Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Driftsleder (Universitetsmuseet)

Søknadsfrist: 11.06.2019

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Driftsleiar

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen,

Møllendalsveien og Årstad.


Universitetsmuseet i Bergen – Les meir her

Universitetsmuseet i Bergen har forsking og formidling som kjerneoppgåver, saman med innsamling, dokumentasjon og vern. Museet har fagfelta antropologi, arkeologi, kunst- og kulturhistorie, botanikk, geologi og zoologi. Til museet ligg og ansvaret for to botaniske hagar. Universitetsmuseet har omfattande vitskaplege samlingar og er eit nasjonalt formidlingssentrum. Museet har om lag 120 årsverk. Nærare informasjon om museet finn ein her: http://www.uib.no/universitetsmuseet. Ved Fornminneseksjonen, Avdeling for kulturhistorie, Universitetsmuseet, Universitetet i Bergen, er det frå oktober 2019 ledig ei 10 månaders prosjektstilling som arkeolog. Stillinga kan verte forlenga. Stillinga er eksternt finansiert (prosjektmidlar) og knytt til den lovpålagde utgravingsverksemda ved Universitetsmuseet i Bergen. Fornminneseksjonen har ansvaret for forvaltningsinitierte arkeologiske undersøkingar innanfor Universitetsmuseet i Bergen sitt distrikt (Hordaland, Sogn og Fjordane og Sunnmøre). I tillegg er seksjonen delegert ansvar for forvaltninga av bergkunstlokalitetar innanfor sitt forvaltningsområde. Seksjonen er elles rådgjevar for Riksantikvaren, fylkeskommunane, Sametinget og andre samarbeidspartnarar.

Driftsleiaren vil fungere som feltleiar med særleg ansvar for funnhandsaming under gjennomføringa av arkeologiske steinaldergranskingar knytt til prosjekt Håkonshellaveien, Bergen, Hordaland. Stillinga er knytt til utgraving og dokumentasjon av ein funnrik basisbuplass datert til overgangen mellom eldre og tidleg yngre steinalder (SM, TN og MNA). Det er ved registreringa påvist ein kompleks stratigrafi med bevarte kulturlag. Ein kan forvente å avdekke bevarte strukturar i form av eldstadar og bustadkonstruksjonar og ei stor mengde med littiske funn. Prosjektet vil kunne bidra med ny kunnskap om overgangen mellom eldre og yngre steinalder på Vestlandet, og dei lokale og overregionale nettverka som vaks fram i denne perioden. Undersøkinga av lokaliteten vil strekke seg over 13 veker fordelt på to periodar, ein seinhausten 2019 og ein vinteren 2020. Feltleiarens engasjement går ut hausten 2020, mens sjølve prosjektet skal avsluttast med ein ferdig rapport i løpet av våren 2021. Stillinga er fagleg og administrativt underordna prosjektansvarleg og prosjektleiar, og feltleiar rapporterer til desse i felt og ved etterarbeid.

Arbeidsoppgåver:

I felt skal driftsleiaren støtte prosjektleiar i dagleg oppfølging av utgraving, dokumentasjon og funnhandsaming. Etterarbeidet omfattar katalogisering av funn, handsaming av funn og prøvemateriale, innlegging i nasjonale databaser (MUSIT), lagkorrelering og matriser og tilrettelegging for analyser av datamaterialet. I tillegg vil det måtte påreknast ulike oppgåver knytt til formidling slik som omvising i felt, innlegg på nett og i sosiale media.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Søkjarane må ha:

  • Mastergrad eller tilsvarande kompetanse i arkeologi
  • Elementære IT-kunnskapar
  • Feltkompetanse innanfor steinalder

Det vert særleg lagt vekt på:

  • Erfaring frå katalogisering av steinalderfunn
  • Erfaring frå digital funnkatalogisering (MUSIT - funndatabasen)
  • Erfaring frå steinalderundersøkingar med kulturlag og strukturar
  • God formuleringsevne, munnleg og skriftleg, i norsk eller anna skandinavisk språk

Det er vidare ønskjeleg at søkjarane har:

  • God kjennskap til vestnorsk littisk materiale
  • Erfaring frå bruk av gravemaskin i avdekking av kulturlag og strukturar
  • Erfaring frå leiing og rapportering av steinaldersundersøkingar
  • Kompetanse innan digital feltdokumentasjon
  • Erfaring med formidlingsarbeid
  • Førarkort for bil

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Stilling som driftsleiar (kode 0400) i lønssteg 49 - 55 etter kvalifikasjonar (for tida kr 435.500 - 480.600) i det statlege lønsregulativet. For særleg godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Fornminneseksjonen, Universitetsmuseet i Bergen, v/seksjonssjef Morten Ramstad, tlf. 40 61 00 70, e-post Morten.Ramstad@uib.no

Stillinga vert lyst ut med atterhald om kontraktgodkjenning av prosjektet.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Den som blir tilsett må rette seg etter dei retningslinjer som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Søknad og CV skal sendast elektronisk via link på denne sida «Søk stillingen» til Universitetet i Bergen. Kopi av vitnemål og attestar skal berre sendast dersom søkjaren får melding om det.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk stillingen

Powered by Labrador CMS