Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Overingeniør - Klinisk institutt 2

Søknadsfrist: 15.12.2019

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Overingeniør

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 2, er det ledig ei fast stilling (100 %) som overingeniør.

Stillinga er knytt til Kjernefasiliteten for genomikk (Genomics Core Facility; GCF) og forskingsgruppa i medisinsk genetikk, som er lokaliserte i 6.etasje i Laboratoriebygget. GCF yter service innanfor global genekspresjonsanalyse og genomskala DNA-sekvensering med NGS-teknologi, og tilbyr hjelp til design av eksperimenta og grunnleggjande dataanalyse. Eininga gjennomfører regelbundne kurs og anna opplæring av brukarane. Forskingsgruppa i medisinsk genetikk er nært knytt til Avdeling for medisinsk genetikk ved Haukeland universitetssjukehus, og den faglege verksemda dreier seg i hovudsak om identifisering og funksjonell karakterisering av genetiske og genomiske årsaker til ulike sjukdomar med monogen eller kompleks arvegang.

Arbeidsoppgåver:

  • Den som vert tilsett vil ta del i planlegging og gjennomføring av både serviceoppdrag ved GCF og medisinsk-genetiske forskningsprosjekter, i samhandling med anna personell.
  • Den som vert tilsett vil få delansvar for vedlikehald av felles infrastruktur, etablering av nye labmetodar og opplæring av studenter. Stillinga set høge krav til å kunne arbeide både sjølvstendig og i team.

Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • søkjar må ha mastergrad innanfor molekylærbiologi, genteknologi eller liknande relevant disiplin, eller annan tilsvarande universitetsgrad. Lang relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i spesielle høve kompensere for manglande formell utdanning.
  • søkjar må ha omfattande og brei praksis frå laboratoriearbeid med molekylærbiologiske og genteknologiske metodar (til dømes celledyrking, reinsing av DNA og RNA, PCR, real-time PCR, DNA-sekvensering, western blotting, IH), og det er ein stor føremon med praktisk laberfaring frå djupsekvensering (til dømes RNA seq, eksomsekvensering eller helgenomsekvensering).
  • søkjar må ha gode språkkunnskapar og god evne til å kommunisere munnleg og skriftleg på både norsk og engelsk

Vi søkjer ein person som:

  • har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • kan arbeide både sjølvstendig og i team
  • er ansvarsmedviten og motivert, med entusiasme for servicearbeid og opplæringsoppgåver
  • har digital kompetanse og evne til å tileigne seg nye ferdigheiter

Ved vurdering av søkjaren vil vi leggje stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Stilling som overingeniør (kode 1087) i lønssteg 53 - 57 (for tida kr 472 000 - 504 700) i det statlege lønsregulativet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS