Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Overingeniør - invertebrat biosystematikk

Søknadsfrist: 25.11.2019

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Overingeniør - invertebrat biosystematikk

Universitetet i Bergen

Avdeling for naturhistorie ved Universitetmuseet I Bergen har ledig ei fast heiltids, eksternfinansiert stilling som overingeniør. Den som vert tilsett skal arbeide med ulike oppgåver i dei marine invertebratsamlingane, i hovudsak med eksternfinansierte prosjekt. Dei første åra vil særleg vere tileigna artkartlegging og DNA-strekkoding i prosjektet Hoppekreps i hyperbenthos (HYPCOP). Dette prosjektet er finansiert av Artsdatabanken, og er leia av Dr Tone Falkenhaug ved Havforskningsinstituttet, i samarbeid med museet og internasjonale partnarar. Forventa startdato i stillinga er 1. januar 2020 (kan forhandlas).

Arbeidsoppgåver:

Den som vert tilsett vil arbeide med innsamling og handsaming av prøver. Det vil seie sortering, identifikasjon, preparasjon, mikroskopi, DNA-arbeid, digital dokumentasjon og kommunikasjon. Hovudmål for HYPCOP er å undersøkje artsmangfald, utbreiing og økologi for hoppekreps i hyperbentiske habitat i Noreg. Ein vi lage DNA-strekkodar med metadata for 200 artar i opne databasar og undersøkje mogelege kryptiske artar i gruppa. Den som vert tilsett må være budd på å få tilsvarande ansvar for arbeid med andre organismegrupper eller andre tekniske oppgåver ved avdelinga etter at HYPCOP er avslutta.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må minst ha mastergrad (eller tilsvarande) i marin zoologi eller marin biologi
  • Søkjarar må ha erfaring med taksonomi/faunistikk for marine invertebratar, helst med små krepsdyr
  • Kjennskap til morfo-anatomiske teknikkar og preparering av mikroskopi-prøver
  • Erfaring med DNA-arbeid (ekstraksjon, amplifisering) og feltarbeid vil særleg vere føremon
  • Søkjarar må vere tilgjengeleg og viljug til å arbeide i felt og til å vitje andre museer eller relevante institusjonar for å studere vitskaplege samlingar
  • Søkjarar må ha evne til å arbeide sjølvstendig og i grupper

Vi tilbyr:

  • Eit godt og profesjonelt utfordrande arbeidsmiljø, moderne laboratoria med ulike forskingsaktivitetar, omfangsrike samlingar
  • Stilling som Overingeniør (kode 1087) etter lønssteg 53 - 56 i det statlege lønsregulativet. Dette utgjer for tida kr 472 000 - 496 100 før skatt. Høgare løn kan vurderast for særleg kvalifiserte søkjarar
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Avdelingsstyrar Aino Hosia (Aino. Hosia@uib.no), tel +47 924 67 311 (https://www.uib.no/en/persons/Aino.Hosia)

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Den som vert tilsett må rette seg etter dei instruksar som til kvar tid gjeld for stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Søknaden må innehalde:

  • Søknadsbrev (maksimum 1 side) med motivasjon for stillinga.
  • A Curriculum Vitae (maksimum 2 sider) med personalia, kvalifikasjonar og arbeidserfaring med liste over eventuelle publikasjonar
  • Namn og kontaktinformasjon til to referansepersonar
  • Gokjente kopier av vitnemål for akademisk utdanning
  • Relevante sertifikat og referansar
  • PDF av ev. avhandling og relevante vitskapelige publikasjonar (opptil 5)

Søknad med vedlegg og attesterte oversetjingar til engelsk eller skandinavisk skal lastast opp elektronisk til Jobbnorge.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS