Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

IKT rådgjevar - Faggruppe for LAB-IT og SAFE

Søknadsfrist: 19.09.2019

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

IKT rådgjevar

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen. Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om IT-avdelinga her.

IKT rådgjevar – forsking på sensitive personopplysningar

Vær med å forme framtidas IT-teneste for forskinga ved UiB! Ved IT-avdelinga.

Faggruppe for LAB-IT og SAFE er det ledig ei fast stilling i 20% som senioringeniør knytt til utvikling og drift av løysing for behandling av sensitive personopplysningar (SAFE), med mogeleg til utviding av stillingsbrøk.

IT-avdelinga sitt oppdrag er å levere gode IT-tenester og bidra til at UiB når sine mål. Vi leverer eit breitt spekter av IT-tenester innan utvikling, drift, forvaltning og brukarstøtte. ITavdelinga har om lag 110 tilsette, i tillegg til lærlingar og deltidstilsette studentar. ITavdelinga legg vekt på kontinuerleg forbetring med Lean-metodikk og nyttar ITILrammeverket for organisering av tenesteleveransar. Vi arbeider i stadig større grad i prosjekt og har tatt i bruk standard metodikk for dette.

Arbeidsoppgåver:

  • Kontakt med forskingsmiljø med relevans til SAFE.
  • Vidareutvikling av teneste for sensitive personopplysningar.
  • Installasjon og oppsett av vitskapelege applikasjonar.
  • Dokumentasjon av teneste og rutinar

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Dr. grad innan relevant fagfelt som nyttar SAFE.
  • Erfaring med bruk av statistikkprogramvare og annan vitskapeleg programvare, samt dataformat.
  • Kompetanse innan arbeidsflyt i vitskapeleg datahandsaming og teknologiske verktøy som Linux, Docker, Kubernetes.
  • Kjennskap til virtualiseringsteknologi og bruk av rekneressurser.
  • Kjennskap til GDPR
  • Sjølvstendig, strukturert og kan arbeide i team.
  • Interesse for brukarinteraksjon.
  • Likar å jobbe med ny teknologi og tileigne deg ny kunnskap.
  • Oppteken av å finne gode løysingar og har god arbeidskapasitet.

Vi vil leggje spesiell vekt på personlege eigenskapar som gjer søkjarane skikka til stillinga.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Ein kunnskapsrik og engasjert organisasjon med deltaking i mange spennande aktivitetar og brei kontakt med brukarane ved universitetet.
  • Stilling som senioringeniør (kode 1181) i lønssteg 58-78 (for tida kr 513 600 - 765 100) i det statlege lønsregulativet. For spesielt kvalifiserte søkare, kan det verte aktuelt med høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Fleksitid og gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Seksjonsleiar Jan Kristian Walde Johnsen (jan.johnsen@uib.no, mobil 917 15 378) eller
  • Gruppeleiar Tore Linde (tore.linde@uib.no, mobil 997 16 980)

Dei som blir tilsett kan få andre arbeidsoppgåver innan avdelinga sine arbeidsområder Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS