Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Postdoktor (100%, 3 år) - Institutt for global helse og samfunnsmedisin

Søknadsfrist: 15.12.2019

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Postdoktorstilling

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Det medisinske fakultet, Institutt for global helse og samfunnsmedisin, er det oppretta ei 100 % postdoktorstilling i 3, eventuelt 4, år. Stillinga er plassert i prosjektet Bergen senter for etikk og prioritering (BCEPS), finansiert av Universitetet i Bergen.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Bergen senter for etikk og prioritering (BCEPS) ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin, Universitetet i Bergen, er eit fleirfagleg forskingssenter med meir enn 30 framståande forskarar. Forskingsgruppa er leia av professor i medisinsk etikk, Ole Frithjof Norheim, og arbeider mot ei felles målsetting om å bli eit verdsleiande forskingssenter på etikk og helseprioriteringar. Med berekraftig kapasitetsbygging som kjerneverksemd er BCEPS både ein utdanningsstad og ein møtestad for førande akademikarar frå dei sterkaste fagmiljøa verda over – inkludert fagfolk frå både høg- og låginntektsland – innan medisin, statistikk, epidemiologi, helseøkonomi, etikk, og menneskerettar.

Dei viktigaste målsettingane for BCEPS er å:• styrke global kunnskap og rettleiing om korleis helsedekninga kan betrast i ressursfattige område verda over,• etablere og bistå innanlands kompetanse i bygging av system for helsestøtte i Etiopia, Malawi og Zanzibar,• bistå og følgje opp implementeringa av desse systema i dei tre landa.

Arbeidsoppgåver i stillinga:Postdoktorstillinga er plassert i faggruppa for datavisualisering og vil ha særleg vekt på helsekonsekvens-analyse.

Hovudoppgåver:• Arbeide med helseeffekt-modellen, med særleg vekt på fordelingseffektar.• Arbeide med tverrsektoriell politikk for betre helse.• Utvikle eit panel for visuell presentasjon av relevant evidens for beslutningstakarar.• Arbeide systematisk for å redusere omfanget av ulikskapar i dei tre landa.• Arbeide med metodar for å samanstille og kvantifisere fordelings- og effektivitetseffektar.• Rettleie ph.d.-kandidatar i prosjektet.• Lage faktaark (policy briefs) og formidle forskingsresultat til ulike grupper av mottakarar.• Noko reiseverksemd må påreknast.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • søkjar må ha oppnådd norsk ph.d.-grad eller tilsvarande utdanning innanfor medisin eller eit kvantitativt fagfelt som til dømes økonomi, statsvitskap eller epidemiologi, eller ha levert doktoravhandlinga innan søknadsfristen. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje og seinast 8.4.2020.
  • Søkjaren må ha omfattande kunnskapar i kvantitative forskingsmetodar og/eller i metodar for økonomiske evalueringar.
  • Søkjaren må ha eit sterkt ønske om ein karriere innan global helseforsking.
  • Søkjarar som kan kombinere faget global helseforsking med relaterte fagområde er også velkomne til å søkje.
  • Søkjaren må ha framifrå engelskkunnskapar, både skriftleg og munnleg.
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagde.
  • Søkjaren må kunne arbeide sjølvstendig og ha gode samarbeidsevner, høg grad av motivasjon og ansvarskjensle, og i tillegg ha stor arbeidskapasitet, engasjement og entusiasme for formidling av forskingsresultat til beslutningstakarar.

Om postdoktorstillinga:

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i faglege toppstillingar. Ingen kan tilsetjast i meir enn ein åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon. Du kan heller ikkje tilsetjast i postdoktorstilling dersom du tidlegare har hatt slik tilsetjing ved ein annan institusjon i regionen.Åremålsperioden for stillinga er tre år, med høve til å forlenge perioden inntil eit år dersom eit forskingsopphald i utlandet skal inngå i perioden.

Søkjarar skal ved tilsetjing kome med framlegg til plan for kvalifiseringsarbeidet som inneheld ein framdriftsplan. Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

Den tilsette kan bli pålagt pliktarbeid i form av undervisning og liknande arbeid ved instituttet.

Vi tilbyr:

  • spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
  • løn etter lønssteg 59 (kode 1352/lønsramme 24.3) for tida 523 200, med medisinsk eller odontologisk embetseksamen lønssteg 61 (kode 1352/lønsramme 24.5) for tida 542 400, med spesialistutdanning lønssteg 63 (kode 1352/lønsramme 24.7) for tida 563 700, i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjon for å søkje stillinga
  • karakterutskrifter og vitnemål (søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved både vitnemål på original språket og autoriserte omsetjingar) og dokumentasjon på godkjent avhandling
  • relevante attestar
  • publikasjonsliste
  • vitskapelege arbeid. Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden (pdf)
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Ole Frithjof Norheim, e-post: Ole.Norheim@uib.no, telefon: +47 55 58 61 45

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne vert oppmoda til å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar utvida offentleg dokumentinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å stå på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS