Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Konservator - Universitetsbiblioteket (UB)

Søknadsfrist: 09.06.2019

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Om stillinga:

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Universitetsbiblioteket (UB) yter informasjonstenester av høg kvalitet for å støtte forsking, undervisning, formidling og vitskapleg publisering ved Universitetet i Bergen. UB gjev studentar og vitskapleg tilsette tilgang til kunnskapskjelder, og gjev undervisning og rettleiing i informasjonskompetanse. Vidare utviklar og driftar UB digital forskingsinfrastruktur, med særleg vekt på tenester som fremmar open vitskap. Les meir om Universitetsbiblioteket her.

Ved Universitetsbiblioteket (UB) er det ledig ei fast 100 % stilling som konservator/teknisk konservator (overingeniør 1087). Stillinga er for tida knytt til Seksjon for Spesialsamlingar, og den tilsette vil arbeide med oppgåver knytt til universitetets «Prosjekt Sikre samlinger». Seksjonen forvaltar og formidlar kulturhistorisk viktige samlingar som fotografi, antikvariske bøker, manuskript- og arkiv, avissamlingar og kart. Ei av samlingane står på UNESCOs Memory of the World liste, fleire andre er del av Norges dokumentarv.

Arbeidsoppgåver:

  • Bidra til kartlegging av museale samlingar
  • Vurdere behov for enklare konservering, pakking og sikringsdigitalisering av enkeltobjekt
  • Delta i arbeidet med UBs fast tilsette og prosjektmedarbeidar med følgjande oppgåver knytt til organisering, pakking og flytting av ei stor museal samling av fotografi og andre materialtypar:
    • Registrering
    • Dokumentasjon
    • Fotografering
    • Enklare konservering
    • Pakking og utflytting frå eldre magasin
    • Vurdering av klimatiske forhold i nye magasinareal
    • Innflytting og organisering i nytt magasin
  • Ytterlegare arbeidsoppgåver kan bli pålagt i tråd med utvikling og behov

Prosjektet er omfattande og arbeidsoppgåvene varierte. Etter prosjektslutt vil den tilsette gå inn i drifts- og utviklingsoppgåver ved seksjonen.

Til tider vil arbeidet vere fysisk og tidsmessig krevjande, og søkjarar må ikkje vere overfølsame for kjemikaliar og/eller støv.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Godkjend konservatorutdanning med spesialisering i fotografi, alternativt bok- eller papirkonservering
  • Solid praktisk erfaring
  • Må ha praktisk erfaring frå flytting/ombygging, gjerne frå bibliotek-, arkiv-, eller museumssektoren
  • Må ha god evne til å planlegge og høg grad av gjennomføringsevne
  • Høg arbeidskapasitet
  • Strukturert, fleksibel, service- og resultatorientert
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Positiv, initiativrik og med evne til å kunne arbeide sjølvstendig og som del av eit fleirfaglig team
  • God munnleg og skriftleg formuleringsevne på norsk (eller skandinaviske språk) og engelsk

Ved vurdering av søkjarane vil det bli lagt stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer
  • Spennande og motiverande kontakt med fagmiljø ved UiB
  • Løn som overingeniør etter lønssteg 53 - 57 (kode 1087) i det statlege lønsregulativet. Dette utgjer for tida kr. 464 400 – 496 600. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
  • Fleksibel arbeidstid
  • Medlemskap i Statens Pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å venda seg til:

  • Fagleg leiar Marthe Tolnes Fjellestad, tlf. 55588813 eller
  • Seksjonsleiar Bjørn-Arvid Bagge tlf. 98853148 / 55582572

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS