Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Gruppeleder vitskapeleg databehandling

Søknadsfrist: 26.09.2019

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Gruppeleder vitskapeleg databehandling

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen. Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om IT-avdelinga her.

Vil du være med på å vidareutvikle vitskaplege rekningsressursar?

Ved IT-avdelinga, Faggruppe for vitskapeleg databehandling, er det ledig ei fast stilling som gruppeleder - senioringeniør knytt utvikling og drift av tungrekning og andre rekneressursar. Gruppa utviklar, driftar og forvaltar IT-teneste innretta mot forsking med spesielt fokus på nasjonal e-infrastruktur gjennom Sigma 2 samarbeidet.

IT-avdelinga sitt oppdrag er å levere gode IT-tenester og bidra til at UiB når sine mål. Vi leverer eit breitt spekter av IT-tenester innan utvikling, drift, forvaltning og brukarstøtte. IT-avdelinga har om lag 110 tilsette, i tillegg til lærlingar og deltidstilsette studentar. IT-avdelinga legg vekt på kontinuerleg forbetring med Lean-metodikk og nyttar ITIL-rammeverket for organisering av tenesteleveransar. Vi arbeider i stadig større grad i prosjekt og har tatt i bruk standard metodikk for dette.

Arbeidsoppgåver:

  • Fagleg ansvar for utvikling, drift og forvaltning av e-infrastruktur og teneste direkte retta inn mot forsking
  • Gruppeleiing/arbeidsleiing/personaloppfølging for ei gruppe medarbeidarar innan drift av e-infrastruktur
  • Deltaking i nasjonalt og noko internasjonalt samarbeid innan IT-teneste til forsking
  • Delta i leiargruppa i seksjonen
  • Kundekontakt i samband med tenester gruppa leverer
  • Leiing av teknisk sakshandsaming
  • Aktiv operativ deltaking i arbeidet i gruppa
  • Budsjett og økonomioppfølging i samband med e-infrastruktur

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Kunnskap om korleis informasjonsteknologi og e-infrastruktur kan nyttast til forsking
  • Forståing av korleis informasjonsteknologi og e-infrastruktur kan nyttast som ein strategisk ressurs for realisering av mål knytt til forsking
  • Interesse for brukarinteraksjon
  • Du likar å jobbe med ny teknologi
  • Du er sjølvstendig, strukturert og kan arbeida i team
  • Du er nysgjerrig, opptatt av å finna gode løysingar og har god arbeidskapasitet
  • Gode kommunikasjonsevner (munnleg/skriftleg på norsk og engelsk)
  • Kjennskap til UH-sektoren
  • Kompetanse på drift av tungrekneressursar
  • Kjennskap til programmering og scripting

Vi vil leggje spesiell vekt på personlege eigenskapar som gjer søkjarane skikka til stillinga.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Ein kunnskapsrik og engasjert organisasjon med deltaking i mange spennande aktivitetar og brei kontakt med brukarane ved universitetet.
  • Senioringeniør (kode 1181) etter kvalifikasjonar, 70-79 (for tida kr 640 200 – 789 200) i det statlege lønsregulativet. For spesielt kvalifiserte søkare, kan det verte aktuelt med høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Fleksitid og gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Seksjonsleiar Jan Kristian Walde Johnsen (jan.johnsen@uib.no, mobil 917 15 378)

Dei som blir tilsett kan få andre arbeidsoppgåver innan avdelinga sine arbeidsområde Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Det gjennomføres forsøk med anonyme søknader i staten. Anonymiseringen av søknader skal gjelde den første utsilingsfasen av aktuelle kandidater som er aktuelle for intervju. Forsøket evalueres av Difi, som behandler anonyme opplysninger om ansettelsesprosessen og det blir utarbeidet en statistikk over resultatet av forsøket.

Opplysninger om enkeltpersoner vil ikke bli utlevert til andre i forbindelse med forsøket og evalueringen, men reglene om innsyn i offentlig søkerliste og utvidet søkerliste gjelder.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS