Stilling:

Postdoktor (Institutt for biomedisin)

Søknadsfrist 24.02.2019

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Postdoktorstilling

Ved Universitetet i Bergen, Institutt for biomedisin , er det ledig ei 3-årig stilling som postdoktor knytt til prosjektet ” TGF-beta induced microtubes - new communication structures of brain tumor cells”, finansiert av Kreftforeningen. Postdoktoren vil tilhøyre forskingsgruppa Translasjonell kreftforskning. Arbeidsstad er Bygg for Biologiske Basalfag, Jonas Lies vei 91, Bergen.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Vi undersøkjer mekanismar av invasjon og terapiresistens i maligne hjernesvulstar. Forskinga er basert på unike celle- og dyremodellar. Eit spesielt fokus i prosjektet er ”microtubes” som er viktig for kommunikasjon mellom tumorcellene og stromale celler. Det skal undersøkjast kva mekanismar er viktige for danning av mikrotubes og om mitokondriar kan utvekslas mellom tumorcellene/stromale celler gjennom «mikrotubes». Sjå på webside https://www.uib.no/rg/miletic for ytterlegare informasjon. Gruppa har eit sterk samarbeid med ei forskingsgruppe i Bordeaux, Frankrike (https://www.u1029.u-bordeaux.fr/en/members-of-the-unit/)

Hovudoppgåver

  • planleggje og utføre in vitro og in vivo eksperiment for prosjektet
  • delta i skriving av publikasjonar og søknader
  • delta i rettleiing av ph.d. og master studentar

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • søkjar må ha ph.d.-grad innan cellebiologi, eller tilsvarande utdanning, eller ha levert doktoravhandlinga til bedømming og fått den godkjent innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje
  • søkjar må ha erfaring frå / med cellekultur, konfokal mikroskopi, CRISPR/Cas9 teknologi, western blot, co-immunopresipitasjon og dyreforsøk
  • erfaring i Bioinformatikk (analyse av sekvenseringsdata) er ein føremon
  • søkjar må kunne nytte munnleg og skriftleg engelsk på høgt nivå

Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar slik som sjølvstendig arbeid, kunne samarbeide, vere motivert og ansvarsmedviten, og i tillegg ha stor arbeidskapasitet og entusiasme for forsking

Om postdoktorstillinga:

Føremålet med stillingane er vitskapleg kompetansebygging gjennom ei vidareføring av forskingsarbeid til eit høgare nivå enn det som er mogleg innafor eit ordinært doktorgradsprogram. Stillingane har som hovudmål å kvalifisere dei som vert tilsette for arbeid i faglege toppstillingar.

Det er eit mål at tilsetjingsperioden skal gjennomførast som eit samanhengande forskingsprogram.

Søkjarar skal ved tilsetjing kome med framlegg til plan for kvalifiseringsarbeidet. Framlegget utarbeidas i samarbeid med prosjektleiar/leiar og skal også innehalde ein framdriftsplan. Det er ein føresetnad at den som vert tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

Den tilsette kan bli pålagt opp til 25 % pliktarbeid i form av undervisning og liknande arbeid ved instituttet.

Postdoktorstillingar er åremålsstillingar. Du kan ikkje tilsetjast i meir enn ein periode som postdoktor ved UiB. Du kan heller ikkje tilsetjast i postdoktorstilling dersom du tidlegare har hatt slik tilsetjing ved ein annan institusjon i regionen.

Vi tilbyr:

  • eit godt og utfordrande arbeidsmiljø i forskingsfronten innan nevro-onkologi
  • løn etter lønssteg 59 (kode 1352/lønsramme 24.3) for tida kr 515 200, med medisinsk eller odontologisk embetseksamen lønssteg 61 (kode 1352/lønsramme 24.3) for tida 534 100, med spesialistutdanning lønssteg 63 (kode 1352/lønsramme 24.5) for tida 555 100, i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga
  • god pensjonsordning i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • søknadsbrev der du skriv noko om din motivasjon for stillinga og kvifor du søkjer
  • vitnemål og relevante attestar (søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved både vitnemål på original språket og autoriserte omsetjingar) ev dokumentasjon på godkjent avhandling
  • publikasjonsliste
  • vitskapelege arbeid. Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden (pdf)
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Professor Hrvoje Miletic, tlf. +47 96847286, e-post: hrvoje.miletic@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS