Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Postdoktor i matematisk biologi / evolusjonære algoritmer

Søknadsfrist: 31.10.2019

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Postdoktorstilling i matematisk biologi/evolusjonære algoritmer

Ved Institutt for Biovitskap ved Universitetet i Bergen er det ledig ei stilling som postdoktor i teoretisk økologi og matematisk biologi. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år og knytt til eksternfinansierte prosjektet SIMPLEX.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Stillinga er ein del av forskingsprosjektet SIMPLEX («Self-similarity in ecosystem organization – From simple laws of microbial ecology to scale-invariant theory of ecosystem complexity»), som er finansiert av Trond Mohn Stiftelsen og Universitetet i Bergen. SIMPLEX undersøker korleis komplekse næringsnett og økosystem kan oppstå basert på enkle økologiske mekanismar. Avvegingar mellom livstrategiar som god evne til å konkurrere eller forsvare seg mot predasjon er sentralt for teorien som utvikles i prosjektet. I stillinga jobbar kandidaten med modeller som simulerer evolusjon av mikrobielle næringsnett. Nærmare vil kandidaten utvikle evolusjonære algoritmar til å studere om enkle avveging genererer fraktal-liknande strukturer i næringsnett.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd norsk ph.d. – grad eller tilsvarande utdanning innanfor teoretisk økologi eller matematisk biologi. Ph.d.-studentar kan søkje om disputas er gjennomført innan 31.12.2019. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Erfaring frå programmering (innen Python e.l.) er eit krav
  • Søkarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner
  • Søkarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

Særeigne krav for stillinga: Gode programmeringskunnskap og interesse i evolusjonære prosesser og kompleksitet i økosystemer.

Om postdoktorstillinga:

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i faglege toppstillingar. Åremålsperioden for denne stillinga er 3 år. Om den som vert tilsett manglar undervisningserfaring og/eller annan kvalifiseringskompetanse, kan det verte aktuelt å auke tilsetjingsperioden til 3 år og 6 månadar. Undervisning og anna pliktarbeid for instituttet vil i så høve bli lagt til som oppgåver i stillinga. Stillinga vil kunne bli forlenga med inntil eitt år dersom kandidaten får innvilga forskingsopphald i utlandet frå eksterne kjelder (maks fire år totalt)Ingen kan tilsetjast i meir enn ein åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.

Etter tiltreding skal postdoktoren i samarbeid med rettleiar og instituttleiar utarbeide ein plan for kvalifiseringsarbeidet, inkludert framdriftsplan. Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Løn etter lønssteg 60 (kode 1352/lønsramme 24, alternativ 4) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer for tida ei årsløn på kr 532 300 brutto. (For postdoktorstillingar er det vanleg å lyse ut med kunn eit lønsrammealternativ. Ein kan likevel lyse ut med fleire alternativ dersom det er naturleg). Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga
  • CV
  • Karakterutskrifter og vitnemål, samt stadfesting på at doktorgradsavhandlinga er levert
  • Relevante attestar
  • Liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • Eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Dr. Selina Våge, Institutt for biovitskap, Universitetet i Bergen, selina.vage@uib.no, 0047 94213581

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS