Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Postdoktor i klimadynamikk: havnivåstigning i regionen kring Stillehavsøyene

Søknadsfrist: 31.07.2019

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Postdoktorstilling

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Geofysisk institutt er det ledig ei stilling som postdoktor i klimadynamikk med fokus på havnivåstigning i regionen kring Stillehavsøyene. Stillinga er for ein åremålsperiode på 3 år og inngår i Bjerknessenteret for klimaforsking.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Stillinga er knytt til prosjektet Mare Nullius, som er finansiert av Forskningsrådet gjennom Toppforskprogrammet (www.uib.no/marenullius). Mare Nullius er eit tverrfagleg prosjekt som inkluderer sosialantropologi, klimaforsking, jus, humaniora og havforsking. Prosjektet har som mål å utvikle ny og presserende tverrfagleg analyse for ein av vår tids største utfordringar - konsekvensane av havnivåstigning for statar sin suverenitet i Stillehavet og dei verknadane det har på nasjonale maritime grenser etterkvart som stigande havnivå truer med å destabilisere grunnlinjene for eksklusive økonomiske soner (EEZ).

Postdoktoren vil bruke avanserte klimaprojeksjonar for å bidra med informasjon om havnivået sin variabilitet og ytterpunkter, samt overfløyming og erosjon i kystområde, og for å vurdere når og korleis øyer og eventuelt hele nasjonale landterritorium i Stillehavet kan komme til å forsvinne under havnivå. Stillinga vil også innebere å knytte ulike projeksjonar for havnivåstigning og konsekvensar for lågare-liggande øyer og deira kystområder opp mot eksisterande databaser for 200-mils EEZ’ar og deira grenser. Tilnærmingar innan klimadynamikk vil bli tatt i bruk for å redusere uvissa rundt berekningar av regional havnivåstigning. Postdoktoren vil jobbe tett opp mot andre i prosjektet sitt nettverk i Bergen og internasjonalt, for å forstå samfunnsmessige, juridiske og økonomiske konsekvensar av endringar i grunnlinjene for maritime grenser i Stillehavet. Stillinga krev internasjonal reiseverksemd og betydelege periodar med feltarbeid i Stillehavet, inkludert samarbeid innan geovitskap og i modellering av maritime grenser i partnarskap med SPC (the Pacific Community), basert i Suva, Fiji.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd en ph.d. – grad eller tilsvarande utdanning innanfor klima, oseanografi, meteorologi, fysikk eller matte, eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Det er krav om erfaring innan klimadynamikk og klimaforsking, samt erfaring med å utarbeide klimamodeller
  • Svært gode programmeringsferdigheiter innan Fortran, Matlab, Python eller liknande språk er eit krav.
  • Det er ein fordel om søkjaren har lang erfaring innan anvendt matematikk og statistikk, har erfaring med tropisk klimadynamikk og havstigning, korttidsberekningar av klimaendring, og Geografiske informasjonssystema (GIS).
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

Særeigne krav for stilling er vilje og evne til å arbeide på tvers av faggrenser i tverrfaglege team så vel som å arbeide sjølvstendig med eigne oppgåver.

Om postdoktorstillinga:

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i vitskapelege toppstillingar. Om den som vert tilsett manglar undervisningserfaring og/eller annan kvalifiseringskompetanse, kan det verte aktuelt å auke tilsetjingsperioden til 3 år og 3 månader. Undervisning og anna pliktarbeid for instituttet vil i så høve bli lagt til som oppgåver i stillinga. Dei ekstra månadene vert finansierte av instituttet. Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.

Etter tiltreding skal postdoktoren i samarbeid med rettleiar og instituttleiar utarbeide ein plan for kvalifiseringsarbeidet, inkludert framdriftsplan.

Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

Vi tilbyr:

  • eit godt og faglig utfordrande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 59 (kode 1352/lønsramme 24, alternativ 3) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr 523 200,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga
  • CV
  • Karakterutskrifter og vitnemål, samt stadfesting på at doktorgradsavhandlinga er levert
  • Relevante attestar
  • Liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • Eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Professor Noel Keenlyside (noel.keenlyside@uib.no) eller
  • Prosjektleiar for Mare Nullius prosjektet, professor Edvard Hviding, (edvard.hviding@uib.no)

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Etter søknadsfrist vil det bli oppnemnt ein komité som skal vurdere søkjarane. Søkjarar har innsynsrett i omtalen av deira faglege kompetanse. Søkjarar som ønsker innsyn kan kontakte saksbehandlar etter mottak av brev om oppnemning av komité.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS