Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Postdoktor ved Matematisk institutt: Avsløring av dei universelle prinsippa som former den organelle genomevolusjonen

Søknadsfrist: 01.10.2019

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Postdoktorstilling

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Matematisk institutt er det ei ledig stilling som postdoktor knytt til ERC-prosjektet “EvoConBiO” (evolusjon og kontroll av bioenergetiske organeller). Stillinga er for ein åremålsperiode på 3 år med moglegheit for ei forlenging med inntil 6 månader.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

  • Dette prosjektet vil bruke banebrytande evolusjonære modellerings- og inferensmetoder, i forbindelse med storskala genetiske data, for å utforske funksjonane og mekanismane som styrer evolusjonen av organelle genomer.
  • Bioenergetiske organeller (mitokondrier og kloroplaster) driver komplekst liv. Som eit resultat av deira fascinerande evolusjonshistorie, beheld dei sine eigne reduserte genomer, som finst i dynamiske populasjonar i moderne celler. Komplementene av gener som dei beheld er sentrale for bioenergetikk og metabolisme, og mutasjoner i desse genene forårsaker øydeleggjande sjukdomar. Kvifor gener vert bevart i desse relativt ustabile miljøa har imidlertid fortsett å vere eit sterkt omdiskutert vitskapleg mysterium i fleire tiår
  • Dette spennande prosjektet vil byggje vidare på nylege resultat (inkludert Science magazine “favourite news story of 2016”) som utforskar evolusjonen av geninnhald i mitokondriene, for å avsløre prinsipp som formar den organelle genomevolusjon i eukaryotisk liv.
  • Referanser: Johnston & Williams, Cell Systems 2016 [doi: 10.1016/j.cels.2016.01.013 ]; Hamers, Science 2016 [ doi:10.1126/science.aaf4083 ] ; Johnston, Mol Plant 2019 [doi: 10.1016/j.molp.2018.11.002 ]

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha ein norsk doktorgrad eller tilsvarande grad (til dømes ein doktorgrad frå eit anna land) innafor ein kvantitativ vitskapleg, statistisk eller bioinformatisk disiplin. Ph.d.-studentar kan søkje dersom disputas av doktorgradsavhandlinga er fullført innan 1. november 2019. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Kandidatane skal ha erfaring med minst eitt og helst fleire av følgjande: evolusjonsmodellering; bioinformatikk; organell genetikk; statistisk inferens og modell seleksjon. Programmeringsrøynsle er eit krav, fortrinnsvis å kunne skrive kode for vitskaplege simuleringar
  • Søkjarar må kunne jobbe sjølvstendig og strukturert, og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode engelskkunnskaper, munnleg og skriftleg.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli vektlagt. Røynsle med forsking, ambisjonar og potensial vil også telje med når ein evaluerer kandidatane.

Om postdoktorstillinga:

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i vitskapelege toppstillingar. Om den som vert tilsett manglar undervisningserfaring og/eller annan kvalifiseringskompetanse, kan det verte aktuelt å auke tilsetjingsperioden med inntil 6 månader. Undervisning og anna pliktarbeid for instituttet vil i så høve bli lagt til som oppgåver i stillinga. Stillinga vil kunne bli forlenga med inntil eitt år dersom kandidaten får innvilga forskingsopphald i utlandet frå eksterne kjelder (maks fire år totalt). Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.

Etter tiltreding skal postdoktoren i samarbeid med rettleiar og instituttleiar utarbeide ein plan for kvalifiseringsarbeidet, inkludert framdriftsplan. Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

Vi tilbyr:

  • eit godt og faglig utfordrande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 60 (kode 1352/lønsramme 24, alternativ 4) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr 532 300,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing (maksimum ein A4 side) om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga
  • CV
  • Karakterutskrifter og vitnemål, samt stadfesting på at doktorgradsavhandlinga er levert
  • Relevante attestar
  • Liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • Eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Førsteamanuensis Iain Johnston, Matematisk institutt, ian.johnston@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Etter søknadsfrist vil det bli oppnemnt ein komité som skal vurdere søkjarane. Søkjarar har innsynsrett i omtalen av deira faglege kompetanse. Søkjarar som ønsker innsyn kan kontakte saksbehandlar etter mottak av brev om oppnemning av komité.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS