Stilling:

Konservatorar / samlingsmedarbeidarar

Søknadsfrist 22.02.2019

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen,

Møllendalsveien og Årstad.


Universitetsmuseet i Bergen – Les meir her

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Konservator/samlingsmearbeidarar

Ved Universitetsmuseet i Bergen, Avdeling for kulturhistorie, er det frå 1. april 2019 (eller etter avtale) ledig 2 vikariat for konservatorar/samlingsmedarbeidarar med konserverings- og samlingskompetanse for kulturhistorisk materiale.

Vikariata er kvar på 6 månader (kan bli forlenga). Universitetsmuseet i Bergen har store samlingar av kulturhistoriske gjenstandar i utstillingar og i ulike magasin. I forbindelse med etableringa av eit nytt arkeologisk magasin, samt oppgradering av allereie eksisterande magasin er det sett i gang eit prosjekt knytt til flytting av museets kulturhistoriske samlingar. Vikariata er knytte til dette prosjektet som er lagt til Seksjon for samlingsforvalting og konservering ved Avdeling for kulturhistorie. Seksjonen har ansvar for forvaltning, bevaring, konservering og dokumentasjon av museets samlingar til forskings- og formidlingsføremål og har 20 faste tilsette med arbeidsoppgåver tilknytt arkiv, foto, samlingsforvaltning og konservering.

Arbeidsoppgåver:

Arbeidsoppgåvene i prosjektet vil omfatte registrering i databasar, lettare reingjering, tilstandsvurdering, merking, sikring, nedpakking, fotografering, sanering (frysing), oppakking, plassering, organisering samt innplassering i nye magasin. Prosjektet er omfattande og arbeidsoppgåvene varierte. Til tider vil det vere eit fysisk krevjande arbeid og tidvis monotont, og i periodar vil det bli hektiske dagar når ein arbeidar opp mot fristar. Museet treng medarbeidarar med høg arbeidskapasitet og forståing av logistikk, og som kan arbeide som del av eit team og bidra til prosjektets faglege utvikling og gjennomføring.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Godkjent konserveringsutdanning (minimum Bachelor-nivå) innan arkeologisk eller kulturhistorisk materiale, eller godkjent utdanning innan andre relevante kulturhistoriske fag (minimum Bachelor-nivå). Solid gjenstandskunnskap og forståing samt erfaring frå liknande prosjekter kan erstatte dei fagspesifikke krava.
  • Erfaring med handtering og registrering av museumsgjenstandar og samlingar
  • God generell IT-kompetanse
  • Erfaring med universitetas felles databasesystem (UNIMUS) eller tilsvarande databasar
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på eit skandinavisk språk (norsk, svensk eller dansk).
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Vere fleksibel, systematisk, strukturert og nøyaktig
  • Evne til å tenkje og arbeide kreativt og breitt
  • Positiv, initiativrik og målretta
  • Kunne arbeide som del av eit team, men og sjølvstendig
  • Trivast i eit hektisk arbeidsmiljø med fysisk arbeide.
  • Dei som vert tilsett kan ikkje vere allergisk mot støv eller kjemikaliar i ein slik grad at det vil påverke arbeidet. Erfaring med tilsvarande prosjekt, samt kunnskap og forståing av systematisk HMS-arbeid er ein føremon.

Det er vesentleg at dei som vert tilsette er eigna for stillingane, og personlege eigenskapar vil verte tillagt stor vekt.

Førarkort for personbil (klasse B) er ei føremon.

Vi tilbyr:

  • Deltaking i eit spennande og relevant flytteprosjekt
  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø med varierte arbeidsoppgåver
  • Gode og engasjerte kollegaer
  • Stilling som avdelingsingeniør (kode 1085, LR 22) i lønssteg 47 - 53, for tida kr 416.600 - 459.100 i det statlege lønsregulativet For særleg godt kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn verte vurdert.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Camilla C. Nordby, leiar av Seksjon for samlingsforvaltning og konservering, E-post: camilla.nordby@uib.no, tlf: (+47) 55 58 61 68, Mob: (+47) 97 65 96 32 eller
  • Asbjørn Engevik, leiar av Avdeling for Kulturhistorie, E-post: asbjorn.engevik@uib.no, tlf (+47) 55 58 31 24, Mob:(+47) 92 02 37 11,

Universitetsmuseet i Bergen, Universitetet i Bergen.

Søknad: Send søknad elektronisk via lenkja «Søk stillinga» på denne sida

Søknaden skal innehalde:

  • Søknadsbrev der du seier noko om din motivasjon for stillinga, kvifor du søkjer og kvifor du passar til stillinga
  • Oversikt over utdanning, arbeidserfaring og publikasjonar (CV)
  • Attersterte kopiar av vitnemål og relevante attestar
  • To referansar (namn og kontaktinformasjon)

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS