Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Postdoktor (2 stillingar) - Det medisinske fakultet

Søknadsfrist: 22.09.2019

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Postdoktor (2 stillingar)

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Det medisinske fakultet er det ledig to (2) opne stillingar som postdoktor frå 1. februar 2020. For kandidatar som har levert avhandlinga innan søknadsfristen er det ein føresetnad at disputas er gjennomført og godkjent før tilsetjing og seinast innan 22.2.2020.

Tilsetjinga gjeld for ein periode på tre (3) år i 100 % stilling. Postdoktoren kan verte pålagt pliktarbeid ved instituttet eller fakultetet. Pliktarbeidet kan til dømes vera undervisning, eksamensarbeid eller rettleiing alt etter behovet ved instituttet, samt knytt til fakultetet si Forskarline eller ved grunnkurset MEDMET for ph.d.-kandidatar. Undervisingsspråket på grunnutdanningane er til vanleg norsk, men på ph.d. utdanninga er det engelsk.

Stillingane vil bli knytt opp mot det instituttet det er naturleg at prosjektet til søkjaren høyrer til.

50 % stilling:

Det er mogleg å kombinere 50 % postdoktorstilling med anna 50 % stilling. Samla tilsetjingsperiode for kombinert stilling er seks (6) år. Det må opplysast at ein ønskjer 50/50 stilling i søknaden, og dette må vere klarert skriftleg med begge arbeidsgjevarar før tilsetjing.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • søkjar må ha oppnådd norsk doktorgrad eller tilsvarande utanlandsk utdanning, eller ha levert doktoravhandlinga innan søknadsfristen. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før ein kan starte i stillinga, start i stillinga er seinast 22. februar 2020
  • god skriftleg og munnleg engelsk er eit krav

Det er ein føremon at søkjar byter forskingsmiljø/institutt etter endt ph.d.

Vurdering av søknad:

Søknadane blir vurderte ut frå følgjande kriterier:

  • Kandidat: Søkjaren sin kompetanse, karaktergrunnlag og relevant fagleg aktivitet inkludert avtalt/planlagt utanlandsopphald
  • Prosjekt: Den vitskaplege verdien til prosjektet, samt om det kan gjennomførast innafor rammene for ei postdoktorstilling.
  • Forskingsmiljø: Miljøet si evne til å utvikle kandidaten, nasjonale og internasjonale faglege nettverk, relevant publikasjonsaktivitet. Tverrfaglege prosjekt mot sterke forskingsmiljø vert tillagt særleg stor vekt.

Meir informasjon finn du på ledig stilling.

Om postdoktorstillinga:

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i faglege toppstillingar. Ingen kan tilsetjast i meir enn ein åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon. Du kan heller ikkje tilsetjast i postdoktorstilling dersom du tidlegare har hatt slik tilsetjing ved ein annan institusjon i regionen.

Åremålsperioden for stillinga er tre (3) år, med høve til å forlenge perioden inntil eit (1) år dersom eit forskingsopphald i utlandet skal inngå i perioden. Forskingsopphaldet i utlandet kan gjerne vere lengre enn eit (1) år så lenge total tilsetjingsperiode ikkje er meir enn fire (4) år.

Søkjar skal ved tilsetjing kome med framlegg til plan for kvalifiseringsarbeidet som inneheld både ein karriere- og ein framdriftsplan. Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

Den tilsette kan bli pålagt pliktarbeid ved instituttet/fakultetet.

Vi tilbyr:

  • spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
  • løn etter lønssteg 59 (kode 1352/lønsramme 24.3) for tida 523 200, med medisinsk eller odontologisk embetseksamen lønssteg 61 (kode 1352/lønsramme 24.5) for tida 542 400, med spesialistutdanning lønssteg 63 (kode 1352/lønsramme 24.7) for tida 563 700, i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

Send søknad og CV (maksimalt 3 sider) etter mal http://www.uib.no/med/65433/ledige-stillinger.

I søknadsbrevet må du skrive tittel på prosjektet ditt og namn på den som har plikt til å vere mentor (fagleg rådgjevar). Mentor må vere tilsett ved fakultetet i heile postdoktorperioden. Det vil berre bli vurdert ein søknad frå kvar mentor. Mentor må oppgje namn og start for ph.d.- og postdoktorkandidatar han/ho er rettleiar/mentor for som er finansiert av Det medisinske fakultet.

Du kan ha inntil ni vedlegg som skal ha namn som samsvarar med innhald og som må nummererast frå 1-9 som følgjer:

1. karakterutskrifter, vitnemål og attestar (pdf) og ev stadfesta godkjenning av innlevert avhandling

2. prosjektskisse på maksimalt seks sider, inkludert samandrag og referansar. Mal: http://www.uib.no/med/65433/ledige-stillinger

3. publikasjonar og vitskaplege arbeid (pdf) som du ønskjer at det skal verte teke omsyn til ved vurderinga (maks 10) og ei liste over desse

4. mentorerklæring (maks 1 side)

5. mentor sin CV (maks 3 sider) etter mal http://www.uib.no/med/65433/ledige-stillinger

  • kandidatproduksjon
  • mentor sine publikasjonar dei siste 5 år
  • tall for mentor sine PubMed artiklar totalt, og som første, andre og sisteforfattar
  • mentor sin H-indeks rekna etter Web of Science, template: http://www.uib.no/med/65433/ledige-stillinger
  • namn og start for ph.d.- og postdoktorkandidatar ein er hovud- og medrettleiar for som er finansiert av Det medisinske fakultet.
  • Gjeldande retningsliner for Det medisinske fakultet:
  • Ein person kan ikkje vere rettleiar (hovud- eller medrettleiar) for meir enn fire personar i rekrutteringsstillingar frå fakultetet samstundes (gjeld ph.d.- og postdoktorstillingar samla). Dette betyr at kandidatar som søkjer med rettleiar som allereie rettleier fire personar i denne kategorien ikkje vil få sin søknad vurdert. Samstundes vert det innført stramare retningsliner for byte av hovudrettleiar. Det skal liggje føre særlege grunnar for byte av hovudrettleiar undervegs.
  • Unntak: Professorar i hovudstilling ved Det medisinske fakultet kan vere medrettleiar for ytterlegare to kandidatar (i tillegg til dei fire som er nemnt over) når hovudrettleiar for dei aktuelle kandidatane er vitskapleg tilsett som forskar eller postdoktor i same forskargruppe som professoren.

6. doktorgradsavhandlinga elektronisk format (gjeld også avhandling levert innan søknadsfristen, då saman med dokumentasjon på godkjent innlevering)

7. omtale av forskingsgruppa (maks 1 side)

8. Invitasjonsbrev og plan for utanlandsopphald dersom aktuelt

9. eventuelle andre vedlegg

Vi gjer merksam på at vi ikkje vil kunne vurdere deg som søkjar dersom vedlegg manglar i søknaden.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om søknadstekniske forhold kan du få ved å vende deg til:

  • Rådgjevar ved Seksjon for rekruttering Eldbjørg Sanden Søvik, (e-post: el[email protected], telefon: 55 58 61 42)

Har du faglege spørsmål knytt til stillinga kan du vende deg til prodekan for forskarutdanning Roland Jonsson (e-post: [email protected], telefon: 55 97 46 49).

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen