Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Forskingsrådgjevar - Institutt for informasjons- og medievitskap

Søknadsfrist: 20.10.2019

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Rådgjevar

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det samfunnsvitenskapelige fakultet består av sju institutt og tre senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Institutt for informasjons- og medievitskap er det ledig eittårig vikariat som rådgjevar (forskingsrådgjevar), med moglegheit for forlenging.

Institutt for informasjons- og medievitskap har om lag 80 tilsette på heil- og deltid, av disse er 35 faste vitskaplege tilsette og omlag 25 doktorander og postdoktorar. Instituttet tilbyr mellom anna bachelor- og masterprogram i informasjonsvitskap, medie- og interaksjonsdesign, og i medier og kommunikasjon. Instituttet opna i 2017 ei avdeling i medieklynga Media City Bergen. Her er det nye fasilitetar for undervisning og forsking innan journalistikk, medieproduksjon og teknologi. Instituttet er involvert i arbeidet med å etablere ei kunnskapsklynge i finansteknologi, Finance Innovation. Instituttet har ei betydelig portefølje av eksternfinansierte forskingsprosjekt og er koordinator for ein søknad om SFI (Senter for forskingsdrevet innovasjon) med partnarar frå leiande mediehus og medieteknologiselskap.

Meir informasjon om instituttet sine forskingsaktivitetar og utdanningstilbod på www.uib.no/infomedia

Arbeidsoppgåver:

  • Forskingsrådgjeving mot nasjonale/internasjonale forskingsprogram med særleg vekt på posisjonering og utarbeiding av søknader til NFR/EU, men også andre relevante finansieringskjelder (BOA-søknader).
  • Ha oversikt over og informere forskarar om relevante finansieringskjelder.
  • Gi råd, rettleiing og assistanse i forbindelse med BOA-søknader og prosjektoppstart, inklusive instituttet sin del av kontraktsarbeidet. Oppfølging av BOA-prosjekt i driftsfasen, med rapportering og kontraktsendringar.
  • Ved behov, utarbeide rapportar, høyringar og evalueringar som instituttet er involvert i.
  • Ta aktiv del i arbeidet med å styrke BOA-porteføljen og i samarbeid med instituttleiinga arbeide med å utvikle og gjennomføre forskingsstrategien ved instituttet.
  • Delta i UiBs forskingsadministrative nettverk både på fakultet og sentralt.
  • Formidle forskingskommunikasjon på nettsider og sosiale media.
  • Administrativ oppfølging av forskarutdanninga på instituttet.

Andre administrative oppgåver kan også bli aktuelle.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha relevant utdanning på minimum mastergradsnivå
  • Kjennskap til samfunnsvitskapleg eller anna relevant forsking og dessutan erfaring frå søknadsskriving.
  • Erfaring med prosjektgjennomføring og/eller prosjektadministrasjon vil vere ønskjeleg.
  • Kjennskap til NFR og EU sine forskingsprogram og dessutan rammevilkåra for universitetssektoren vil vere ein føremon.
  • Svært gode kunnskapar i engelsk skriftleg og munnleg, i tillegg til norsk (begge målformer).
  • Relevant praksis og god administrativ IT-kompetanse.

Personlege eigenskapar som vil bli vektlagt:

  • Evne til å motivere, skape kontakt og fremme samarbeid.
  • Evne til å ta initiativ og arbeide sjølvstendig, strategisk og målretta.
  • Evne og vilje til raskt å sette seg inn i nye saksfelt og handtere komplekse problemstillingar.
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
  • Kvalitetsbevisst, fleksibel og serviceinnstilt.

Vi kan tilby:

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • stilling som rådgjevar (kode 1434) i lønssteg 55-60 (for tida brutto kr 488 000 – 532 300) i det statlege lønsregulativet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det vurderast høgare løn.
  • spennande og varierte arbeidsoppgåver i eit anerkjent utdannings- og forskingsmiljø
  • høve til fagleg og personleg utvikling i nært samarbeid med våre vitskaplege tilsette som driv forsking på høgt internasjonalt nivå
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Det blir gjennomført forsøk med anonyme søknader i staten. Anonymisering av søknader skal gjelde den første utsilingsfasen av kandidatar som er aktuelle for intervju. Forsøket skal evaluerast av Difi, som behandlar anonyme opplysningar av tilsetjingsprosessen, og det blir utarbeidd statistikk over resultata av forsøket. Opplysningar om enkelpersonar blir ikkje levert ut til andre i samband med forsøket og evalueringa, men reglane om innsyn i offentleg søkjarliste og utvida søkjarliste gjeld.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS