Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Postdoktor i informatikk - optimering

Søknadsfrist: 01.02.2020

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Postdoktor i informatikk - optimering

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Institutt for informatikk er det ledig ei stilling som postdoktor i informatikk – optimering.

Stillinga er for ein åremålsperiode på 4 år.

Om instituttet

Digitalisering av næringsliv, offentleg forvaltning og utdanning gjer at informatikk spelar ei stadig viktigare rolle i samfunnsutviklinga. Forsking og utdanning i informatikk er avgjerande for at den digitale transformasjonen av samfunnet skal lykkast. Institutt for informatikk bidreg til dette gjennom sju forskingsgrupper som leverer forsking og utdanning av høg internasjonal kvalitet innan algoritmar, bioinformatikk, maskinlæring, optimering, programmeringsteori, sikker kommunikasjon og visualisering. Alle gruppene har stor eksternfinansiering, blant anna frå Det europeiske forskingsrådet (ERC). Instituttet tilbyr moderne og oppdatert utdanning på bachelor-, master- og ph.d.-nivå. På grunn av den sentrale rolla som informatikk spelar i samfunnet, er instituttet i sterk vekst når det gjeld talet på studentar, forskingsretningar og tilsette. Vi har i dag om lag 700 studentar, i overkant av 50 stipendiatar og 150 tilsette, deriblant 35 førsteamanuensar og professorar. Vi har nyleg etablert Center for Data Science (CEDAS) som ei viktig utviding av aktivitetane våre innan forsking og utdanning.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Alle tilsette vert forventa å bidra til framifrå forsking og undervisning av høg internasjonal kvalitet. Arbeidsplass for denne stillinga vil vera hos forskingsgruppa i optimering. Forskingsgruppa underviser og forskar innafor eit vidt teoretisk felt, og i innovative applikasjonar av operasjonsanalyse og data science. Til den utlyste stillinga ser vi etter ein glimrande forskar, som har erfaring i matematisk modellering og i utvikling av (meta)heuristikkar for å løysa komplekse kombinatoriske optimeringsproblem (t.d. innafor logistikk, transport eller energi).

Optimeringsgruppa er under vekst, og den som vert tilsett er venta å bidra til gruppa si vidare utvikling. Ho/han skal og aktivt involvera seg i formidling av vitskaplege resultat, rekruttering av doktorgrads- og masterstudentar, forskingsseminar, og andre aktivitetar som er viktige for gruppa. Den nye postdoktoren vil arbeida i kontakt med verksemder og andre forskingsinstitutt. Ein stor del av arbeidet hennar/hans vil føregå i nært samarbeid med andre forskarar og doktorgradsstudentar, og vil innebæra rettleiing av masterstudentar på tvers av ulike forskingsprosjekt. Det er venta at praktiske optimeringsproblem blir analyserte og løyste, og at nye vitskaplege merittar blir rapporterte jamnleg. Publikasjonar av forskingsresultat i internasjonale tidsskrift og konferansar blir sett på som avgjerande viktige leveransar.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd norsk ph.d.-grad eller tilsvarande utdanning i informatikk, matematikk, industrial engineering eller anna relevant felt. Ph.d.-studentar kan søkje dersom disputas er planlagt gjennomført innan 31. mai 2020. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Forskingserfaring innafor matematisk modellering og i bruk av (meta)heuristikkar og eksakte løysingsmetodar er eit krav. Tidlegare forsking må dokumenterast i form av ei lovande publikasjonsliste.
  • Evne til å modellera og å løysa komplekse kombinatoriske optimeringsproblem er eit krav (t.d. innafor logistikk, transport, eller energi).
  • Erfaring frå industribaserte prosjekt er ein føremon.
  • Evne til å undervisa i kurs på master- og bachelornivå innafor operasjonsanalyse er eit krav.
  • Gode programmingersevner (helst i C++ eller Java) er ein føremon.
  • Søkjarar må kunna arbeida både på eiga hand og i samarbeid med andre, samt å spela ei nøkkelrolle i gruppa sine aktivitetar retta mot omverda (t.d. formidling, studentrekruttering, og forskingsseminar).
  • Det vil vera ein føremon om søkjarane er rike på initiativ, og at dei har ein proaktiv og open personlegdom.
  • Søkjarane må ha gode kommunikasjonsevner, og dei må meistra engelsk skriftleg og munnleg svært godt.

Om postdoktorstillinga:

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling, og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i vitskaplege toppstillingar. 25% av arbeidstida skal brukast på aktiviteter knytt til undervisning, formidling og kommunikasjon ved Institutt for informatikk. Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.

Søkjarar skal ved tilsetjing saman med sin mentor lage ein plan for kvalifiseringsarbeidet som inneheld ein framdriftsplan. Det er forventa at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Løn etter lønssteg 60 – 65 (kode 1352/lønsramme 24, alternativ 4) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr 532 300 – 583 900 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga
  • CV
  • Karakterutskrifter og vitnemål, samt eventuell stadfesting på at doktorgradsavhandlinga er levert eller planlagt dato for disputas
  • Relevante attestar
  • Liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • Eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge innan 01.02.2020

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

For HR-relaterte førespurnader ta kontakt med Lene Sørheim

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS