Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Postdoktor i romfysikk ved Birkeland Centre for Space Science

Søknadsfrist: 25.09.2019

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Postdoktorstilling

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Institutt for fysikk og teknologi er det ei ledig stilling som postdoktor innan romfysikk. Stillinga er for ein åremålsperiode på 4 år. Stillinga er finansiert av Universitetet i Bergen og knytt til Birkeland Centre for Space Science (BCSS).

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

BCSS er organisert i to instrumenteringsgrupper, ei utdanning og formidlingsgruppe og tre forskingsgrupper:

1) Dynamics of the Asymmetric Geospace

2) Particle Precipitation

3) Hard Radiation from Thunderstorms

Postdoktoren vil vere ein del av Gruppe 1. Denne gruppa utforskar dynamikken og asymmetriar i det nære verdsrommet (geospace). Sidan oppstarten av BCSS har denne gruppa gjort store framsteg i å forklare korleis asymmetriske fotpunkt til magnetfeltlinjer oppstår og korleis asymmetriane forsvinn. Vidare forsking innan fagområdet prøver no å finne ut kva som er vilkåra for maksimal asymmetri, kva krefter som styrer korleis asymmetriane blir produserte eller forsvinn. Dette blir fokuset for dette postdoktorprosjektet. Dersom tida tillet, skal prosjektet også utforske magnetfeltgeometri under theta nordlys, som er eit komplekst og uløyst problem. Prosjektet vil bruke både in-situ satellittmålingar av magnetisk trykk i magnetosfærelobane, MHD modellering, andre modellar av straumar og konveksjon, i tillegg til nordlysbilete. Prosjektet vil bli koordinert saman med andre forskarar i Gruppe 1, og vil dra nytte av å ha ei gruppe rundt seg som fokuserer på nettopp desse spørsmåla.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd norsk ph.d. – grad eller tilsvarande utdanning innanfor romfysikk, eller må ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha framifrå engelskkunnskapar, både skriftleg og munnleg.

Søkjarar må ha erfaring frå eit eller fleire av fylgjande område:

  • Prosessering av globale bildedata av nordlys og kjennskap til utfordringar innan analyse av slike data
  • Kjennskap til prosessering og analyse av Cluster satellittdata og andre in-situ data frå rommet.
  • Kjennskap til tolking av MHD modelldata
  • God teoretisk forståing og bakgrunn innan prosessar involvert i vekselverknad mellom solvind, magnetosfære og ionosfære
  • Gode programmeringsferdigheiter

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

Om postdoktorstillinga:

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i vitskapelege toppstillingar. Åremålsperioden for denne stillinga er fire år og inkluderer undervisningsoppgåver som tilsvarar cirka 25% av den samla arbeidstida. Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.

Søkjarar skal ved tilsetjing kome med framlegg til plan for kvalifiseringsarbeidet som inneheld ein framdriftsplan. Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

Vi tilbyr:

  • eit godt og faglig utfordrande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 60 (kode 1352/lønsramme 24, alternativ 4) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr 532 300,- brutto. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga
  • CV
  • Karakterutskrifter og vitnemål, samt stadfesting på at doktorgradsavhandlinga er levert
  • Relevante attestar
  • Liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • Eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Professor Nikolai Østgaard, Institutt for fysikk og teknologi, tel. +47 55 58 27 94 / e-mail Nikolai.Ostgaard@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Etter søknadsfrist vil det bli oppnemnt ein komité som skal vurdere søkjarane. Søkjarar har innsynsrett i omtalen av deira faglege kompetanse. Søkjarar som ønsker innsyn kan kontakte saksbehandlar etter mottak av brev om oppnemning av komité.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS