Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Postdoktor i informatikk - programutviklingsteori

Søknadsfrist: 31.01.2020

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Postdoktor i informatikk - programutviklingsteori

Ved Institutt for informatikk er det ledig ei stilling som postdoktor i programutviklingsteori. Stillinga er for ein åremålsperiode på 4 år.

Om instituttet

Digitalisering av næringsliv, offentlig forvaltning og utdanning gjer at informatikk speler ei stadig viktigare rolle i samfunnsutviklinga. Forsking og utdanning i informatikk er avgjerande for at den digitale transformasjonen av samfunnet skal lykkast. Institutt for informatikk bidreg til dette gjennom sju forskingsgrupper som leverer forsking og utdanning av høg internasjonal kvalitet innan algoritmar, bioinformatikk, maskinlæring, optimering, programmeringsteori, sikker kommunikasjon og visualisering. Alle gruppene har stor eksternfinansiering, blant anna frå Det europeiske forskingsrådet (ERC). Instituttet tilbyr moderne og oppdatert utdanning på bachelor-, master- og ph.d.-nivå. På grunn av den sentrale rolla som informatikk speler i samfunnet, er instituttet i sterk vekst når det gjeld talet på studentar, forskingsretningar og tilsette. Vi har i dag om lag 700 studentar, i overkant av 50 stipendiatar og 150 tilsette, deriblant 35 førsteamanuensar og professorar. Vi har nyleg etablert Center for Data Science (CEDAS) som ein viktig utviding av vår aktivitet innan forsking og utdanning.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Alle tilsette vert forventa å bidra til framifrå forsking og undervisning av høg internasjonal kvalitet. Arbeidsplass for denne stillinga vil vera hos forskingsgruppa programutviklingsteori og det tilknytte Bergen laboratorium for språkdesign (BLDL). Gruppa fokuserer på programvare som eit formelt studieobjekt ved bruk av formelle metodar og språkverkty, inklusive utvikling av ulike typar applikasjonar. Gruppa utfører også grunnleggjande forsking innan algebraiske og kategoriske metodar, logikk og typeteori med eit sterkt blikk mot praktisk nytte. Kombinasjonen av teori og praksis er ganske unik. Vi ser etter ein framifrå kandidat med sterke ambisjonar innan PUT si interessesfære, spesielt ein person som kan styrka gruppa innan retninga programvare.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd norsk ph.d.-grad eller tilsvarande utdanning innanfor informatikk, matematikk eller tilsvarande felt. PhD-studentar kan søkje dersom disputas er gjennomført innan 30. juni 2020. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Erfaring frå undervisning er ein sterk føremon.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkarar må ha framifrå engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.
  • Det er ein sterk føremon med gode norskkunnskapar.
  • Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

Særeigne krav for stilling:

  • Undervisning av bachelor- og master-emn innan programvare, spesifikt instituttets emne INF214 - Multiprogrammering).
  • Delta i vegleiing av master- og PhD-studentar.
  • Forsking innan feltet programvare (som skissert over).
  • Bidra til søknader om ekstern finansierte forskingsprosjekt.
  • Populærvitskapleg formidling og studentinteraksjon innan felta programvare eller informatikk generelt.

Om postdoktorstillinga:

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling på 4 år og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i vitskapelege toppstillingar. 25% av arbeidstida skal brukast på undervisning og formidling ved Institutt for informatikk. Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.

Søkjarar skal ved tilsetjing saman med sin mentor lage ein plan for kvalifiseringsarbeidet som inneheld ein framdriftsplan. Det er forventa at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden

Vi tilbyr:

  • Eit godt og faglig utfordrande arbeidsmiljø
  • Løn etter lønssteg 60 - 65 (kode 1352/lønsramme 24, alternativ 4) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr 532 300 – 583 900. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga
  • CV
  • Karakterutskrifter og vitnemål, samt stadfesting på at doktorgradsavhandlinga er levert
  • Relevante attestar
  • Liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • Eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge innan 31.01.2020

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

For HR-relaterte førespurnader ta kontakt med Lene Sørheim

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS