Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Postdoktor i sinologi / kinakunnskap

Søknadsfrist: 30.09.2019

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Postdoktorstilling

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Institutt for framandspråk (IF) er det ledig ei postdoktorstilling i sinologi/kinakunnskap med planlagd start 1. januar 2020 eller etter avtale. Stillinga er for ein åremålsperiode på 4 år.

Institutt for framandspråk har ni ulike språkfag: arabisk, engelsk, fransk, italiensk, japansk, kinesisk, russisk, spansk språk og latinamerikastudium, tysk. Det blir undervist og forska innan disiplinane språk/lingvistikk, litteratur, kulturkunnskap og fagdidaktikk (http://www.uib.no/fremmedsprak).

Instituttet har litt over femti fast vitskapleg tilsette, tretti i rekrutteringsstillingar og ti administrativt tilsette. Instituttet tilbyr eit bachelorprogram i kinesisk. Programmet har per i dag to faste stillingar.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd norsk ph.d.-grad i kinesisk/kinastudiar, eller i eit anna nærliggjande humanistisk fagfelt. Ho eller han kan òg ha ein tilsvarande doktorgrad frå utlandet. Doktoravhandlinga skal vere levert før søknadsfristen er ute, og oppnådd doktorgrad er eit vilkår for tilsetjing.
  • Søkjarar må utarbeide eit forskingsprosjekt innan kinakunnskap (med vekt på kinesisk historie, litteratur eller kultur) og leggje ved søknaden. Søkjaren må òg leggje fram ein framdriftsplan for hovudaktivitetane i prosjektet og ein plan for publisering av forskingsresultata i internasjonale, anerkjende kanalar.
  • Søkjaren må kunne dokumentere gode kunnskapar i kinesisk (mandarin) og engelsk.
  • Den som får stillinga, må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.

I vurderinga av søkjarane blir hovudvekta lagt på den vitskaplege kvaliteten i postdoktor-prosjektet og dei akademiske kvalifikasjonane (publikasjonar og anna relevant erfaring). Dessutan skal det leggjast vekt på erfaring frå popularisering og formidling av forsking.

Søkjarane vil bli vurderte og rangerte av ein sakkunnig komité. Dei best kvalifiserte vil bli inviterte til intervju, og det vil bli innhenta referansar.

Ved tilnærma like kvalifikasjonar mellom dei rangerte søkjarane, blir det lagt vekt på fagstrategiske omsyn, motivasjon og kor personleg eigna søkjarane er. Kunnskapar i eit skandinavisk språk kan vere ein føremon.

Om postdoktorstillinga:

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett, for arbeid i faglege toppstillingar. Åremålsperioden for denne stillinga er 4 år, der 25 % av tida er pliktarbeid knytt til undervisning på bachelorprogrammet i kinesisk, formidling og administrasjon.

Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.

Det er ein føresetnad at den som blir tilsett, gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

Tilsetjing i stillinga krev at ein har sin daglege arbeidsplass ved Universitetet i Bergen, Institutt for framandspråk, og rettar seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

Vi tilbyr:

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 60 (kode 1352/LR 24) i det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på omlag kr. 531.900 brutto. Vidare opprykk etter tenesteansiennitet i stillinga
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar

Slik søkjer du stillinga:

Søknaden skal sendast elektronisk via lenka «SØK STILLINGEN» på denne sida, og skal skrivast på engelsk eller eit skandinavisk språk. Søkjaren må nytte det elektroniske CV-skjemaet, og søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå doktoravhandlinga
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad og vitnemål for doktorgraden eller stadfesting av at doktorgradsavhandlinga er levert
  • eit kort samandrag av doktorgradsavhandlinga (inntil 3 sider)
  • relevante attestar
  • prosjektomtale (inntil 5 sider, bibliografi ikkje medrekna)
  • framdriftsplan for prosjektet
  • litteraturliste for prosjektomtalen
  • liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • inntil 5 vitskaplege arbeid

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge. Vedlegga kan vere i Word- eller pdf-format.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Spørsmål om den elektroniske søknadsprosedyren skal rettast til fakadm@hf.uib.no.

Søknadsfrist: 30.09.2019

Jobb id: 19/21815

SØK STILLINGEN

Powered by Labrador CMS