Ledig stilling ved Universitetet i Bergen
Postdoktor i bioinformatikk knytt til CCBIO
Søknadsfrist: 27.12.2019
Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Postdoktor i bioinformatikk knytt til kreft

Ved Institutt for informatikk er det ledig ei stilling som postdoktor i bioinformatikk, stillinga er knytt til Senter for framragande forsking Centre for Cancer Biomarkers CCBIO. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år og er finansiert av Norges Forskingsråd.
Om CCBIO
CCBIO, under leiing av professor Lars A. Akslen, arbeider med biomarkører for å oppnå ein betre forståing av maligne (vondarta) svulstar og ein meir presis behandling av kreft. Forskarane har eit spesielt fokus på mekanismar og biomarkører knytt til vekst i svulstar og vekselverknader mellom svulstar og deira mikromiljø og i neste omgang innverknad på spreiing og prognose. Forskingsaktiviteten er organisert i fire program: grunnleggjande studiar og dyremodellar (Program 1), oppdaging og validering av nye biomarkører (Program 2), kliniske studiar (Program 3) og studiar knytt til etikk, økonomi og prioriteringar (Program 4). CCBIO har ein sterkt internasjonal profil og samarbeid over heile verda.
Om instituttet
Digitalisering av næringsliv, offentlig forvaltning og utdanning gjer at informatikk speler ein stadig viktigare rolle i samfunnsutviklinga. Forsking og utdanning i informatikk er avgjerande for at den digitale transformasjonen av samfunnet skal lykkast. Institutt for informatikk bidreg til dette gjennom sju forskingsgrupper som leverer forsking og utdanning av høg internasjonal kvalitet innan algoritmar, bioinformatikk, maskinlæring, optimering, programmeringsteori, sikker kommunikasjon og visualisering. Alle gruppene har stor eksternfinansiering, blant anna frå Det europeiske forskingsrådet (ERC). Instituttet tilbyr moderne og oppdatert utdanning på bachelor-, master- og ph.d.-nivå. På grunn av den sentrale rolla som informatikk speler i samfunnet, er instituttet i sterk vekst når det gjeld talet på studentar, forskingsretningar og tilsette. Vi har i dag om lag 700 studentar, i overkant av 50 stipendiatar og 150 tilsette, deriblant 35 førsteamanuensar og professorar. Vi har nyleg etablert Center for Data Science (CEDAS) som ein viktig utviding av vår aktivitet innan forsking og utdanning
Om prosjektet/arbeidsoppgåver:
Alle tilsette vert forventa å bidra til framifrå forsking og undervisning av høg internasjonal kvalitet. Arbeidsplass for denne stillinga vil vera ved Computational Biology Unit med eit tett samarbeid med grupper ved CCBIO lokalisert ved det medisinske fakultet ved Universitetet i Bergen. Kandidaten kan og dra nytte av å vere knytt til Centre for Data Science CEDAS.
Kandidaten vil arbeide med utvikling og bruk av metodar for å analysere molekyl-nivå data for å betre forståinga av svulstar og vekselverknader mellom svulstar og deira mikromiljø og utvikling av nye markørar knytt til utvikling av svulstar som kan nyttast til å forutseie respons på behandling og prognose for pasientar. CCBIO har, som første laboratorium i Nord-Europa, kjøpt inn eit Hyperion instrument for billed masse cytometri for å generere romlig informasjon på sub-cellulær oppløysing, om kva mengde av ulike protein som finnast i og rundt svulstar. Dette gir eit behov for å utvikle nye tilnærmingar og verktøy for å analysere dei data som blir produsert i samanheng med data om protein-uttrykk og genvariant-data om dei same prøvene. Spesifikt vil vev frå kompakte svulstar, slik som bryst-kreft, være i fokus i dette prosjektet. Kandidaten som vert tilsett, vil utvikle metodar for å analysere denne typen data og bruke desse i samarbeidsprosjekt med kollegaer ved CCBIO.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
- Søkjarar må ha oppnådd norsk ph.d. – grad eller tilsvarande utdanning innanfor informatikk,, bioinformatikk eller eit relatert felt eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
- Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
- Søkarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.
- Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.
Særeigne krav for stillinga inkluderer
- Erfaring med bruk av eit numerisk berekningsmiljø (helst Python eller R) er eit krav.
- Eksertise innan og praktisk erfaring med analyse av omics data er eit krav.
- Erfaring innan programmering i minst eit programmeringsspråk (til dømes C, C++, Java) er sterkt ønskeleg.
- Erfaring med analyse av bilet-data er ein føremon.
- Erfaring med arbeid i tverr-faglige prosjekt er ein føremon.
- Erfaring med arbeid med kreft-data er ein føremon.
Om postdoktorstillinga:
Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i vitskapelege toppstillingar. Om den som vert tilsett manglar undervisningserfaring og/eller annan kvalifiseringskompetanse, kan det verte aktuelt å auke tilsetjingsperioden til 3 år og 6 månader. Undervisning og anna pliktarbeid for instituttet vil i så høve bli lagt til som oppgåver i stillinga. Dei ekstra månadene vert finansierte av instituttet. Stillinga vil kunne bli forlenga med inntil eitt år dersom kandidaten får innvilga forskingsopphald i utlandet frå eksterne kjelder (maks fire år totalt). Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.
Etter tiltreding skal postdoktoren i samarbeid med rettleiar og instituttleiar utarbeide ein plan for kvalifiseringsarbeidet, inkludert framdriftsplan.
Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.
Vi tilbyr:
- Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
- Løn etter lønssteg 60 - 65 (kode 1352/lønsramme 24, alternativ 4) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr 532 300 – 583 900 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse
- Gode velferdsordningar
Søknaden skal innehalde:
- Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
- Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga
- CV
- Karakterutskrifter og vitnemål, samt stadfesting på at doktorgradsavhandlinga er levert
- Relevante attestar
- Liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
- Eventuelle publikasjonar
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
- Professor Inge Jonassen, Institutt for informatikk, tlf+47 90524316
For HR-relaterte førespurnader ta kontakt med Lene Sørheim
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Nærare om tilsettingsprosessen her.