Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Professor II / førsteamanuens (20 % bistilling) i medisin (gastroenterologi)

Søknadsfrist: 24.11.2019

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Professor II/førsteamanuens (20 % bistilling) i medisin (gastroenterologi)

Ved Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 1, er det ledig ei åremålsstilling som professor II (20 %, bistilling) i medisin (gastroenterologi) i fire (4) år frå tilsetjing. Dersom det ikkje melder seg kvalifiserte søkjarar med professorkompetanse, kan det verte aktuelt å tilsetje førsteamanuensis (20 % bistilling). Bistillinga er knytt til fast hovudstilling ved Medisinsk avdeling, Haukeland universitetssjukehus. Arbeidsstad er ved dette sjukehuset.

Arbeidsoppgåver/forskingsområde:

  • den som skal tilsetjast skal arbeide med forsking innanfor gastroenterologi i ei av dei etablerte forskingsgruppene ved instituttet og må kunne dokumentere eiga forsking på området
  • rettleiing av doktorgradskandidatar
  • undervisning av medisinstudentar
  • ta del i eksamensarbeid

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • søkjar må ha relevant norsk ph.d.-grad eller tilsvarande kompetanse, og vere godkjend spesialist i gastroenterologi
  • kunnskapar om og ferdigheiter i abdominal ultralyd og endoskopisk ultralyd er ein stor føremon
  • det vert vidare kravd dokumentert vitskapleg kompetanse, særleg innan pankreatologi
  • det vert lagt vekt på erfaring innan leiing av forskingsprosjekt, koordinering av forskingsaktivitet, og frå forskingsstrategisk arbeid, og vidare dokumentert vilje og evne til samarbeid
  • pedagogisk basisutdanning/undervisningserfaring er eit krav for stillinga, sjå retningsliner på http://www.uib.no/mofa/65433/ledige-stillinger. Den som vert tilsett vil få tilbod om opplæring dersom kravet ikkje er oppfylt før tilsetjing

Undervisingsspråket er til vanleg norsk.

Vi tilbyr:

  • eit godt og internasjonalt arbeidsmiljø og spanande arbeidsoppgåver i eit fakultet med fagmiljø som hevdar seg godt nasjonalt og internasjonalt
  • faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
  • professor vert lønt etter lønssteg 77-79 (kode 1013) i lønsregulativet til staten, for tida 741 300 - 789 200 kr brutto pr. år for ei fulltidsstilling. Førsteamanuensis vert lønt etter lønssteg 66-72 (kode 1011/lønsramme 24.10) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing, for tida kr 594 400 - 667 200 eller lønssteg 68-74 (spesialist) for tida kr 615 900 – 691 400. Løn er brutto pr. år for ei fulltidsstilling, og vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • CV
  • vitnemål og attestar
  • fullstendig publikasjonsliste
  • liste med vedlegg som dokumenterer dine pedagogiske kvalifikasjonar
  • ei liste over vitskapelege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga, med opplysning om kvar dei er offentleggjorde
  • vitskapelege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga (maks 15 for professor og maks 10 for førsteamanuensis) som PDF
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden (PDF).

Generell informasjon:

Utfyllande opplysingar om stillinga kan ein få ved å venda seg til:

  • Instituttleiar professor Kjell-Morten Myhr, tlf.: 55 97 60 31, e-post: Kjell-Morten.Myhr@uib.no eller
  • Visestyrar og seksjonsleiar professor Odd Helge Gilja, tlf.: 55 97 21 33, e-post: Odd.Gilja@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS