Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Postdoktorstilling ved Institutt for informasjons og medievitskap

Søknadsfrist: 15.08.2019

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Postdoktorstilling

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det samfunnsvitenskapelige fakultet består av sju institutt og tre senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Institutt for Informasjons- og medievitskap (UiB) er det ledig ei stilling som postdoktor i retorikk, media og risikokommunikasjon. Stillinga gjeld ein periode på 3 år og knytt til forskingsprosjektet Pandemic Rhetoric: Risk Communication Strategies in a Changed Media Landscape (PAR). Arbeidsstad vil vere ved Universitetet i Bergen.

Arbeidet i prosjektet finn stad ved Universitetet i Oslo og Universitetet i Bergen og er finansiert av SAMRISK-programmet i Norges Forskingsråd for perioden 2019-2023. Vår tids komplekse medielandskap har skapt nye utfordringar og retoriske vilkår for risikokommunikasjon. Dette skal PAR bidra til å forstå.

Prosjektet tar for seg korleis offentlege styresmakter kommuniserer om risikoen for pandemi i Norge, Sverige og Danmark. Prosjektet skal studera 1) avsendaren sin kanalbruk og retoriske strategiar; 2) korleis forståing av risiko blir forma og forhandla i media; og 3) korleis befolkninga (eller ‘publikum’) held seg til kanalbruk og retorikken om pandemi. Prosjektet tar dermed for seg hele kommunikasjonskjeda, frå organisasjonar, til media og publikum.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Den tilsette skal bidra til prosjektets utforsking av korleis risiko konstituerast retorisk i eit komplekst og fragmentert mediesamfunn, samt undersøkinga av korleis borgerane i ein slik situasjon tilskriv og fråskriv institusjonar og vitskapeleg kunnskap truverd og tillit. Den tilsette skal også bidra til å utforske korleis ålmenta oppfattar retorikken om pandemiar i forskjellige mediekanalar.

Arbeidet vil innebere å gjera retoriske analysar av mediemateriale frå fjernsynsnyheiter, aviser, sosiale media, samt frå heimesider som behandlar eller debatterer pandemiar eller vaksinasjon. Utforskinga vil også innebere forskjellige former for resepsjonsstudiar. Den tilsette forventas å delta i prosjektets møter og å bidra inn mot andre delar av prosjektet, inkludert formidling. Samarbeid om publikasjonar i andre deler av prosjektet vil også kunne være aktuelt.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd ph.d.–grad innanfor medievitskap, retorikk eller tilsvarande utdanning – eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje. Dersom ingen aktuelle søker har denne typen bakgrunn, vil andre kandidatar kunne komme i betraktning. Det er da eit krav at kandidaten setter seg inn i og bruker teori frå både retorikk og medievitskap.
  • Innsikt i risikokommunikasjon vil være en fordel
  • Arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner
  • Nytte engelsk skriftleg og munnleg samt beherske enten norsk, dansk eller svensk.
  • Det er ein føresetnad at kandidaten kan arbeide som del av en Skandinavisk forskargruppe og analysere materiale på norsk, dansk og svensk.

Aktuelle kandidatar vil bli innkalla til intervju og kan også verte bedne om å helde ei prøveforelesing over eit oppgitt emne.

Dei som søkjer stillinga vert rådd til å orientera seg om undervisningstilbodet og forskingsprofilen ved instituttet, sjå https://www.uib.no/infomedia

Om postdoktorstillinga:

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i faglege toppstillingar. Åremålsperioden for denne stillinga er 3 år. Ingen kan tilsetjast i meir enn ein åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.

Ein plan for forskingsarbeidet i form av ei prosjektskisse på 4-5 sider skal følgje søknaden. Prosjektskissa skal innehalde framdriftsplan for dei ulike delane av forskingsarbeidet, og ein publiseringsplan. Prosjektskissa må forholda seg til PARs prosjektskildring, som vi sender ved førespurnad. Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden. Eit budsjett for driftsutgifter må setjast opp.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og faglig utfordrande arbeidsmiljø
  • Løn etter lønssteg 59-62 i det statlege regulativ ved tilsetjing, (Lpl.17.510, kode 1352/LR24) kr. 515 200,- - 544 400,-. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For spesielt godt kvalifiserte søkjarar kan det vere aktuelt å vurdere høgare løn
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga.
  • Prosjektskisse som tar utgangspunkt i prosjektskissa til PAR
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga
  • CV
  • Karakterutskrifter og vitnemål, samt stadfesting på at doktorgradsavhandlinga er levert
  • Relevante attestar
  • Liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • Vitskaplege publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastas opp i Jobbnorge.

Søknadsfrist: 15/8-2019

Søknaden skal merkast: 2019/6184

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Professor Jens E. KjeldsenInstitutt for informasjons og medievitenskapUniversitetet i Bergenjens.kjeldsen@uib.noTlf:+47 93449556

eller

  • Professor Øyvind IhlenInstitutt for medier og kommunikasjonUniversitetet i Oslooyvind.ihlen@media.uio.noTlf: +47 22850422

Praktiske spørsmål kring søknadsprosessen kan rettast til seniorkonsulent Bodil Hægland, e-post: bodil.hagland@uib.no eller tlf. 55 58 90 53.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn og nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Den som blir tilsett må rette seg etter dei retningslinjene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS