Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Postdoktor i undervisningsutvikling i biologi

Søknadsfrist: 28.01.2020

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Postdoktorstilling i undervisningsutvikling i biologi

Ved Institutt for biovitskap, Universitetet i Bergen, er det ledig ei stilling som postdoktor i undervisningsutvikling knytt til tre eksternfinansierte prosjekt. Prosjekta har fokus på studentaktiv læring, praksis og forskingsaktivitet i undervisninga, og har som mål å re-designe studieprogrammet i biologi med vekt på generelle ferdigheter og tydelig samsvar mellom læringsmål, læringsaktiviteter og vurderingsformer. Stillinga er for ein åremålsperiode på fire år, der oppgåvene består dels i koordinering av undervisningsutviklingsprosjekta, utvikling av og forsking på undervisningsmetodar og dokumentasjon av re-designprosessen.

Stillinga er knytt til bioCEED, Senter for framifrå biologiutdanning ved Institutt for Biovitskap, Universitetet i Bergen. bioCEED utviklar og forskar på kvalitet i biologiutdanninga og har som mål at studentane skal utvikle grunnleggjande vitskapleg dugleik, samtidig som dei vert budd på å løyse viktige problem i vitskap, industri, næring og samfunn. bioCEED utviklar, forskar på, og tar i bruk nye studentaktive læringsformer og senteret satsar spesielt på utvikling av studentaktiv felt- og laboratorieundervisning.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

Postdoktoren vil arbeide inn mot fleire eksternt finaniserte forskingsprosjekt som alle har fokus på studentaktive læringsformar og forskingsintegrert undervisning. Prosjekta legg spesielt vekt på å skape konstruktivt samsvar mellom faglege kunnskapar og generelle ferdigheter på tvers av kurs og gjennom heile studieløpet. Eit viktig verkemiddel som vil prøvas ut er å gi studentane reelle forskingserfaringar tidlig i studieløpet, til dømes som deltakare i forskingsprosjekt eller gjennom fagrelevant praksis i arbeidslivet.

Postdoktoren får et særlig ansvar for å:

  • Koordinere prosessen med redesign av bachelorprogrammet i biologi med særlig vekt på forskningsaktiv undervisnings og oppbygning av generelle ferdigheter og kompetanser gjennom studieløpet.
  • Utvikle og forske på verktøy for program(re)design, i samarbeid med UiB Læringslab
  • Utvikle og forske på effektar av studentaktive læringsmetodar, spesielt med fokus på praksis i forsking som læringsarena.
  • Vidareutvikle felles læringsplattformar for generelle ferdigheter innan akademisk skriving, informasjonskompetanse, statistikk, felt- og labmetodikk (bioSKILLS)
  • Skrive og publisere vitskaplege artiklar i samarbeid med forskingsgruppa.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd norsk ph.d. – grad eller tilsvarande utdanning innanfor biologi, biologididaktikk, eller anna relatert fagfelt, eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje
  • Den som vert tilsett må ha undervisningserfaring på universitets- eller høgskolenivå.
  • Søkaren bør ha erfaring med utvikling av eller forsking på studieprogramdesign, og/eller studentaktiv forsking.
  • Prosjektleiarerfaring er ei føremon.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Det vert lagt vekt på relevant statistisk og/eller metodisk kompetanse, evne til kritisk tenking, og gode ferdigheter innan akademisk skriving og formidling. Søkarar må ha gode norsk- og engelskkunnskapar.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

Om postdoktorstillinga

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i faglege toppstillingar. Åremålsperioden for denne stillinga er 4. Kvalifiserande arbeid for instituttet som prosjektkoordinering i tilknyting til utviklingsarbeidet vil bli lagt til oppgåver i stillinga. Det vil være aktuelt med utanlandsopphald i USA hos samarbeidspartnarar i prosjekta. Ingen kan tilsetjast i meir enn ein åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.

Etter tiltreding skal postdoktoren i samarbeid med rettleiar og instituttleiar utarbeide ein plan for kvalifiseringsarbeidet, inkludert framdriftsplan. Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

Vi tilbyr

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Løn etter lønssteg 60 (kode 1352/lønsramme 24, alternativ 4) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr 532 300,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • Søknadsbrev med ei kort utgreiing om søkjaren sin motivasjonen for å søkje stillinga
  • Eit perspektivdokument (maksimalt 2 sider) der du gjer greie for dine forskingsinteresser inn mot prosjekta og arbeidsoppgåvene skissert ovanfor.
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga
  • CV
  • Karakterutskrifter og vitnemål, samt stadfesting på at doktorgradsavhandlinga er levert
  • Relevante attestar
  • Liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • Eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Førsteamanuensis Sigrunn Eliassen, email sigrunn.eliassen@uib.no eller
  • Professor Vigdis Vandvik, Institutt for biovitenskap, vigdis.vandvik@uib.no, telefon: +47 4730 1794

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS