Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Senterleiar ved Senter for kvinne- og kjønnsforsking

Søknadsfrist: 16.12.2019

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Om stillinga

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Senter for kvinne- og kjønnsforsking (SKOK) er det ledig ei åremålsstilling som senterleiar. Åremålsperioden er fire år, med høve til å søkje om forlenging i inntil ein ny periode. Ved utløpet av åremålsperioden skal stillinga kunngjerast offentleg.

Senterleiar har det faglege og administrative ansvaret for senteret, leiar stabsmøta og rapporterer til dekanen ved Det humanistiske fakultet. Senterleiar deltek også i den rådgjevande leiargruppa ved Det humanistiske fakultet saman med dekanat og fakultetsdirektør.

Om senteret

SKOK er eit tverrfakultært og tverrfagleg forskings- og undervisningssenter med 2 professor/leiar, 1,5 faste førstestillingar, og for tida 1 postdoktorstilling og 4 ph.d.-stipendiatar, samt ein administrativ stab som er felles med Senter for vitskapsteori. SKOK har det faglege ansvaret for eit bachelorprogram i kjønnsstudier og eit årsstudium i kjønn, seksualitet og mangfald, og er i tillegg i gang med å utvikle eit EVU-kurs i kjønn, likestilling og mangfald. SKOK tilbyr i tillegg ph.d.-kurs både i eigen regi og i regi av den nasjonale forskarskulen i kjønnsforsking.

SKOK har eit breitt mandat og skal tene heile Universitetet i Bergen ved å initiere, koordinere og gjennomføre forsking og undervisning med kjønns- og seksualitetsperspektiv. I tillegg til undervisningsoppgåver på lågare og høgare grad er det ein viktig del av den faglege verksemda å arrangere opne seminar som er relevante både for interne forskarar, for det større universitetssamfunnet og for omverda.

SKOK er eit forskingsmiljø med spisskompetanse på teori innanfor det tverrfaglege kjønns- og seksualitetsforskingsfeltet, i tillegg til forskingsprosjekt som har eit meir empirisk fokus. Den som vert tilsett skal bidra i den vidare oppbygginga av teorikompetansen i forskingsmiljøet.

Arbeidsoppgåver:

Senterleiar har det faglege og administrative ansvaret for senteret, leiar stabsmøta og rapporterer til dekanen ved Det humanistiske fakultet. Stillinga gir rom for å kombinere fagleg leiarskap med eiga forskingsverksemd tilsvarande ei ordinær vitskapleg stilling.

Arbeidsoppgåver og ansvar

  • Fagleg og strategisk leiaransvar for arbeidet ved senteret, for samarbeidet med dei ulike fakulteta ved Universitetet i Bergen, og med nasjonale og internasjonale fagmiljø. Dette inkluderer òg strategisk arbeid for fagområdet på nasjonalt og internasjonalt plan.
  • Forsking og prosjektinitiering innan kjønns- og seksualitetsforsking.
  • Overordna fagleg ansvar for undervisning, forsking og formidling ved senteret.
  • Overordna ansvar for personale, ressursbruk, samt undervisnings- og forskingsmessige resultat ved senteret.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

Den som vert tilsett skal vere ein profilert forskar med god kjennskap til kjønns- og seksualitetsforsking med professorkompetanse eller bli tilkjent slik kompetanse gjennom søknadsprosessen. Leiaren bør ha brei erfaring med tverrfaglig arbeid. Vi søkjer etter ein senterleiar som kan vidareutvikle den faglege verksemda ved SKOK, som har gode evner til å kommunisere, motivere og utøve leiarskap, og som raskt kan byggje opp gode relasjonar til dei tilsette ved senteret og til andre fagmiljø.

SKOK har ein klar internasjonal profil og ønskjer å styrke denne. Det er difor ønskjeleg at den som vert tilsett har ei internasjonal orientering.

Aktuelle søkjarar må kunne dokumentere:

  • kjønns- og seksualitetsforsking som sentral del av forskingsprofilen
  • kompetanse i å utøve fagleg og administrativt leiarskap
  • erfaring frå å vinne frem i konkurransen om eksternt finansierte forskingsprosjekt, medrekna søknadsarbeid og rekruttering av yngre forskarar
  • brei undervisnings- og rettleiingskompetanse
  • spisskompetanse på minst eitt sentralt område i kjønns- og seksualitetsforsking

Berre søkjarar som kan dokumentere kompetanse i den typen fagleg verksemd som stillinga krev og som er aktuelle kandidatar til jobben, vil få professorkompetansen vurdert.

Den som vert tilsett, må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

Undervisning- og administrasjonsspråket er til vanleg norsk. Den som blir tilsett må kunne bruke norsk eller eit skandinavisk språk frå tilsetjingstidspunktet.

Vi tilbyr:

  • Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver i eit godt arbeidsmiljø
  • Stilling som senterleiar stillingskode 1475 i lønssteg 83–87 (for tida kr 882 700–991 800) i det statlege lønsregulativet. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan det vurderast høgare løn.
  • Fleksibel arbeidstid
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Nærare opplysningar om Senter for kvinne- og kjønnsforsking kan ein finne på senteret si heimeside: http://www.uib.no/skok.

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Dekan Jørgen Magnus Sejersted, tlf. 55 58 29 75, e-post jorgen.sejersted@uib.no, eller
  • Fakultetsdirektør Kim Ove Hommen, tlf. 55 58 93 41, e-post kim.hommen@uib.no

Alle spørsmål vil bli behandla konfidensielt.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Tilsetjinga krev at ein har sin daglege arbeidsplass ved Universitetet i Bergen og rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søknad skal sendast elektronisk via lenkje på denne sida: ”SØK PÅ JOBBEN”. Dette må følgja den elektroniske søknaden:

  • søknadsbrev
  • skanna versjon av originale eller stadfesta kopiar av alle vitnemål frå universitet/høgskule
  • fullstendig publikasjonsliste
  • namn og kontaktinformasjon for tre referansepersonar
  • dokumentasjon av pedagogisk innsats og kvalifikasjonar

Vedlegga kan vere i Word- eller pdf-format.

Maksimal lagringsplass for vedlegg er 20 MB. Det vert anbefalt å legge lenkje til filer/nettstader/publikasjonar i eit dokument i Word eller pdf og så leggje dette som vedlegg.

Vitskaplege arbeid som ikkje er tilgjengelig i elektronisk form, skal sendast i tre eksemplar til Senter for kvinne- og kjønnsforsking, Universitet i Bergen, postboks 7805, 5020 Bergen.

Aktuelle kandidatar vert innkalla til intervju.

SØK PÅ JOBBEN

Powered by Labrador CMS