Stilling:

Postdoktor i samfunnsøkonomi

Søknadsfrist 30. januar 2019

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det samfunnsvitenskapelige fakultet består av sju institutt og tre senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Postdoktorstilling

Ved Institutt for økonomi, Det samfunnsvitskaplege fakultet, er det ledig ei stilling som postdoktor innan Fintek-området. Stillinga er for ein periode på 4 år, kor 25 % av samla tilsetjingstid er arbeidsplikt som skal utførast ved instituttet.

Institutt for økonomi (www.uib.no/econ) er eitt av sju institutt under Det samfunnsvitskaplege fakultetet. Instituttet tilbyr bachelor-, master- og PhD-grader i samfunnsøkonomi. Forsking og undervising ved instituttet dekker eit breidt spekter av disiplinar. Instituttet har forskargrupper på følgjande tre spesialområde:

  • Næring, finans og marknad
  • Velferd, trygd og helse
  • Åtferd, energi, miljø og utvikling

Den ledige stillinga er ikkje knytt til ei særskilt forskingsgruppe, men søkjarar bør ha ein forskingsprofil som passar inn i minst éi av gruppene.

Om arbeidsoppgåver:

Instituttet ønskjer å styrka kompetansen innan finansteknologi (fintek)-feltet. Det er venta at den som blir tilsett, brukar ein stor del av forskingstida si til å utvikla og publisera forsking innan fintek-feltet. Arbeida bør ha potensiale til å bli publisert i topp-tidsskrift innan samfunnsøkonomi og finans. Det er også venta at kandidaten utviklar og underviser eit kurs innan fintek-området, som gir studentane innsikt i kryptovaluta og tilstøytande marknader. Det er også forventa at vedkommande bidrar i rettleiing av bachelor- og masterstudentar.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd doktorgrad i samfunnsøkonomi eller finans, eller ha levert doktorgradsavhandlinga til bedømming innan søknadsfristens utløp. Ved tilsetjingsdato må avhandlinga vera godkjent.
  • Forskingsrøynsle frå fintek-feltet (artiklar, arbeidsnotat, ‘work in progress’)
  • Kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner
  • Kunne nytte engelsk skriftleg og munnleg

Aktuelle kandidatar vil bli innkalla til intervju og kan også bli bedne om å halde ei prøveforelesing over eit oppgitt emne.

Dei som søkjer stillinga, blir råda til å orientere seg om undervisningstilbodet og forskingsprofilen ved instituttet, sjå www.uib.no/econ.

Undervisningsspråket er til vanleg norsk og engelsk.

Om postdoktorstillinga:

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som vert tilsett for faste vitskaplege stillingar. Åremålsperioden for denne stillinga er 4 år. Ingen kan tilsetjast i meir enn ein åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.

Ein plan for forskingsarbeidet i form av ei prosjektskisse på 4-5 sider skal følgje søknaden. Prosjektskissa skal gjere greie for tema, problemstillingar og val av teori og metode. Skissa skal innehalde framdriftsplan for dei ulike delane av forskingsarbeidet. Det vert lagt til grunn at det er realistisk å gjennomføre prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden. Eit budsjett for driftsutgifter må setjast opp.

Vi tilbyr:

  • Godt fagleg og sosialt miljø med høg kvalitet på forsking og undervising
  • Løn etter lønssteg 59 - 62 (kode 1352/lønsramme 24) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer for tida ei årsløn på kr 515 200 til 544 400 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i en inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga
  • Prosjektskisse
  • CV
  • Karakterutskrifter og vitnemål, samt stadfesting på at doktorgradsavhandlinga er levert
  • Relevante attestar
  • Liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • Vitskaplege publikasjonar der søkjar er (med-)forfatter

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon:

Nærare opplysningar kan ein få ved å vende seg til:

Praktiske spørsmål kring søknadsprosessen kan rettast til rådgivar Anita Helen Spurkeland, e-post: anita.spurkeland@uib.no eller tlf. 5558 9058.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS