Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Postdoktor i RNA bioinformatikk og genomikk

Søknadsfrist: 23.10.2019

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Postdoktorstilling i RNA bioinformatikk og genomikk

Det er ledig ei stilling som postdoktor i RNA bioinformatikk og genomikk ved Institutt for biovitskap og Computational Biology Unit (CBU). Stillinga er for ein periode på 3 år og er knytt til det EU-finansierte prosjektet, MESI-STRAT (https://mesi-strat.eu/).

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

MESI-STRAT konsortiet utforskar samspelet mellom brystkreftmetabolisme og onkogen signalering (MEtabolic SIgnaling) og utviklar nye modeller for kunnskapsbasert STRATifisering av pasientar i undergrupper med forskjellige endokrine terapimotstandsmekanismar. Det felleseuropeiske teamet består av onkologar, modellerarar, bioinformatikare og eksperimentelle forskarar. Det annonserte innlegget vil omfatte bioinformatikkanalyse av RNA-seq data frå pasientar og cellelinjer under forskjellige behandlingsregime og bidrag til datahandteringsstrategien for konsortiet.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd norsk ph.d. – grad eller tilsvarande utdanning innanfor naturvitskap. Ph.d.-studentar kan søkje om disputas er gjennomført innan 1.12.2019. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Ein solid bakgrunn innan bioinformatikk, spesielt genomikk, inkludert analyse av sekvenseringsdata er eit krav
  • Erfaring med å handtere og integrere fleire typar data, for eksempel frå RNA-seq, proteomics, metabolomics, er eit krav
  • Søkjarar må kunne jobbe sjølvstendig og strukturert. Søkjarar må også kunne samarbeide med andre, ha entusiasme for forsking og ein god arbeidsmoral.
  • Erfaring innan RNA-biologi, Biomarker-funn eller systembiologisk modellering er ein stor føremon. Denne erfaringa (teknikkar, erfaringsnivå osv.) må være tydeleg spesifisert og dokumentert i søknaden
  • Demonstrert erfaring med kommunikasjon av vitskapelege resultat til brede, ikkje-spesialiserte målgrupper er ein føremon
  • Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

Om postdoktorstillinga

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i vitskapelege toppstillingar. Om den som vert tilsett manglar undervisningserfaring og/eller annan kvalifiseringskompetanse, kan det verte aktuelt å auke tilsetjingsperioden til 3 år og 6 månader. Undervisning og anna pliktarbeid for instituttet vil i så høve bli lagt til som oppgåver i stillinga (dei ekstra månadene vert finansierte av instituttet.) Stillinga vil kunne bli forlenga med inntil eitt år dersom kandidaten får innvilga forskingsopphald i utlandet frå eksterne kjelder (maks fire år totalt). Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.

Etter tiltreding skal postdoktoren i samarbeid med rettleiar og instituttleiar utarbeide ein plan for kvalifiseringsarbeidet, inkludert framdriftsplan.

Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

Vi tilbyr

  • Eit godt og faglig utfordrande arbeidsmiljø
  • Løn etter lønssteg 60 (kode 1352/lønsramme 24, alternativ 4) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr 532 300,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga
  • CV
  • Karakterutskrifter og vitnemål, samt stadfesting på at doktorgradsavhandlinga er levert
  • Relevante attestar
  • Liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • Eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Dr. Sushma Grellscheid, førsteamanuensis, Institutt for biovitskap og Computational Biology Unit, Universitetet i Bergen (sushma.grellscheid@uib.no)

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS