Stilling:

Postdoktor i samfunnsøkologi

Søknadsfrist 10. februar 2019

Ved Institutt for biovitskap, UiB, er det ledig ei stilling som postdoktor i samfunnsøkologi.

Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til inntil 6 månadar beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning).

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

Klimaendringane forårsakar allereie betydelige endringar i naturen, vi ser endringar i arters geografiske utbreiing, i det biologiske mangfaldet, og i økosystemas funksjoner og tenester. Samtidig er det store usikkerheter, mellom anna knytt til kor fort økosystema endras, kva den samla effekten av klimaendringar og andre miljøendringar vil være, og i kva utstrekning endringane skyldas direkte effektar på planter og dyr eller indirekte effektar formidla gjennom endringar i samspelet mellom artene. Betre kunnskap om disse problemstillingane vil gjøre oss betre i stand til å forutsei, tilpasse oss, og forvalte naturen på ein måte som kan kompensere for noen av de negative konsekvensane av klima og miljøendringane.

Postdoktoren vil være ein del av ein stor og aktiv forskingsgruppe som driv ein bred portefølje av forskingsprosjekter der vi kombinerer observasjonelle, eksperimentelle og modellbaserte studiar for å undersøke, forstå og forutsei korleis naturen skal reagere på framtidas klima og miljøforandringar. Gruppa består av seniorforskarar, postdoktorar, doktorgradsstudentar og master- og bachelorstudentar. Forskinga vår er utført i Norge og globalt, og våre aktiviteter støttes av ekstern finansiering (se f.eks. SeedClim, FunCaB, INCLINE, LandPress og TransPlant-prosjekta på https://www.uib.no/en/rg/EECRG).

Vi er nå på eit stadium der vi har eit rikt tilfang på data og kunnskap frå over ti år med feltbasert forsking på disse problemstillingane. Dette gir spennande nye forskingsmoglegheitar gjennom kreativ analyse, kombinering, utfylling og oppskalering basert på eksisterande data og kunnskap. Vi ser derfor etter ein postdoktor med relevante forskingsinteresser, bakgrunn og ferdigheiter til å bidra aktivt til denne prosessen. Nærare bestemt vil postdoktoren få eit særleg ansvar for å:

  • Samanstilling, kombinasjon, og nyskapande analyser av data og/eller utvikling av modeller for å undersøke effektar av klima og miljøendringar på planter, vegetasjon, funksjonell økologi, biodiversitet og/eller økosystem
  • Delta i vidare utvikling og drift av nyskapande økologiske feltforsøk som undersøker direkte og indirekte effektar av endringar i klima og miljø på planter, samfunn og økosystema sine funksjoner og tenester
  • Ha ei aktiv rolle i fagleg prosjektadministrasjon og prosjektleiing i forskingsgruppa
  • Skrive og publisere vitskaplege artiklar i samarbeid med forskingsgruppa

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd norsk ph.d. – grad eller tilsvarande utdanning innanfor plantesamfunnsøkologi, økosystemøkologi, landskapsøkologi, vegetasjonsmodellering, eller eit relatert fagfelt, eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Den som tilsettast bør ha forskingsbakgrunn innanfor samfunnsøkologi, funksjonell økologi, alpine økosystem, og/eller de økologiske konsekvensane av klima og miljøendringane.
  • Erfaring med relevante metaanalysar eller modellering, planteøkologisk feltarbeid, og plantetrekkanalysar er eit føremon.
  • Du må ha en relevant statistisk og / eller modelleringsbakgrunn, og evne til kritisk tenking og skriveferdigheiter.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Førarkort klasse B og even til å gjere feltarbeid i utmark er eit føremon
  • Søkarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

Om postdoktorstillinga

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i vitskapelege toppstillingar. Om den som vert tilsett manglar undervisningserfaring og/eller annan kvalifiseringskompetanse, kan det verte aktuelt å auke tilsetjingsperioden til inntil 3 år og 6 månadar. Undervisning og anna pliktarbeid for instituttet vil i så høve bli lagt til som oppgåver i stillinga. Stillinga vil kunne bli forlenga med inntil eitt år dersom kandidaten får innvilga forskingsopphald i utlandet frå eksterne kjelder (maks fire år totalt). Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.

Søkjarar skal ved tilsetjing kome med framlegg til plan for kvalifiseringsarbeidet som inneheld ein framdriftsplan.

Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

Vi kan tilby

  • eit godt og faglig utfordrande arbeidsmiljø
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar
  • løn etter lønssteg 59 (kode 1352/lønsramme 24, alternativ 3) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr 515 200,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.

Søknaden skal innehalde

  • Søknadsbrev med ei kort utgreiing om søkjaren sin motivasjonen for å søkje stillinga
  • Eit perspektivdokument (maksimalt 2 sider) der du gjer greie for dine forskingsinteresser inn mot prosjektet og arbeidsoppgåvene skissert ovanfor.
  • namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål, samt stadfesting på at doktorgradsavhandlinga er levert
  • relevante attestar
  • liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Professor Vigdis Vandvik, Institutt for biovitenskap, telefon: +47 4730 1794, e-post: [email protected]

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Etter søknadsfrist vil det bli oppnemnt ein komité som skal vurdere søkjarane. Søkjarar har innsynsrett i omtalen av deira faglege kompetanse. Søkjarar som ønsker innsyn kan kontakte saksbehandlar etter mottak av brev om oppnemning av komité.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen