Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Postdoktorstilling ved Senter for framifrå forsking - Centre for Early Sapiens Behaviour (SapienCE)

Søknadsfrist: 11.08.2019

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Postdoktorstilling:

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Senter for framifrå forsking (SFF) Centre for Early Sapiens Behaviour (SapienCE) ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap, er det ledig ei treårig stilling som postdoktor knytt til eksperimentell arkeologi og analyse av materiell kultur relatert til mellomsteinalderen i det sørlege Afrika.

Om SFF-ordninga og SapienCE

SFF-ordninga er driven av Noregs forskingsråd med det føremål for avgrensa tidsperiodar å etablere forskingssentra som driv konsentrert, fokusert og langsiktig forskingsinnsats på framifrå internasjonalt nivå.

SapienCE vert leia av professor Christopher Henshilwood og forskar på åtferdsutviklinga til homo sapiens i Sør-Afrika for mellom 50.000 og 100.000 år sidan. Senteret har fem forskingsleiarar (PIs) som utgjer leiargruppa saman med senterleiar. Forskarar frå ulike fagfelt ved andre fakultet ved Universitetet i Bergen og internasjonale samarbeidspartnarar er knytt til senteret. For å studere det tidlege menneskets kulturelle, sosiale og teknologiske åtferd integrerer vårt inter-disiplinære forskarteam analyser av eit detaljrikt utgravingsmateriale med bruk av innovative geoarkeologiske, klima- og kognitive datamodellar. Denne heilskaplege tilnærminga vil gje banebrytande innsikt i dei ulike aspekta av kva det vil seie å vere menneske.

Om postdoktorstillinga:

Hovudmåla for stillinga er å:

  • Utføre sjølvstendig vitskapeleg forsking som resulterer i publikasjonar av høg kvalitet. Publikasjonane skal adressere sentrale tema i forskingsprosjektet SapienCE; åtferdsutvikling til tidleg Homo sapiens.
  • Delta i arkeologiske utgravingar ved prosjektet sine utgravingsstader for middelsteinalderarkeologi i Sør-Afrika, og etter høve gjennomføre analysar av arkeologisk materiale i våre prosjektlaboratorium.
  • Utføre eit tverrfagleg prosjekt der ein undersøker bruk av oker frå mellom til sein Pleistocen i Sør-Afrika. Forskinga skal ha som målsetting å utvikle og implementere innovative metodar for å undersøka og integrera pigmentsamlingar og assosiert informasjon frå utvalde lokalitetar i Sør-Afrika, særskilt Blombos Cave og Klipdrift Shelter,.
  • Utføre eksperimentell forsking på oker og pigment for å lage ei referansesamling for framtidig bruk i analysar. Dette inneber å gjennomføre registreringar for å lokalisera potensielle okerførekomstar og samanlikne desse med arkeologisk materiale der føremålet er å kartlegga kvar i landskapet forhistoriske menneske henta oker.
  • Innleie innovative tilnærmingar til laboratorieanalysar av ulike kategoriar av materiell kultur som har spor av oker (bein, stein, eggeskal, marine skjell) innhenta frå prosjektet sine mellomsteinalder-lokalitetar i samarbeid med våre hovudforskarar. Søkjaren må kunne utøve følgjande analyseteknikkar; SEM-EDS, XRD, XRF og PXRF. Sporanalyse av oker inneber å kunne identifisere organiske komponentar i okerblandingar.
  • Støtte og samarbeide med senterleiar og leiargruppa i gjennomføringa av forskingsprosjektet.
  • Bidra aktivt i det akademiske miljøet rundt SapienCE si Bergens-baserte forskargruppe.

Forskinga vil bli gjort under rettleiing av prosjektleiarar ved SapienCE sine kontor ved Universitetet i Bergen, i våre laboratorium i Sør-Afrika og ved Universitetet i Bordeaux. SapienCE tilbyr framifrå fasilitetar for avanserte analysar av arkeologisk materiale som vert henta frå våre middelsteinalderlokalitetar i sørlige Cape i Sør-Afrika.

Postdoktorstillinga har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i faglege toppstillingar. Den som blir tilsett må i samarbeid med instituttleiar utarbeide ein plan for dette kvalifiseringsarbeidet, og søkjarar skal ved tilsetjing kome med framlegg til plan for kvalifiseringsarbeidet.

Det er ein føresetnad at den som blir tilsett, gjennomfører postdoktorprosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon. Tilsetjing i postdoktorstilling krev at ein har sin daglege arbeidsplass ved Universitetet i Bergen, SapienCE, og rettar seg etter dei retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Den som blir tilsett må ha ph.d.-grad i arkeologi eller liknande fagfelt, med spesialisering i samsvar med hovudmåla som er nemnde over, og klart relatert til SapienCE sine sentrale forskingstema. Brei røynsle frå laboratorium og røynsle frå felt- og utgravingsarbeid knytt til sørafrikansk mellomsteinalder, helst i ein organisatorisk rolle, er ein viktig føresetnad.

Den som blir tilsett må kunne flytande engelsk, både skriftleg og munnleg, samt ha gode kommunikasjonseigenskapar. Den som blir tilsett må vise eit sterkt engasjement for forsking, kunne arbeide strukturert, sjølvstendig og som ein del av ein gruppe, samt vere ansvarsfull og ha stor arbeidskapasitet. Tidlegare publikasjonar er ein føresetnad.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Løn etter lønssteg 60 (kode 1352/LR 24) i det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på omlag kr. 531.900 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. Det vert trekt 2% pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Slik søkjer du stillinga:

Søknaden skal sendast elektronisk via lenke på denne sida «SØK STILLINGA». Søknaden må innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga (maks 3 sider)
  • CV
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse må vere ein av rettleiarane frå doktorgradsutdanninga
  • Liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • Elektronisk versjon av ph.d.-avhandlinga
  • Karakterutskrifter og vitnemål (skanna originalar eller bekrefta kopiar)
  • Relevante attestar

Søknaden og utgreiinga av forskingsinteresser må skrivast på engelsk. Vedlegga må lastast opp i Jobbnorge. Vedlegga kan vere i Word- eller PDF-format.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Spørsmål om den elektroniske søknadsprosedyren skal rettast til fakadm@hf.uib.no. Dei mest aktuelle søkjarane blir kalla inn til intervju før innstilling om tilsetjing blir gjort.

Søknadsfrist: 11.8.2019

Merk søknaden: 19/7907

SØK STILLINGA

Powered by Labrador CMS