Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Overingeniør – vertebratsamlingane

Søknadsfrist: 20.12.2019

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Overingeniør – vertebratsamlingane

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen,

Møllendalsveien og Årstad.


Universitetsmuseet i Bergen – Les meir her

Det er ledig ei fast heiltidsstilling som overingeniør ved Avdeling for naturhistorie, Universitetsmuseet i Bergen. Avdeling for naturhistorie søker ein teknikar til våre vertebratsamlingar som omfattar fisk, amfibier, krypdyr, fuglar og pattedyr. Totalt inneheld desse virveldyrsamlingane 37400 grupper (ca. 200 000 eksemplar), i tillegg til historiske prøver, og fungerer som eit arkiv for internasjonale vitskaplege prosjekt og museum. Samlingane omfattar i hovudsak dyr og delar av dyr som er bevart i alkohol, samt tørka skinn, eggeskal av fugl, monterte utstoppa dyr og vevsprøver. Personen som vert tilsett vil hovudsakleg arbeide med ulike praktiske oppgåver relatert til samlingsforvalting i samarbeid med forskarar som er fagleg ansvarlege for virveldyrsamlingane.

Arbeidsoppgåver:

  • Preparering av virveldyreksemplar (både våt- og tørrpreparering)
  • Arbeid med databasar (Access og MUSIT som det norske nasjonale databasesystem for musea)
  • Utlån og utveksling av materiale etter lokale og globale reguleringar (for eksempel CITES)
  • Samlingsarbeid i felten, både på land og på sjøen
  • Kuratering av samlingseksemplar og administrasjon og styring av samlingsmagasin
  • Støtte administrasjon i systematisk HMS-arbeid ved avdelinga, som avdelingas HMSkoordinator (ca. 20% av arbeidstida)
  • Andre arbeidsoppgåver kan bli pålagt etter behov

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Søkjarar må ha:

  • Profesjonell opplæring og trening innan zoologi, til dømes som del av formell utdanning på universitetsnivå, eller som taksidermist. Omfattande relevant arbeidserfaring kan vege opp for evt. manglande formelle kvalifikasjonar
  • Erfaring frå arbeid med museumssamlingar vil vere ein føremon
  • Erfaring med, og interesse for, preparering av virveldyr til museumssamlingar
  • Brei interesse for virveldyrbiologi og taksonomi
  • Erfaring med databasearbeid og grunnleggjande kunnskap om standard programvare som MS Word, Excel og Outlook
  • Evne til å arbeide nøyaktig
  • Ei positiv haldning, og evne til å arbeide godt både aleine og i lag med andre
  • Praktisk sans og evne til å løyse praktiske oppgåver
  • Interesse for, og positiv haldning til, HMS-arbeid
  • Evne til god skriftleg og munnleg kommunikasjon på engelsk og eit skandinavisk språk (norsk, svensk eller dansk). Ikkje-skandinavar pliktar å lære seg norsk innan to år frå arbeidet startar
  • Ingen allergiar mot dyr eller kjemikaliar (for eksempel alkohol eller formalin) som vert brukt i virveldyrsamlingar.

Kjennskap til molekylære analysemetodar vil reknast som positivt. Ein inngåande kjennskap til spesifikke virveldyrgrupper vil vere positivt, dersom søkjaren også har interesse for, og evne til, å arbeide med andre grupper.

Vi tilbyr:

  • Varierte arbeidsoppgåver i eit profesjonelt og venleg arbeidsmiljø
  • Løn som overingeniør (kode 1087) etter lønssteg 53 - 56 i det statlege lønsregulativet. Dette utgjer for tida kr 472.000 – 496.100 før skatt. Høgare løn kan vurderast for særleg kvalifiserte søkjarar
  • Medlemskap i Statens pensjonskass
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Førsteamanuensis Nicolas Straube, Universitetsmuseet i Bergen, e-post: Nicolas@Straube@uib.no, telefon mobil: (+49) 1522 4586 057 eller
  • Førsteamanuensis Terje Lislevand, Universitetsmuseet i Bergen, e-post: Terje.Lislevand@uib.no, telefon mobil: (+47) 926 15 724

Den som vert tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS