar for BA-og MA-kandidatar og åpen dag
  • Sakshandsaming innafor seksjonen sine arbeidsfelt
  • Deltaking i studieadministrative nettverk knytt til arbeidsområda

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Kvalifikasjonar

  • Mastergrad, helst med relevante fag i fagkretsen. Lang, relevant praksis og eventuelt relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning.
  • God kjennskap til det studieadministrative arbeidsfeltet, relevant praksis og erfaring frå universitets- og høgskulesektoren er ein viktig føresetnad
  • Erfaring med informasjonsarbeid
  • Erfaring med studierettleiing er ein føremon
  • Erfaring med organisering av arrangement er ein føremon
  • Det blir lagt vekt på relevant it-kompetanse

Personlege eigenskaper

  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og i team
  • Motivasjon og evne til å leie team
  • Evne til sjølvstendig oppfølging og gjennomføring av arbeidsoppgåver
  • Motivert, fleksibel og sørvisinnstilt
  • Evne til prioritering og orden i periodar med stort arbeidspress
  • Evne til å uttrykke seg godt skriftleg og munnleg på bokmål, nynorsk og engelsk

Det blir lagt stor vekt på dei personlege kvalifikasjonane som trengst i stillinga.

Vi kan tilby:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Varierte arbeidsoppgåver og gode moglegheiter for kompetanseutvikling
  • Ei stilling som gir rom for initiativ og engasjement
  • Løn tilsvarande lønssted 59-64, for tida 514 800 – 565 100 kr. Brutto per år. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn. Frå bruttoløna vert det trekt 2 % til pålagt medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Den som vert tilsett, må rette seg etter dei retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Søknad og CV skal sendast elektronisk via link på denne sida «SØK STILLINGEN».

Søknadsfrist: 03.06.2019

Merk søknaden: 2019/5583

SØK STILLINGEN

Powered by Labrador CMS