Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Postdoktor i informatikk – data science

Søknadsfrist: 27.01.2020

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Postdoktor i informatikk – data science

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Institutt for informatikk er det ledig ei stilling som postdoktor i informatikk, med spesialisering i data science. Stillinga er for ein åremålsperiode på 4 år og er knytt til instituttet si nye satsing Center for Data Science (CEDAS).

Om instituttet

Digitalisering av næringsliv, offentleg forvaltning og utdanning gjer at informatikk speler ei stadig viktigare rolle i samfunnsutviklinga. Forsking og utdanning i informatikk er avgjerande for at den digitale transformasjonen av samfunnet skal lykkast. Institutt for informatikk bidreg til dette gjennom sju forskingsgrupper som leverer forsking og utdanning av høg internasjonal kvalitet innan algoritmar, bioinformatikk, maskinlæring, optimering, programmeringsteori, sikker kommunikasjon og visualisering. Alle gruppene har stor eksternfinansiering, blant anna frå Det europeiske forskingsrådet (ERC). Instituttet tilbyr moderne og oppdatert utdanning på bachelor-, master- og ph.d.-nivå. På grunn av den sentrale rolla som informatikk speler i samfunnet, er instituttet i sterk vekst når det gjeld talet på studentar, forskingsretningar og tilsette. Vi har i dag om lag 700 studentar, i overkant av 50 stipendiatar og 150 tilsette, deriblant 35 førsteamanuensar og professorar. Vi har nyleg etablert Center for Data Science (CEDAS) som ein viktig utviding av vår aktivitet innan forsking og utdanning

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Alle tilsette vert forventa å bidra til framifrå forsking og undervisning av høg internasjonal kvalitet. Den utlyste stillinga er knytt til Center for Data Science, CEDAS. Basert på vår internasjonalt anerkjente kompetanse innan blant anna algoritmar, maskinlæring og visualisering, har CEDAS som mål å skyve fram forskingsfronten innan fundametale problemstillingar i data science, automatisert analyse av big data, og interaktiv visuell data science. Forskinga ved CEDAS er i stor grad tverrfagleg og byggjer på minst to av dei nemnde fokusområda i sine forskingsprosjekt. Vi ser etter ein framifrå forskar som vil bidra til suksessen til CEDAS og forskinga i data science. Kandidatar til denne stillinga bør ha eit sterkt ynskje om å bidra til toppforsking i data science innan prioriteringane til CEDAS, basert på sine eigne tidlegare forskingserfaring. Moglege forskingstema for denne stillinga er blant anna «multivariate algorithmics», «structure-aware visual data science», «semi-automatic topologival data analysis of high-dimensioanl data», og andre tema som passar inn under CEDAS. Søkjarar med forskingskompetanse relatert til ei anvending av data science, for eksempel innan bioinformatikk, er òg velkomne. Søkjarar må klargjera i sine søknader korleis deira kompetanse passer med CEDAS sine prioriteringar.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd norsk PhD-grad eller tilsvarande utdanning innanfor informatikk, matematikk eller tilsvarande felt. PhD-studentar kan søkje dersom disputas er gjennomført innan 1. juni 2020. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Bakgrunn i data science er eit krav. Søkjarar må dokumentera deira relevant kompetanse med publikasjonar i respekterte tidsskrift og konferansar.
  • Relevant bakgrunn i minst eit av fokusområda til CEDAS er eit krav. Bakgrunn i minst to av desse områda er ein føremon. Kompetanse er ynskjeleg spesielt i visuell data science, maskinlæring, topologisk dataanalyse, og algoritmeforsking.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Erfaring frå undervisning er ein føremon.
  • Søkarar må ha framifrå engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.
  • Det er ein føremon med gode norskkunnskapar.
  • Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

Om postdoktorstillinga:

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling på 4 år og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i vitskapelege toppstillingar. 25% av arbeidstida skal brukast på aktivitetar tilknytt undervisning, formidling og kommunikasjon ved CEDAS og elles ved Institutt for informatikk. Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.

Den som får stillinga skal ved tilsetjing saman med sin mentor lage ein plan for kvalifiseringsarbeidet som inneheld ein framdriftsplan. Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden

Vi tilbyr:

  • Eit godt og faglig utfordrande arbeidsmiljø
  • Løn etter lønssteg 60 - 65 (kode 1352/lønsramme 24, alternativ 4) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr 532 300 – 583 900. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga. I søknaden må søkjaren forklara korleis vedkommandes forskingsinteresse og forskingsplanar passer med forskingsprioriteringane ved CEDAS.
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga
  • CV
  • Karakterutskrifter og vitnemål, samt stadfesting på levert doktorgradsavhandlinga eller planlagt dato for disputas, der det gjeld.
  • Relevante attestar
  • Liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • Utvalde publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge innan 27.01.2020

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

For HR-relaterte førespurnader ta kontakt med Lene Sørheim.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS