Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Postdoktor i mikrobiell økologi og Arktisk mikrobiomstudiar

Søknadsfrist: 13.11.2019

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Postdoktorstilling i mikrobiell økologi og Arktisk mikrobiomstudiar

Ved Institutt for biovitenskap er det ledig ei stilling som postdoktor i mikrobiell økologi og Arktisk mikrobiomstudiar. Stillinga er for ein åremålsperiode på 3 år, med moglegheit for forlengning, og knytt til det NFR finansierte prosjektet “Climatic forcing of methane gas escape through permafrost in Svalbard (CLIMAGAS)” som er et samarbeidsprosjekt med Universitets seneret på Svalbard (UNIS).

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

Postdoktoren vil arbeide med utvikling og implementering av multi-omics metodar innan mikrobielt drivne arktiske økosystem. Den som blir tilsett vil bruke og utvikle nye metodar for å betre forstå samspelet mellom bakteriesamfunnsstruktur og -funksjon i eit arktisk miljø som er under hurtig endring. Kandidaten skal søke å forstå den endringa som kjem fram av eit raskt skiftande klima og dei faktorane som påverkar økosystemet og organismenes respons på det oppvarmande Arktis.

Prosjektet vil særlig fokusere på en økt forståing av utslipp av klimagassene metan og CO2 frå permafrost områder. Arbeidet vil gå ut på å måle gassutslepp frå permafrost og kople dette opp mot dei mikroorganismane som er til stades og deira biogeokjemiske prosessar. Kandidaten vil også arbeide med mikrobielle samfunnsanalyser for kartlegging og karakterisering av desse unike og til nå understuderte miljøa. Teknikkane som skal nyttes i dette prosjektet vil inkludere kontrollerte dyrkingsmetodar (aerobe og anaerobe), de-novo-populasjonsanalyser, sekvensering, genomanalysar, genomikk, transkriptomikk, proteomikk samt (RT) -PCR, q-PCR. Store deler av arbeidet vil vere feltbasert og derfor blir det viktig med ein kombinasjon av felttilpassa DNA-ekstraksjon i samanheng med hurtig analyser og implementering av USB-baserte nanopore DNA-sekvenseringsplattformer.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd norsk ph.d. – grad eller tilsvarande utdanning innanfor mikrobiologi, kjemi/biologi/miljøteknologi, molekylærbiologi, bioteknologi eller annen relevant bakgrunn, eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje
  • Erfaring frå eit eller fleire av dei følgande områdane er eit krav: mikrobiell genomikk, transkriptomanalyser, bakteriar og arkar, mikrobiomstudier, avanserte mikrobielle dyrkningsteknikker, bioinformatikk, metagenomikk, og molekylær mikrobiell økologi.
  • Erfaring frå preparering av bibliotek for sekvensering med påfølgande bioinformatiske analysar av mikroorganismar og mikrobielle samfunn er ein føremon (td: Qiime, R, ARB, MOTHUR, BLAST, (Meta) Velvet).
  • Det vil vere en føremon om kandidaten har erfaring frå tidligare laboratoriearbeid, feltarbeid og computerbaserte analysar.
  • Kunnskap om programmering som bruk av R, Python and/or matlab vil vere ein føremon
  • Erfaring frå Arktisk feltarbeid er ein føremon.
  • Vi søkjer ein motivert og engasjert forskar med gode kommunikasjons- og organisasjonsevner, og som allereie har publisert vitskapelige artiklar i internasjonale tidsskrift.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

Om postdoktorstillinga

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i faglege toppstillingar. Om den som vert tilsett manglar undervisningserfaring og/eller annan kvalifiseringskompetanse, kan det verte aktuelt å auke tilsetjingsperioden til 3 år og 6 månader. Undervisning og anna pliktarbeid for instituttet vil i så høve bli lagt til som oppgåver i stillinga. (Dei ekstra månadene vert finansierte av instituttet.) Stillinga vil kunne bli forlenga med inntil eitt år dersomkandidaten får innvilga forskingsopphald i utlandet frå eksterne kjelder (maks fire år totalt). Ingen kantilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.

Etter tiltreding skal postdoktoren i samarbeid med rettleiar og instituttleiar utarbeide ein plan forkvalifiseringsarbeidet, inkludert framdriftsplan.Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Løn etter lønssteg 60 (kode 1352/lønsramme 24, alternativ 4) i lønsregulativet til staten vedtilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr 532 300,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga
  • CV
  • Karakterutskrifter og vitnemål, samt stadfesting på at doktorgradsavhandlinga er levert
  • Relevante attestar
  • Liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • Eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Professor Lise Øvreås, Institutt for biovitenskap på telefon +47 55582675 / 99236392

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen