Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Postdoktor i jordskjelvseismologi

Søknadsfrist: 19.06.2019

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Postdoktorstilling

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Institutt for geovitenskap er det ledig ei stilling som postdoktor i jordskjelvseismologi. Stillinga er for ein åremålsperiode på 4 år, eksternt finansiert, og er knytt til det norske nasjonale seismiske nettverket (NNSN).

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

  • Universitetet i Bergen er ansvarleg for drifta av det Norske Nasjonale Seismiske Nettverket (NNSN). NNSN består no av 36 seismiske stasjonar fordelt ut over norsk territorium og har som oppgåve å overvake jordskjelvaktiviteten i området og å registrere data med høg kvalitet til forskingsformål.
  • Hovudmålsetjinga med forskinga til NNSN er å forstå fordelinga og årsakene til jordskjelva i Noreg og områda rundt, og å kartleggje strukturane i jordskorpa og øvre del av mantelen i regionen.

For prosjektperioden 2018-2022 er fylgjande forskingstema definert:

  • Evaluere ulike lokaliseringsteknikkar og innarbeide dei i dei daglege prosesseringsrutinane for å redusera og kartleggje feil i lokaliseringane.
  • Travel time tomografi og utvikling av ein 1D-modell som kan nyttast i rutinelokalisering.
  • Kjeldeparametrar for jordskjelv og utvikling av likningar for ground motion basert på stokastisk modellering og observerte data.
  • Auka databasen av forkastingsmekanismar ved å nytte metodar som brukar polaritet/amplitude forhold eller om mogleg full moment tensor inversjon.
  • Betre kvaliteten av jordskjelvbulletinane ved å utvikle metodar som betre kan skilje dei ulike typane hendingar (events).
  • Nytte data frå nye EPOS-Norge-stasjonar for å studere jordskjelv og jorda sin struktur.
  • Gjere bruk av data frå midlertidige stasjonar (t.d. ScanArray eller nye utplasseringar) for å betre forståinga av strukturane under overflata i områder av spesiell interesse.
  • Arbeide med data frå permanent eller midlertidig utplasserte OBS-ar.
  • Utføre detaljerte studiar av jordskjelvsvermaktivitet.
  • Utvikle automatiske prosedyrar for analyse av jordskjelvdata.

Bakgrunnen til kandidaten som vert tilsett avgjer kva for emne som skal dekkjast i postdoktor-prosjektet.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd norsk ph.d.-grad eller tilsvarande utdanning innan jordskjelvseismologi eller innan geofysikk med fokus på jordskjelv, eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Søkjarar må kunne vise til erfaring frå forsking med regionale jordskjelvseismologiske data (t.d. problemstillingar innan jordskjelvlokalisering, tomografi, inversjon av forkastingsparametrar, kjeldeparametrar for jordskjelv).
  • Søkjarar må ha solid kunnskap innan fysikk/geofysikk og matematikk.
  • Søkjarar må ha erfaring med programmering (t.d. FORTRAN, C, Python, Matlab) og vere kjend med programvare som SAC, SEISAN eller Obspy.
  • Erfaring frå utvikling av eigen kode eller modifisering av eksisterande kode som del av ph.d.-arbeidet er ein føremon.
  • Erfaring med prosessering av data frå store midlertidige eller permanente seismiske nettverk er ein føremon.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

Om postdoktorstillinga

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i vitskapelege toppstillingar. Om den som vert tilsett manglar undervisningserfaring og/eller annan kvalifiseringskompetanse, kan det verte aktuelt å inkludere undervisning og anna pliktarbeid i stillinga. Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.

Etter tiltreding skal postdoktoren i samarbeid med rettleiar og instituttleiar utarbeide ein plan for kvalifiseringsarbeidet, inkludert framdriftsplan.

Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

Vi tilbyr

  • eit godt og faglig utfordrande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 59 (kode 1352/lønsramme 24, alternativ 3) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr 515 200,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • ein forskingsplan (ei side) som tar opp nokon av forskingsmåla som er nemnt ovanfor basert på kandidaten sin bakgrunn og interesser
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål, samt stadfesting på at doktorgradsavhandlinga er levert
  • relevante attestar
  • liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Professor Lars Ottemöller, Institutt for geovitenskap, Universitet i Bergen, telefonnummer: +47-46782534, epost: lot081@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Etter søknadsfrist vil det bli oppnemnt ein komité som skal vurdere søkjarane. Søkjarar har innsynsrett i omtalen av deira faglege kompetanse. Søkjarar som ønsker innsyn kan kontakte saksbehandlar etter mottak av brev om oppnemning av komité.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS