Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Overingeniør ved Geofysisk institutt

Søknadsfrist: 20.01.2020

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Overingeniør

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Geofysisk Institutt er det ledig ei fast stilling som overingeniør. Stillinga er finansiert av infrastrukturprosjektet NorEMSO dei fyrste 5 åra.

Om prosjektet:

Autonome glidere er fjernstyrte undervasssfarty som kan bevege seg i havet i flere månader i strekk og utføre vitskapelege målingar ned til 1000 m djupne. Gliderteknologien har utvikla seg mykje det siste tiåret. Geofysisk institutt (GFI) ved UiB opererer ei flåte av glidere under NorGlider (http://norgliders.gfi.uib.no/page/gliders.html). NorGliders-flåta er djupvass- og kystgåande glidere frå Kongsberg og Teledyne Webb Slocum, og vil bli utvida med 5 nye glidere i 2020 med finansiering frå NorEMSO, eit prosjekt i NFRs infrastruktur-program. NorEMSO er den norske delen av EMSO (the European Multidisciplinary Seafloor and water column Observatory, http://www.emso-eu.org/).

GFI har teknisk ekspertise til å førebu, vedlikehalde og operere glidere, og til å koordinere pilotering av glidere. Vi har utvikla eit web-basert verkty for pilotering, kalla "Gliderpage". NorGliders har operert i fleire prosjekt i Norskehavet, Islandshavet, Grønlandshavet, krysset den norske kontinentalskråningen, rundt Færøyene, nord for Svalbard og i fjorden på Svalbard. Normalt er våre glidere utstyrt med sensorar for å måle temperatur, konduktivitet, trykk og oppløyst oksygen, nokre gonger også andre optiske sensorar. I framtida vil vi vurdere å inkludere biogeokjemiske sensorar i NorEMSO.

NorEMSO vil operere glidere langs fem transekt som inkluderer Svinøysnittet nordvest for Bergen, eit snitt mellom Lofoten og Mohnryggen, eit snitt over Framstredet mellom Svalbard og Grønland, eit snitt over Grønlandshavet og eit snitt over Islandshavet. Der det er aktuelt vil det bli gjort målingar i grensestraumarr. Vi planlegg å gjere målingar nær iskanten der det er drivis.

Arbeidsoppgåver:

  • Klargjering og vedlikehald av glidere
  • Planlegging, pilotering og gjennomføring av andre glider-operasjonar
  • Kontakt med leverandørar
  • Bidra til dataprosessering og rapportering
  • Deltaking ved utsetting og opptak av glidere
  • Opplæring av nye piloter
  • Assistere ved andre oppgåver innan fysisk oseanografi
  • Innkjøp

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Den som vert tilsett må oppfylle desse krava:

  • Søkjarar må ha høgare utdanning frå universitet eller høgskule innan relevante fagområde slik som oseanografi, instrumentering eller liknande. Lang, relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning.
  • Den som vert tilsett må ha erfaring med bruk av glidere (Kongsberg og/eller TDW Slocum)
  • Erfaring frå toktverksemd
  • Den som får stillinga må fylle krav til helseattest for sjøfolk
  • Den som blir tilsett må meistre norsk (eller eit anna skandinavisk språk) og engelsk munnleg og skriftleg. Ikkje-skandinavar pliktar å lære seg norsk innan to år frå arbeidet startar
  • Søkjarar må ha førarkort for bil
  • Høg motivasjon og arbeidskapasitet, samt evne til å arbeide med korte tidsfristar

Det er ein fordel om søkjar har:

  • Erfaring med vedlikehald av glider/instrumentering
  • Erfaring med programmering
  • Erfaring med tilkopling, bruk og kontroll av sensorar
  • Kjennskap til fysisk oseanografi
  • Evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert og resultatorientert
  • Evne og motivasjon til å lære nye ting
  • Gode kommunikasjonsevner og evner til å arbeide i team

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Stilling som overingeniør (kode 1087) i lønnstrinn 55 - 62 (for tiden kr 488 000 – 552 800) i det statlige lønnsregulativet. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast. Videre opprykk skjer etter tjenesteansienitet i stillingen.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS