Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Postdoktor i vassisotop meteorologi

Søknadsfrist: 29.09.2019

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Postdoktorstilling

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Geofysisk institutt er det ledig ei stilling som postdoktor i vassisotop meteorologi med fokus på datainnsamlinga frå forskingsfly og andre kjelder i Arktiske områder. Stillinga er for ein åremålsperiode på 4 år, knytt til ERC Consolidator Grant prosjektet ISLAS (Isotopic Links to Atmospheric Water’s Sources), finansiert gjennom programmet EU-H2020.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Om Prosjektet:

Den sentrale målsetjinga i ISLAS-prosjektet er innsamlinga av eit nytt høgoppløyst datasett som speglar av isotopsamansetjinga i vassdamp i eit område som omfattar dei Nordiske hava. Isotopsamansetjinga skal bli observert langs den fullstendige transporthistoria av vassdamp med bruk av moderne instrumentering og metodar for prøvetaking, inkludert forskingsfly og målingar på bakken. Kunnskap frå målingane skal implementerast med det nyaste innan modelleringsverkøy, og gjer det mogleg med skilnad mellom modellfeil frå ulike prosessar, som fordamping, numerisk diffusjon, konveksjon og mikrofysikk. Innanfor dette stimulerande miljøet byr vi på ein postdoktorstilling ved Geofysisk institutt, Universitetet i Bergen. Tilsettingsperioden er 4 år, og inkluderer 3 månadar pliktarbeid knytt til undervisning i emnar ved Geofysisk Institutt.

Som postdoktor vil du vere ein del av den nasjonale forskarskolen på klima - Changing Climates in the Coupled Earth System (CHESS) og vere knytt til Bjerknessenteret. Bjerknessenteret er det største naturvitskaplege forskingssenteret på klima i Norden og har eit svært internasjonalt miljø med over 200 forskarar frå 37 land.

Arbeidsoppgåver:

Kandidaten vil samle nye data av isotopsamansetjinga av vassdamp, skyvatn og nedbør til validering av vass-syklusen i vêr og klimamodeller. Målsetjinga er å identifisere korleis isotopsignalet som vasskjelder lagar gjennom vêrhendingar, f.eks. i kaldluftutbrot og atmosfæriske elver, blir påverka av ulike atmosfæriske prosessar. I første delen av prosjektet skal det samlast og analyserast vassdamp, skyvatn, mikrofysikalske eigenskapar, nedbør, samt andre atmosfæriske eigenskapar i ein internasjonalt koordinert målekampanje med bruk av forskingsfly. I den andre delen skal vassisotopmålingar brukast til samanlikning med modellbaserte fordampningsflukser, turbulente blandingsprosessar, og skymikrofysikk for å kvantifisere kva rolle den har til å avspegle vannsyklusen under kaldluftutbrudd i dei Nordiske hav. Tolkingane skal baserast på eit modellhierarki frå enkle Rayleigh-modellar, søylemodellar og regionale isotop-utrusta vêrvarslingsmodellar med vassdamp-sporarar. Den utfordrande postdoktorstillinga vil opne opp moglegheiter til ein unik samansetning av arbeid i felt og med modelldata, og skal tett integrerast i det større ISLAS-prosjektet.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd norsk ph.d. – grad eller tilsvarande utdanning innan meteorologi, klimadynamikk, fysikk, miljøvitskap, eller eit anna relevant fag innan søknadsfristen, eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Erfaring i anten sky mikrofysikk, analyse av flybaserte målingar, stabile isotop analysar eller modellering, og turbulens er påkravd
  • Erfaring i bruk av Linux clusters og handtering av store datasett er påkravd
  • Erfaring med vitskapleg scripting, programmering og dataanalyse (f. eks. Python, Matlab, R, C++, FORTRAN) er påkravd
  • Prov på sjølvstende innan forsking og sterke skriftlege eigenskapar er påkravd
  • Kunnskap om stabile vassisotop prosessar er ein stor fordel
  • Erfaring i vitskapelege og tekniske aspektar av feltarbeid er ein fordel
  • Søkjarar må kunne delta på feltarbeid i utfordrande naturlege omgjevnadar
  • Søkjarar må ha gode kunnskapar i engelsk, både skriftleg og munnleg
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert
  • Søkarar må kunne kommunisere aktivt og ha gode samarbeidsevner passande for ei større gruppe

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

Om postdoktorstillinga:

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i vitskapelege toppstillingar. Arbeidet i prosjektet ISLAS skal utgjere 3 år og 9 månadar, mens 3 månadar med undervisning og anna pliktarbeid for instituttet vil i så høve bli lagt til som oppgåver i stillinga. Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.

Etter tiltreding skal postdoktoren i samarbeid med rettleiar og instituttleiar utarbeide ein plan for kvalifiseringsarbeidet, inkludert framdriftsplan. Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

Vi tilbyr:

  • ein unik sjanse til å kombinere feltbasert forsking med modellbaserte analyser og tolkning
  • deltaking i utfordrande internasjonal feltarbeid
  • eit godt og faglig utfordrande arbeidsmiljø innanfor prosjektet ISLAS og ved Geofysisk Institutt og Bjerknes Centre for Climate Research
  • løn etter lønssteg 60 (kode 1352/lønsramme 24, alternativ 4) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr 532 300,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing (1-2 sider) om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga
  • CV
  • publikasjonsliste
  • karakterutskrifter og vitnemål, samt stadfesting på at doktorgradsavhandlinga er levert
  • relevante attestar
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Etter søknadsfrist vil det bli oppnemnt ein komité som skal vurdere søkjarane. Søkjarar har innsynsrett i omtalen av deira faglege kompetanse. Søkjarar som ønsker innsyn kan kontakte saksbehandlar etter mottak av brev om oppnemning av komité.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS