Stilling:

Postdoktor (3 år) i medisinsk bileteanalyse og maskinlæring

Søknadsfrist 24.02.2019

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Postdoktorstilling

Ved Det medisinske fakultet, Institutt for biomedisin, er det ledig ei stilling som postdoktor (100%) for ein periode på tre (3) år.

Stillinga er knytt til prosjektet «Computational medical imaging and machine learning – methods, infrastructure and applications» ved det nyoppretta Mohn Medical Imaging and Visualization Center (MMIV), Radiologisk Avdeling, Haukeland universitetssjukehus (https://mmiv.no), og er finansiert av Bergen forskningsstiftelse.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Forskingsgruppa si mål er å utvikle, innføre, formidle og evaluere maskinlæringsteknikkar i analyse av medisinske bilete og bilete-relaterte data. For å løyse utfordringar knytt til innføring av maskinlæring i medisin må legar og spesialistar ta ei leiande rolle. Prosjektet, som spring ut frå Institutt for biomedisin ved UiB og Institutt for data- og realfag ved HVL, er difor tett kopla til sjukehusavdelingar der data samlas inn og diagnostiske avgjerder vert teke. Forskinga vert utført i tett samarbeid med kliniske forskarar, noko som sikrar resultata sin relevans og aukar deira potensielle innverknad. Prosjektet involverer ei rekkje forskarar i Bergen, både kliniske og metodiske, i tillegg til nasjonale og internasjonale samarbeidspartnarar frå leiande forskingsmiljø. Det overordna målet er å bidra til auka grad av persontilpassa medisin og forbetra støtte til avgjerder om diagnose, prognose og terapi ved sjukdom og tilstandar der bilete er ei viktig kjelde til informasjon.

  • arbeidet vil bli utført i ei interdisiplinær forskingsgruppe som består av forskarar frå biomedisin, matematikk, statistikk og informatikk, i tett samarbeid med klinikarar
  • MMIV har tilgang til «state-of-the-art» biletedannande infrastruktur med dei nyaste scanner-modellane frå Siemens og General Electric (GE 3TMR 750 Discovery, Siemens Prisma 3T, Siemens Skyra 3T, Siemens Biograph mMR PET/MR, Siemens Biograph Vision PET/CT).
  • postdoktoren vil ha ei aktiv rolle i innføringa av neste-generasjons teknologi (e.g. maskinlæring og deep learning) for medisinsk bilete-prosessering og -analyse, og vil utvikle nye domene-orienterte maskinlærings-teknikkar og -metodar.
  • aktuelle anvendelsar (avhengig av kandidaten sin bakgrunn og interesser) inkluderer hjerne (nevrodegenerasjon, tumor, slag, MS), gastroenterologi (hjerne-tarm-mikrobiota), prostata (kreft), nyre (CKD, kreft), gynekologisk kreft, og hjarteavbilding
  • postdoktoren vert oppmoda om å ta del i rettleiing av MSc- og ph.d.-kandidatar

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Vi søkjer sterkt motiverte personar med erfaring innan maskinlæring retta mot medisinske bilete.

  • Søkjar må ha oppnådd norsk doktorgrad eller tilsvarande utanlandsk utdanning, innan medisinsk avbilding, biomedisin eller naturvitskap, relatert til statistikk, maskinlæring, berekningsorientert medisin, bioinformatikk eller liknande, eller ha levert doktoravhandlinga til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad for tilsetjing at avhandlinga er godkjend.
  • Søkjar må ha forskingserfaring frå MRI
  • Søknaden må påpeke kvifor du er spesielt motivert og kvalifisert for akkurat denne stillinga. Vi er ute etter kandidatar med erfaring frå både maskinlæring og medisinsk bildeanalyse.
  • Gode programmeringsferdigheiter er eit krav. Søkjar vert oppmoda om å leggje ved ei lenkje til sin GitHub-profil eller tilsvarande dokumentasjon på programmeringsferdigheiter
  • Søkjar må kunne nytte munnleg og skriftleg engelsk på høgt nivå
  • Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar slik som sjølvstendig arbeid, kunne samarbeide, vere motivert og ansvarsmedviten, og i tillegg ha stor arbeidskapasitet og entusiasme for forsking.

Om postdoktorstillinga:

Føremålet med stillingane er vitskapleg kompetansebygging gjennom ei vidareføring av forskingsarbeid til eit høgare nivå enn det som er mogleg innafor eit ordinært doktorgradsprogram. Stillingane har som hovudmål å kvalifisere dei som vert tilsette for arbeid i faglege toppstillingar.

Det er eit mål at tilsetjingsperioden skal gjennomførast som eit samanhengande forskingsprogram. Det vert vanlegvis ikkje gjeve permisjon for andre føremål enn det som er fastlagt ved lov.

Søkjarar skal ved tilsetjing kome med framlegg til plan for kvalifiseringsarbeidet. Framlegget utarbeidas i samarbeid med prosjektleiar/leiar og skal også innehalde ein framdriftsplan. Det er ein føresetnad at den som vert tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

Den tilsette kan bli pålagt opp til 25 % pliktarbeid i form av undervisning og liknande arbeid ved instituttet.

Postdoktorstillingar er åremålsstillingar. Du kan ikkje tilsetjast i meir enn ein periode som postdoktor ved UiB. Du kan heller ikkje tilsetjast i postdoktorstilling dersom du tidlegare har hatt slik tilsetjing ved ein annan institusjon i regionen.

Åremålsperioden for stillinga er tre år, med høve til å forlenge perioden inntil eit år dersom eit forskingsopphald i utlandet skal inngå i perioden.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og utfordrande arbeidsmiljø i forskingsfronten innan berekningsorientert medisinsk biletbehandling og maskinlæring, med tilgang til svært interessant datamateriale og viktige forskingsspørsmål.
  • løn etter lønssteg 59 (kode 1352/lønsramme 24.3) for tida kr 515 200, med medisinsk eller odontologisk embetseksamen lønssteg 61 (kode 1352/lønsramme 24.3) for tida 534 100, med spesialistutdanning lønssteg 63 (kode 1352/lønsramme 24.5) for tida 555 100, i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga
  • CV
  • Karakterutskrifter og vitnemål, samt stadfesting på at doktorgradsavhandlinga er levert
  • Relevante attestar
  • Liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • Eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Professor Arvid Lundervold, e-post: arvid.lundervold@uib.no, telefon: 91561824.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS