Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Professor II (20 % bistilling) i medisin (immunologi)

Søknadsfrist: 10.11.2019

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Professor

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 2, Broegelmanns forskingslaboratorium (BFL), er det ledig ei åremålsstilling som professor II (20 %, bistilling) i medisin (immunologi.) i to (2) år. Åremålsstillinga er knytt til relevant fast hovudstilling ved Karolinska Institutet, Stockholm, Sverige. Arbeidsstad er i Laboratoriebygget ved Haukeland universitetssjukehus, Bergen.

Broegelmanns forskingslaboratorium (BFL) er ei immunologisk forskingseining organisert under Klinisk institutt 2 med omfattande sjølvstendig forskingsansvar, sjølvstendig organisering og med eigen administrasjon. Dette betyr at eininga er gjeven eit klart mandat for forsking og utvikling av forskarar ved Universitetet i Bergen.

Det er for tida fem forskingsgrupper ved BFL: Dendritic cells, B cells, NK cells and immuneregulation, Patient stratification and biomarkers, og Post translational modification. I tillegg har BFL ansvar for Bergen Research School in Inflammation (http://www.uib.no/en/rs/brsi).

Grunnbevillinga til BFL kjem frå Broegelmanns Legat. For tida dekkjer dette løn til teknisk personell (2) og ein administrativ tilsett, samt støtte til ein ph.d.-kandidat og elles driftsutgifter. Det er venta at den som vert tilsett i stillinga har erfaring frå og evne til å skaffe nasjonal og internasjonal finansiering via kjelder slik som Norges forskningsråd, EU og andre.

BFL har for tida eit tett samarbeid med Avdeling for reumatologi ved Haukeland universitetssjukehus, men har også samarbeid med avdelingane for dermatologi, kardiologi og transfusjonsmedisin. I tillegg kan BFL visa til eit langvarig samarbeid med fagområda patologi og odontologi.

Arbeidsoppgåver/forskingsområde:

  • undervisning i basal og klinisk immunologi
  • rettleiing av mastergradsstudentar og ph.d.-kandidatar

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • søkjar må ha medisinsk embetseksamen og norsk ph.d.-grad i relevant fagområde eller tilsvarande kompetanse
  • det vert lagt vekt på erfaring innan leiing av forskingsprosjekt, koordinering av forskingsaktivitet, og frå forskingsstrategisk arbeid. Vidare vert det lagt vekt på dokumentert vilje og evne til samarbeid.
  • det vil bli lagt vekt på evne til å skape forskingsmiljø gjennom eigen nettverksbygging nasjonalt og internasjonalt
  • det vil bli lagt vekt på evne til å skaffe eigne forskingsmidlar
  • pedagogisk basisutdanning/undervisningserfaring er eit krav for stillinga, sjå retningsliner på http://www.uib.no/mofa/65433/ledige-stillinger. Den som vert tilsett vil få tilbod om opplæring dersom kravet ikkje er oppfylt før tilsetjing
  • vi søkjer ein person med internasjonal forsking på høgt nivå innan feltet translasjonell immunologi og autoimmunitet. Det vert forventa at søkjaren har lykkast med å kombinera klinisk, epidemiologisk og eksperimentell forsking for å forstå patogenese og sjukdomsprosessar ved autoimmunitet. Frå før eksisterer eit sterkt forskingsmiljø på Sjögrens syndrom, og det vert forventa at søkjaren har erfaring på dette feltet, inklusive kjønns-relaterte forskjellar ved denne kvinne-dominerte sjukdommen. Søkjaren vert forventa å samarbeida med både klinikarar og basalforskarar. Ein spesiell meritt er om søkjaren kan visa til slikt tidligare samarbeid.
  • det vert lagt stor vekt på tidligare tideling av ekstern finansiering og rettleiing av ph.d.-kandidatar

Undervisingsspråket er til vanleg norsk.

Vi tilbyr:

  • eit godt og internasjonalt arbeidsmiljø og spanande arbeidsoppgåver i eit fakultet med fagmiljø som hevdar seg godt nasjonalt og internasjonalt
  • faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
  • god tilgang til kjernefasilitetar: http://www.uib.no/en/mofa/64790/core-facilities
  • professor vert lønt etter lønssteg 77-79 (kode 1013) i lønsregulativet til staten, for tida 741 300 - 789 200 kr brutto pr. år for ei fulltidsstilling. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • CV
  • vitnemål og attestar
  • liste med vedlegg som dokumenterer dine pedagogiske kvalifikasjonar
  • fullstendig publikasjonsliste
  • ei liste over vitskapelege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga, med opplysning om kvar dei er offentleggjorde
  • vitskapelege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga (maks 15 for professor)
  • To referansar (namn og kontaktinformasjon)

Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden (PDF).

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Instituttleiar, professor Pål Njølstad, e-post: Pal.Njolstad@uib.no eller
  • Leder av Broegelmanns Forskningslaboratorium, professor Roland Jonsson, e-post: Roland.Jonsson@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS