Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Postdoktor (100%, 3 år) - Klinisk institutt 1

Søknadsfrist: 08.12.2019

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Postdoktorstilling

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 1, er det ledig ei stilling som postdoktor (100 %) for ein periode på tre (3) år. Stillinga er knytt til prosjektet ”Proteotoxicity in Chronic Pancreatitis and Diabetes”, finansiert av Noregs Forskingsråd.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

• Identifisering av nye, patogene variantar av genet for karboksylester-lipase (CEL) ved ulike metodar for genotyping

• Evaluering av toksisitet og andre cellulære effektar forårsaka av CEL-proteinvariantar

• Fenotypisk undersøking av musemodellar som uttrykker humaniserte versjonar av Cel-genet

• Utvikling av en ny modell for pancreascancer basert på en kombinasjon av kronisk pankreatitt og genetisk predisposisjon

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjar må ha oppnådd norsk ph.d.-grad eller tilsvarande utdanning innanfor celle- eller molekylærbiologi eller ha levert doktoravhandlinga innan søknadsfristen. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje og seinast innan 15. april 2020.
  • Det er naudsynt at forskaren har svært gode vitskaplege kvalifikasjonar innan celle- og molekylærbiolog
  • Det vil bli lagt vekt på røynsle med dyreforsøk, spesielt i mus
  • Røynsle frå forsking innan sjukdom i bukspyttkjertelen (diabetes, pankreatitt, cancer) vil vere ein føremon
  • Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar, slik som evne til å ta sjølvstendige initiativ, arbeide strukturert og samarbeide med andre
  • Kandidaten må ha høg arbeidskapasitet og syne entusiasme for forsking
  • Søkjar må vere særs god i munnleg og skriftleg engelsk.

Om postdoktorstillinga:

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i faglege toppstillingar. Ingen kan tilsetjast i meir enn ein åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon. Du kan heller ikkje tilsetjast i postdoktorstilling dersom du tidlegare har hatt slik tilsetjing ved ein annan institusjon i regionen.

Søkjarar skal ved tilsetjing kome med framlegg til plan for kvalifiseringsarbeidet som inneheld ein framdriftsplan. Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

Den tilsette kan bli pålagt pliktarbeid i form av undervisning og liknande arbeid ved instituttet.

Vi tilbyr:

  • spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø innan sjukdommar i bukspyttkjertelen
  • løn etter lønssteg 59 (kode 1352/lønsramme 24.3) for tida 523 200, med medisinsk eller odontologisk embetseksamen lønssteg 61 (kode 1352/lønsramme 24.5) for tida 542 400, med spesialistutdanning lønssteg 63 (kode 1352/lønsramme 24.7) for tida 563 700, i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga
  • god pensjonsordning i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjon for å søkje stillinga
  • karakterutskrifter og vitnemål (søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved både vitnemål på original språket og autoriserte omsetjingar) og dokumentasjon på godkjent avhandling
  • relevante attestar
  • publikasjonsliste
  • vitskapelege arbeid. Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden (pdf)
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Professor Anders Molven, e-post: anders.molven@uib.no, telefon: +47-55973169

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne vert oppmoda til å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS