Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Overingeniør (midlertidig) - namnegransking

Søknadsfrist: 25.06.2019

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Om stillinga:

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Universitetsbiblioteket (UB) yter informasjonstenester av høg kvalitet for å støtte forsking, undervisning, formidling og vitskapleg publisering ved Universitetet i Bergen. UB gjev studentar og vitskapleg tilsette tilgang til kunnskapskjelder, og gjev undervisning og rettleiing i informasjonskompetanse. Vidare utviklar og driftar UB digital forskingsinfrastruktur, med særleg vekt på tenester som fremmar open vitskap. Les meir om UB her.

Ved Universitetsbiblioteket (UB) er det ledig ei midlertidig stilling som overingeniør for tiltreding snarast mogleg og for 1 år i 100% stilling. Stillinga er knytt til Språksamlingane ved Seksjon for spesialsamlingar og lyses ut for å styrkje arbeidet med oppgradering, digitalisering og georeferering av Språksamlinganes omfattande stadnamnarkiv.

Arbeidsoppgåver:

  • Hovudoppgåva er å arbeida med oppgradering og georeferering av Språksamlinganes samlingar, især transformasjon av dei digitale samlingar til ein moderne ressurs. Arbeidet vil omfatta digitalisering heile vegen frå papir til internett, men med hovudvekt på dei eksisterande digitale stadnamnsamlingar. Databasar, regneark og GIS vert brukt i arbeidsprosessane. Software som OpenRefine er òg tiltenkt brukt, i tillegg til dokument- og kortskanning.
  • Skanning av arkivmateriale.
  • Løpande oppgåver i samband med oppgradering av samlingar.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Høgare utdanning på masternivå innan namneforsking eller historisk geografi. Lang, relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan kompensere for manglande formell utdanning.
  • Dokumentert erfaring med namnegransking.
  • Kjennskap til GIS (Geografisk informasjonssystem), databasekjennskap (fx MS Access) og erfaring med OpenRefine er ønskelege kvalifikasjonar.
  • Skanningserfaring er ønskeleg.
  • Fleksibilitet i forhold til arbeidsoppgåver.
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.

Ved vurdering av søkjarane vil det bli lagt vekt på dei formelle og personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.

Vi tilbyr:

  • Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver i eit godt arbeidsmiljø.
  • Løn som overingeniør etter lønssteg 53 – 57 (kode 1087) i det statlege lønsregulativet. Dette utgjer for tida kr. 471 600 – kr. 504 300. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
  • Fleksibel arbeidstid
  • Medlemskap i Statens Pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Fagleg leiar for Språksamlingane Peder Gammeltoft, tlf. 55 58 21 95, e-post: peder.gammeltoft@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS