Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Overingeniør (mellombels) - Institutt for klinisk odontologi

Søknadsfrist: 07.04.2019

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Overingeniør (mellombels)

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Det medisinske fakultet, Institutt for klinisk odontologi, er det ledig ei 100 % mellombels stilling som overingeniør frå 01.05.19 til og med 31.10.19.

Prosjektet

Stillinga er knytt til nanotoksisitet testing (NANOTOX gruppa), og er finansiert av Norges Forskningsråd.

Institutt for klinisk odontologi er partnar i to EuroNanoMed II prosjekter, eit HORIZON2020 prosjekt og eit NFR NANO2021 prosjekt og deltar i:

i) utvikling av high-throughput impedanse-basert kartleggingsmetodar

ii) utvikling av ein mikro/nano-fluidic chip for å evaluere toksisiteten til nanomaterialar,

Arbeidsoppgåver:

  • mikrofluidisk-chips og ECIS-type impedans baserte metodar for å vurdere de biologiske effektane av nanopartiklar
  • produsering av mikro-nano-fluidic chips
  • fysikalsk-kjemisk karakterisering av nanomaterialer og nanopartikler (DLS, UV-vis spektrofotometri, transmission- og scanning electron microscopy)
  • cellekulturar
  • nanotoksisitet testing under statiske og biodynamiske forhold

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha PhD innanfor relevant fagområde
  • Søkjarar må ha god IT-kompetanse og god munnleg og skriftleg kunnskap i engelsk, kunnskap i norsk er ein føremon.
  • Søkjarar må beherske ein stor del av metodane som vert nytta i stillinga og elles ha dei nødvendige tekniske ferdighetene for å skaffe seg full teoretisk og teknisk forståing av nye metodar.
  • Erfaring innan fysikk/biofysikk, fysikalsk-kjemisk karakterisering av nanomaterialer og impedanse-basert metodar vert vektlagd.
  • Søkjarar må ikkje vere allergisk mot kjemikal som vert handtert med vanlege sikringstiltak.
  • Kjennskap til og røynsle frå universitetssystemet og offentleg forvaltning er ein føremon.
  • Den som blir tilsett i stillinga må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og målretta og ha gode samarbeidseigenskapar.

Vi tilbyr:

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • stilling som overingeniør (kode 1087) i lønssteg 53-57 (for tida 464 800 – 497 000). For særs kvalifisert søkjar kan høgare løn vurderast.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Førsteamanuensis Mihaela Roxana Cimpan, e-post: Mihaela.Cimpan@uib.no, tlf.: 55 58 62 63

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS