Stilling:

Postdoktor ved Institutt for biologisk og medisinsk psykologi

Søknadsfrist 6. desember 2018

Ved Institutt for biologisk og medisinsk psykologi er det ledig ei stilling som postdoktor. Stillinga er for ein åremålsperiode på 3 år og knytt til FRIMEDBIO-midlar frå Noregs Forskingsråd for prosjektet «When default is not default: Solutions to the replication crisis and beyond», med professor Karsten Specht som prosjektleiar.

Det psykologiske fakultet tilbyr profesjonsutdanning for psykologar, har ansvar for universitetspedagogisk utdanning av UiB sin eigen stab, bidreg med pedagogikkdelen av lærarutdanninga, og tilbyr grader innan eit vidt felt: barnevern, helsefremjande arbeid, pedagogikk, spesialpedagogikk, psykologi, arbeids- og organisasjonspsykologi og logopedi. Fakultetet sine hovudsatsingsområde innan forsking er knytt til helse, utdanning, utviklingsrelatert forsking og basalforsking i vid forstand.

Den faglege verksemda ved Institutt for biologisk og medisinsk psykologi (IBMP) er omfattande og held internasjonalt nivå, knytt til forsking og undervising innan biologisk psykologi, kognitiv nevrovitskap, nevropsykologi og logopedi. Det er ca. 60 tilsette inkludert stipendiatar, postdoktorar og teknisk/administrativt personale. IBMP har seks forskingsgrupper (B.LOG, BCLG, C-CNS, fMRI gruppa, BSSG, ECG), ein forskarskule (IGSIN), og ein nevropsykologisk undervisningsklinikk. Forskinga omfattar både basal og klinisk retta forsking. Ein vesentleg del av forskinga skjer i samarbeid med andre forskingsinstitusjonar og laboratorium i Noreg og i andre land. Instituttet rår over moderne laboratorium for elektrofysiologi, samt dyreforsking og har god tilgang til fMRI-fasilitetar.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Prosjektet tar sikte på å undersøke og forbetre pålitelegheita av fMRI-undersøkingar med fokus på framtidige kliniske bruksområder hjå pasientar med nevrologiske lidingar, som slag og Parkinsons sjukdom. Derfor vil longitudinelle studiar og tverrsnittsstudiar bli gjennomført, og det vil bli innsamla ytterlegare endogene og eksogene parameter som er nødvendig for å revidere dei teoretiske modellane av fMRI, analysere den underliggande nettverksstrukturen ned til det nevrobiologiske nivået og for å utvikle nye analysestrategiar. Desse fMRI-studia vil bli supplert med avansert datasimulering av nevralt nettverk.

I dette forskingsprosjektet skal postdoktor hovudsakleg planlegge, gjennomføre og analysere studiar som forløpar for framtidig klinisk bruk hjå pasientar med nevrologiske lidingar. Analysen av strukturelle og funksjonelle MR-data (inkludert DTI) vil skje gjennom svært avanserte analysemetodar og verktøy for strukturell, funksjonell og effektiv tilkopling.

Det blir forventa at postdoktor kan instruera, leie og rettleie (vere med-rettleiar) ph.d.-studentane i å analysere MR-data på eit internasjonalt høgt nivå.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd norsk ph.d. – eller tilsvarande grad, eller må ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute innanfor kognitiv nevrovitskap, nevroinformatikk eller anna relevant fagområde. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Det er krav om erfaring i planlegging, gjennomføring og analyse av fMRI-studiar
  • Erfaring frå gjennomføring av fMRI studie av pasientar med nevrologisk lidingar som slag eller Parkinsons sjukdom er forventa
  • Solid bakgrunn i programmering av eigne skript (eller til og med eigne analyseverktøy eller plugin) er nødvendig.
  • Ekspertise i ulike programvarepakkar (og deira kombinasjon) for MRI-dataanalyse vil vere svært fordelaktig.
  • Søkjar må raskt kunne lære nye programvarepakkar for (f)MRI-dataanalyse.
  • Vitskapleg erfaring i samband med tilkoplingsanalyse av bildediagnostiske data og bruk på kliniske populasjonar, som pasientar med Parkinsons sjukdom, er svært velkommen.
  • Søkjar er forventa å jobbe sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner
  • Nytte engelsk skriftleg og munnleg
  • Gode norskkunnskapar

Om postdoktorstillinga:

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i faglege toppstillingar. Åremålsperioden for denne stillinga er 3 år. Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.

Søkjarar skal ved tilsetjing kome med framlegg til plan for kvalifiseringsarbeidet som inneheld ein framdriftsplan. Ved postdoktorstilling knytt til eksternt finansierte prosjekter, vil fullføring av planen for kvalifikasjonsarbeidet skje i dialog med prosjektleiar. Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

Vi kan tilby:

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 59 (kode 1352/lønsramme 24, alternativ 3, etter hovudtariffavtalane i staten. Dette utgjer ei årsløn på kr 514 800 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål, samt stadfesting på at doktorgradsavhandlinga er levert
  • relevante attestar
  • liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Du søkjer elektronisk i JobbNorge til Universitetet i Bergen via knappen på denne sida: «Søk stillinga». Søknad, CV og vedlegg skal kun sendast elektronisk i JobbNorge.

Vi gjer merksam på at søknader vert vurdert med den informasjonen og dei vedlegg som er knytt til søknaden i JobbNorge når søknadsfristen går ut. Vedlegga må vere på engelsk eller eit skandinavisk språk, og eventuelle omsetjingar må vere attesterte. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at all informasjon er lagt inn innan fristen.

Det er særs viktig at kvart av vedlegga som det skal takast omsyn til ved vurdering i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden.

Søknadsfrist: 06.12.2018

Søknaden skal merkast: 18/10191

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Professor Karsten Specht, Institutt for biologisk og medisinsk psykologi, e-post: Karsten.specht@uib.no, telefon +47 55 58 62 79
  • Instituttleiar / professor Robert Murison, Institutt for biologisk og medisinsk psykologi, e-post: Murison@uib.no, telefon +47 55 58 62 25

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS