Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Analytikar (Rådgjevar)

Søknadsfrist: 02.06.2019

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Rådgjevar

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen. Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om HR-avdelinga her.

Er du systematisk, analytisk og tenkjer heilskapleg? Likar du å arbeide med datasett og tal, og samtidig oppteken av kvalitet? Kan du formidle bodskap på ein enkel og visuell måte? Vi søkjer deg som kan utvikle gode analyser for faktabaserte avgjerder på ulike nivå ved institusjonen.

Arbeidsoppgåver:

  • Vidareutvikle HR-området ved hjelp av analyser
  • Effektivisere og standardisere arbeidet med uttrekk, sammenstilling og rapportering av data
  • Framstille data pedagogisk og visuelt
  • Førebu analysegrunnlag for avgjerder for leiinga og styrande organ
  • Delta i utviklingsprosjekt på tvers av organisasjonen
  • Bidra til god samhandling med leiarar, tillitsvalde og andre samarbeidspartnarar

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha relevant utdanning på mastergradsnivå, fortrinnsvis innan statistikk eller økonomi. Lang, relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning
  • Strategisk, analytisk og strukturert
  • Evne til å dele kompetanse, samt bidra til å motivere og engasjere andre
  • Erfaring med statistikk, utvikling av dataanalyser og bruk av digitale verkty
  • God prosessforståing og evne til å gje omsetje data og statistikk til innsikt
  • Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil bli vektlagt

Vi søkjer deg som er nysgjerrig og kreativ og vil vere med oss å utvikle strategisk HR ved Universitetet i Bergen

Vi kan tilby:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Stilling som rådgjevar (kode 1434) i lønssteg 60 - 65 (for tida kr 524 200 - 576 100) i det statlege lønsregulativet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Seksjonssjef Janne Marie Solheimslid, e-post: janne.solheimslid@uib.no, tlf. nr. 918 19 544, eller
  • HR-direktør Sonja Irene Dyrkorn, e-post: sonja.dyrkorn@uib.no, tlf. nr. 481 62 687

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS