Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Postdoktor i fysisk oseanografi

Søknadsfrist: 22.10.2019

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Postdoktorstilling

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Geofysisk institutt, Universitetet i Bergen er det ledig ei stilling som postdoktor i fysisk oseanografi. Stillinga er for ein åremålsperiode på 3 år og knytt til prosjektet «Blandingsprosessar og vertikale energi og materieflukser i Polhavet» (AROMA), finansiert av KLIMAFORSK-programmet til Noregs Forskingsråd.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

AROMA sitt overordna mål er å betre forståinga av rolla til vertikal blanding i karbon- og varmebudsjettet i Polhavet, rolla varmemengda i havet har for tjukkelsen og areal av sjøis, og dei tilknytte responsane. AROMA samarbeider og deltar i det internasjonale prosjektet MOSAiC (http://mosaicobservatory.org), og det nasjonale, multidisiplinære prosjektet Arven etter Nansen (http://site.uit.no/nansenlegacy). I prosjektet MOSAiC skal isbrytaren Polarstern drive med isen på tvers av Polhavet frå oktober 2019 til september 2020. AROMA sitt bidrag til MOSAiC vil vere å delta på den siste etappen, og dessutan å bidra til oseanografiske målingar undervegs på alle etappar, med særleg fokus på mikrostrukturen i havet. I Arven etter Nansen skal AROMA bidra med prosesstudier for å etterforske dei fysiske mekanismane som kontrollerer utbreiinga av sjøis og stratifisering nord for Svalbard og i Barentshavet, med særleg fokus på tidevasstraumar og frontale blandingsprosessar.

Den som vert tilsett, vil vere ein del av forskingsgruppa i fysisk oseanografi ved Geofysisk institutt. Forskinga siktar på å identifisere og kvantifisere dei vertikale blandingsprosessane undervegs medan Polarstern driver på tvers av Polhavet, samt de prosessane som styrar posisjonen og variabiliteten til den termohaline polarfronten i det sentrale Barentshavet. Den som vert tilsett, vil studere prosessar frå storskala kvervlar til småskala turbulens og blanding, inkludert utveksling på tvers av frontar, respons på atmosfære- og tidevassendringar, og indre bølger. Grunnlaget for forskinga vil vere skipsbaserte målingar, målingar frå undervassglidarar og målingar frå instrument forankra i is eller havbotn.

Den som vert tilsett, skal delta på 2-3 tokt med forskingsfartøyet Kronprins Haakon, der kandidaten skal utføre målingar og samle data. I tillegg til vanleg moderne skipsmontert og forankra oseanografisk instrumentering, vil mikrostuktur-målesystem som glidar utstyrt med mikrostuktur sensorar og skipsbasert instrument for vertikal profilering, samt «Seaglider» og undervassdriftarar verta nytta. Forskargruppa har den nødvendige ekspertisen for å leie slike måleprogram. Den som vert tilsett, skal også samarbeide med ein stipendiat som jobbar på prosjektet Arven etter Nansen i lag med Ilker Fer.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd norsk ph.d.-grad eller tilsvarande utanlandsk utdanning i oseanografi, meteorologi, fysikk, anvend matematikk eller liknande fagområde. Ph.d.-studentar kan søkje om disputas er gjennomført innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Erfaring innan dataanalyse og programmeringsverktøy (som Matlab eller Python) er eit krav.
  • Søkjarar må ha ei grundig forståing av havfysikk, tidevass- og frontprosessar, og småskala blandingsprosessar i polområda.
  • Søkjarar må kunne vise til gode og relevante publikasjonar i dette fagfeltet, samt erfaring med innsamling og handsaming av data frå relevante målesystem.
  • Erfaring med design, planlegging og organisering av feltarbeid er ein føremon.
  • Erfaring med undervass-gliderar er ein føremon.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha svært gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

Om postdoktorstillinga:

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i vitskapelege toppstillingar. Om den som vert tilsett manglar undervisningserfaring og/eller annan kvalifiseringskompetanse, kan det verte aktuelt å auke tilsetjingsperioden i inntil 3 månader. Undervisning og anna pliktarbeid for instituttet vil i så høve bli lagt til som oppgåver i stillinga. Stillinga vil kunne bli forlenga med inntil eitt år dersom kandidaten får innvilga forskingsopphald i utlandet frå eksterne kjelder (maks fire år totalt). Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.

Etter tiltreding skal postdoktoren i samarbeid med rettleiar og instituttleiar utarbeide ein plan for kvalifiseringsarbeidet, inkludert framdriftsplan.

Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

Vi tilbyr:

  • eit godt og faglig utfordrande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 60 (kode 1352/lønsramme 24, alternativ 4) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr 532 300,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjon for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål, samt stadfesting på at doktorgradsavhandlinga er levert eller forsvart.
  • relevante attestar
  • liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Etter søknadsfrist vil det bli oppnemnt ein komité som skal vurdere søkjarane. Søkjarar har innsynsrett i omtalen av deira faglege kompetanse. Søkjarar som ønsker innsyn kan kontakte saksbehandlar etter mottak av brev om oppnemning av komité.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS