Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Postdoktor i epidemiologi (3 år)

Søknadsfrist: 15.06.2019

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Postdoktorstilling i epidemiologi (3 år)

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Det medisinske fakultet, Institutt for global helse og samfunnsmedisin, er det ledig ei mellombels stilling som postdoktor (100 %) i epidemiologi for ein periode på tre (3) år. Stillinga er knytt til prosjektet PraksisNett (Forskingsnettverk i primærhelsetenesta). Stillinga er finansiert av Universitetet i Bergen.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Målet med prosjektet er å lage ein infrastruktur som legg til rette for meir klinisk forsking og betre bruk av data frå primærhelsetenesta. Prosjektet skal bidra til at forskarar både nasjonalt og internasjonalt får høve til å inkludere pasientar og pasientdata frå primær­helsetenesta. Forskarane skal få tilgang til pasientdata på ein sikker måte, slik at dei kan gjennomføre gode og kvalitetssikra kliniske studiar.

Arbeidsoppgåver

Infrastrukturen består av ein tenestebasert og ein digital del med bruk av ein IT-teknologi kalla Snow. Postdoktoren vil vere ansvarleg for å gjere statistiske analysar på det aggregerte datagrunnlaget som vert generert av den teknologiske infra­strukturen i prosjektet, og for å skrive forskingsartiklar basert på dette datamaterialet. Postdoktoren skal også klargjere datasett til forskarar som skal bruke datagrunnlaget og i tillegg skrive forskingsartiklar basert på data som er henta inn i vitskaplege prosjekt ved Fagområde allmennmedisin (til dømes innan søvn- og/eller infeksjonsforsking), der det vert nytta epidemiologiske metodar og statistiske analysar.

Postdoktoren vil verte tilsett i Fagområde allmennmedisin og Forskingsgruppa for allmennmedisin (ALFO) ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin.

Hovudoppgåver:

  • Lage gode rutinar for datauttrekk frå Snow.
  • Klargjere datasett til forskarar som skal bruke datagrunnlaget frå Snow.
  • Planlegge, gjennomføre og analysere resultat frå datauttrekk i PraksisNett og i andre vitskaplege prosjekt.
  • Skrive og publisere vitskaplege artiklar.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjaren må ha oppnådd norsk ph.d.-grad eller tilsvarande utanlandsk utdanning, eller ha levert og fått godkjent doktoravhandlinga innan søknadsfristen. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Søkjaren må ha publisert vitskaplege artiklar innan medisin, med bruk av epidemiologiske metodar. Dersom søkaren har publisert innan søvn- og/eller infeksjonsforsking, vil dette vere eit fortrinn.
  • Søkjaren må ha erfaring med medisinske statistiske metodar.
  • Søkjaren må meistre munnleg og skriftleg norsk og engelsk på høgt nivå.
  • Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar som evne til å arbeide sjølvstendig, gode samarbeidsevner, motivasjon, ansvarsmedvit, stor arbeidskapasitet og entusiasme for forsking.

Om postdoktorstillinga:

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i faglege toppstillingar. Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon. Ingen kan heller tilsetjast i postdoktorstilling dersom dei tidlegare har hatt slik tilsetjing ved ein annan institusjon i regionen.

Åremålsperioden for stillinga er tre år, med høve til å forlenge perioden inntil eit år dersom eit forskingsopphald i utlandet skal inngå i perioden.

Søkjaren skal ved tilsetjing kome med framlegg til ein plan for kvalifiseringsarbeidet som også inneheld ein framdriftsplan. Det er ein føresetnad at den som vert tilsett gjennomfører prosjektet i tilsetjingsperioden.

Den tilsette kan verte pålagd opp til 25 % pliktarbeid i form av undervisning og liknande arbeid ved instituttet.

Vi tilbyr:

  • eit godt og utfordrande arbeidsmiljø i forskingsfronten innan allmennmedisin.
  • løn etter lønssteg 59 (kode 1352/lønsramme 24.3) for tida 515 200, med medisinsk eller odontologisk embetseksamen lønssteg 61 (kode 1352/lønsramme 24.7) for tida 534 100, med spesialistutdanning lønssteg 63 (kode 1352/lønsramme 24.5) for tida 555 100, i statens lønsregulativ ved tilsetjing. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • eit søknadsbrev der du skriv noko om forskingsinteressene dine og motivasjonen din for å søkje stillinga
  • karakterutskrifter og vitnemål (søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved vitnemål både på originalspråket og med autoriserte omsetjingar) og dokumentasjon på godkjent avhandling
  • relevante attestar
  • publikasjonsliste
  • vitskaplege arbeid (Det er svært viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som pdf-vedlegg til søknaden)
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Professor Bjørn Bjorvatn, bjorn.bjorvatn@uib.no / +47 55 58 60 88

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS