Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Overingeniør - Institutt for fysikk og teknologi

Søknadsfrist: 15.09.2019

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Overingeniør

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Institutt for fysikk og teknologi er det ledig ei stilling som overingeniør i Space Plasma Physics Gruppa (SPPG), med oppstart så snart som mogleg. Stillinga er finansiert av eksterne midlar. Det fyste året av stillinga er finansiert av det ESA-finansierte senteret G-ESC, med moglegheit for forlenging.

Arbeidsoppgåver

SPPG driv med verdsleiande romforsking og romvêrsprosjekt. Innan romvêr har gruppa fått ein ny kontrakt for å utvikle og leie eit senter som heiter Geomagnetic Expert Service Centre (G-ESC) i samarbeid med ei rekke institutt i fleire europeiske land. Prosjektet er finansiert av den europeiske romfartsorganisasjonen ESA.

Overingeniøren vil gå inn i eit team av vitskapleg tilsette og ingeniørar som arbeider med utvikling, bygging, testing og kvalifisering av romvêrsprodukt. Det er difor stilt svært strenge krav til dokumentasjon i dette prosjektet. Prosjektet skjer i nært samarbeid med partnarar i Danmark, Finland, Sverige, Tyskland, Belgia, England og Spania. Den som vert tilsett må difor rekne med ein del reising i samband med prosjektmøter og testkampanjar.

Overingeniøren vil få ansvar for fylgjande områder knytt til G-ESC: kvalitetskontroll (PA & QA), overvåking av underkontrakter, økonomistyring, konfigurasjonskontroll og dokumentkontroll.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Du må ha høgare utdanning, sivilingeniøreksamen / universitetseksamen (cand.scient./ master). Lang og relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning.
  • Inngåande kjennskap til ECSS-standardar: https://ecss.nl/ er eit krav
  • Erfaring med kvalitetskontroll (PA & QA) for ESA satellittprosjekt er eit krav
  • Erfaring med konfigurasjons- og dokumentkontroll for ESA satellittprosjekt er eit krav
  • Den som vert tilsett må også kunne jobbe ryddig, sjølvstendig og strukturert
  • Gode engelskkunnskapar, både skriftleg og munnleg, er ein føresetnad for stillinga
  • Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil bli vektlagt
  • Det vil bli lagt vekt på moglegheit for snarleg oppstart

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Stilling som overingeniør (kode 1087) i lønssteg 53 -60 (for tida kr 472 000 - 532 300) i det statlege lønsregulativet
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: professor Michael Hesse ved Institutt for fysikk og teknologi (michael.hesse@uib.no, telef.: 55584658).

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS